Browsing Category

Sjukdom

Sjukdom

Det tek ikkje livet av meg, men det tek livet frå meg.

1. april 2016

Videoklippet er fra i sommar på ein biltur med Øyvind.
Eg hadde ligget i vekesvis og skulle endeleg komme meg ut av senga litt,
men eg hadde mange anfall på køyreturen. Eg vaknar ganske fort i videoen,
etter eit lengre anfall der eg har spent alle musklar alt eg klarar. 
Det ser kanskje enkelt ut når han bøyer ut fingrane mine, men han må ta i ganske mykje,
og «brekke» dei opp – og det gjer veldig vondt. Om eg er aleine og ingen kan gjere
det for meg so må eg ofte vente ganske lenge før eg kan klare å strekke ut fingrer/armer/bein sjølv.
Og kanskje akkurat når eg endeleg har fått det til og kan røre på meg, so vaknar eg på nytt og har hatt
eit nytt anfall. Det skjer alt for ofte.

Det har vore ei lang og tøff veke.

I forgårs hadde eg 13 anfall på dagen, og 8 på natta.
I går hadde eg ingen på dagen, men eg hadde 15 anfall i natt.
I dag har eg hatt 7 anfall so langt..

Anfalla varierer veldig i lengde og intensitet.
Nokre gongar kan eg reise meg opp med ein gong og
halde fram med det eg dreiv med, mens andre gongar
kan eg ikkje bevege meg pga. musklar & ledd som er
heilt spent og låst.

Eg kan tippe over på sida i sofaen,
falle saman i dusjen,
eg kan lande hardt som å treffe eit bord
eller ein skarp kant.
Eller som i stad då eg vakna i heisen. Ho som bur
2 etg. over meg hadde trykka på knappen og opp kom
heisen med meg inni..

Anfalla er ille, men det er ikkje «berre» anfall
eg er plaga med.

Det som er verst er den konstante følelsen av å være heilt
øydelagd i kroppen, og totalt utslitt. Det er den intense kvalmen,
migrenen som henger som eit svart, pulserende slør over ansiktet.
Det er smertene rundt i heile kroppen som dunkar, stikk, brenn og svir.
Det er mangelen på søvn som gjer at du ikkje har eit fnugg av energi til overs.
Det er all verkinga, og kjensla av gangsperr i heile kroppen.
Det er alle rare ting som oppstår her og der som utslett, hevelsar og
akutte smerter.

Det er det eg har skrive/sagt før at det er ikkje ein sjukdom der ein
veit kva ein har i vente den neste timen, eller dagen..
Det er alltid noko nytt.
Bakteriene herjar rundt i kroppen i blodet mitt, i nervesystemet og
lagar helvete.

Brått får eg intens tannpine, eller ekstreme smerter i halve fingeren.
Det er so mykje rart som kjem og går.
Brått kan eg falle ned ei tråpp og slå meg forderva og situasjonen er forverra x 10..
Ingen dagar er like.

Det einaste som er likt kvar dag er skuffelsen.
Skuffelsen over at eg alltid er dårleg på ein eller anna måte.

Det finnes mange ordtak om at so lenge ein er positiv og smiler til
livet, so smiler livet til deg osv.
Det hjelp ikkje kor positiv, sterk eller flink eg er –
helsa mi er og forblir dårleg.

Det hjelp ikkje om eg gjev opp,
helsa er like dårleg.

Eg griner stort sett kvar dag,
og i dag har det vore alt for mykje tårer.
Det gjev meg endå meir hovudpine, so eg prøvar
so godt eg kan å halde att tårane no.

Eg orkar ikkje meir,
men livet held fram,
og held fram
og held fram..

———————————–

Eg las ein artikkel i Aftenposten som Øyvind sendte meg.
Du kan lese den her.

Her er eit avsnitt:

Én sak er akutt eller uhelbredelig, dødelig sykdom.
En annen ting er å være kronisk syk i år etter år, tiår etter tiår.
Ikke til å dø av, men til å prøve å leve med.

Det minner meg om noe BI-forsker Espen Andersen skrev i en kronikk i Aftenposten 8. februar,
og da gjaldt det kronisk utmattelsessyndrom: Det «tar ikke livet av deg, men tar livet fra deg».

Den siste setninga der er så sann.
Det tek livet frå deg.

Eg trur at det å ha god helse er nøkkelen til  å kunne få eit godt liv.
Først då kan du leve, og først då kan du realisere draumene dine.

Ofte ser ein ikkje verdien i god helse før ein mister den,
eller blir ramma av ein sjukdom.

Om du les det her,
og du har ein kropp som fungerar og som ikkje står i vegen for deg og livet ditt –
so bør du vere takksam og glad. Har du god helse so er du RIK,
det er meir verdt enn noko anna.

Hud, Hår og Skjønnhet. Sjukdom

EG SKAL UNDER KNIVEN

16. mars 2016

429015
..bildet er funnet på google.

Eg hadde eigentleg ikkje tenkt å dele dette med dykk.

Eg vegrar meg for å seie det til andre, og eg skjemst..
Når eg føler det slik, så tenkjer eg at då MÅ eg dele dette med ALLE.

Eg har alltid hatt kompleks for brysta mine.
Dei er ikkje like.
Det er stor forskjellpå størrelsane frå venstre til høgre bryst.

Eg tenkte lenge at eg kom til å vekse det av meg, altso at eg ikkje ville
bry meg om det når eg blei eldre. I tillegg har det jo feila meg so mykje anna
so det har ikkje vært mi viktigaste prioritering akkurat.

Men i forfjor nemnde eg det til fastlegen min.
Det var godt då han var einig i at det var ein betydeleg
forskjell, og eg blei henvist til Plastikkirurgisk avd. på Haukeland.

Eg var på konsultasjon i fjor vår, og eg blei satt på venteliste.

Endeleg, eit år seinare fekk eg brevet –
og eg skal operere grytidleg på morgonen den 30.mai!

Valet mitt er ikkje å gjere det minste
brystet større, men heller å ta frå det største.
Eg vil ikkje ha silikon.

Eg er absolutt ikkje oppteken av å få store bryst,
eg vil berre at dei skal bli meir like i størrelse.
At dei skal passe i ein bh.

Det er nemleg eit dagleg problem.

Kompleksa er jo ein ting, men det som er mest
vanskeleg er å finne ein bh som passar.
Det går jo ikkje!! Det hjelper ikkje med innlegg i bhen,
og figurnære overdelar er ikkje noko kjekt å bruke.
Det å skulle kjøpe undertøy er berre frustrerande og slitsamt.

Det er jo vanleg at ein har forskjellige bryst, det er svært sjeldan at
dei er heilt like. Eg las at 44% av kvinner har eit bryst som er større og eit bryst
som er mindre. Når ein i tillegg tar med at størrelsane på brystvortene varierar,
og at forma på kvart bryst kan være ulik, då har 88% av kvinner to
forskjellige bryst.

Det skulle nesten gått an å kjøpe bh med ulik cup-størrelse!!
Men for dei som har ein halv eller ein liten størrelse forskjell, so går det an å
ordne med eit innlegg på eine sida og det er til å leve med, det vil som oftast ikkje
være nok til å få dekka ein operasjon.
Men skulle du ha stor forskjell som faktisk er merkbar og synleg,
då kan du gå til fastlegen din og sjå om du blir henvist vidare..

Eg meiner ikkje at ein bør gjere det om ein har stor forskjell,
om du har det og du syns det går heilt fint so er jo det kjempebra!
Men det er greit å vite for dei som har kompleks og som aldri
finn undertøy/bikini som sitter.. at det faktisk er hjelp å få.

Det er ikkje noko eg synst er kjekt å dele,
eller har lyst at alle skal vite.. men eg tenkjer at det er desto
meir viktig å dele av den grunn. Det burde ikkje være noko eg
skulle skamme meg over. Det er berre slik eg er skapt.

Eg veit at eg vil få fleire arr,
men det er ikkje så viktig..

2x1mwXnH1002483443-11-1316116539755

Eg gledar meg til å kunne kjøpe undertøy i framtida
som passar, og til å kunne gå  i sommarklede / badetøy
utan å måtte tenkje på dette.

Og det blir digg å ha på seg ein bh som støtter opp og
held begge brysta på plass!! ;)

——————————————————————————-

Etter operasjonen må eg gå med sports-bh dag/natt i 1 månad,
deretter på dagtid i 2 månedar til – og stripse i 3 månedar til saman.
Ikkje kan eg løfte tungt eller anstrenge meg so mykje heller i
ca. 6-8 veker etter inngrepet.

Eg er litt uroleg for at eg skal få mykje anfall etter operasjonen.
Eg spenner jo alle musklar og skyter rygg,
og strekker kroppen alt eg har i alle retningar,
faller og skadar meg ++

Etter forrige operasjon då eg operete inn ei brikke i
brystkassa so blødde det meir etter anfall, fordi eg strakk meg/rykka sånn.
Eller at eg slo knyttneven inn i såret om att og om att under anfallet.
Det er mykje å tenkje på..

I tillegg har eg jo Lucy som eg skal ta meg av, men å gå tur er jo berre
fint å gjere – eg må berre passe på å ikkje styre for masse.
Lettare sagt enn gjort! ;)

Det står i papira at ein må ha pårørande med seg i starten som
passar på deg dei første døgna, og ser an formen din –
og som hjelper med husarbeid/diverse ting ei stund framover.
Mamma og Øyvind stiller alltid opp,  og det er godt å vite! ♥

Sjukdom

Dagen då alt forandra seg!

9. mars 2016

P2111347

I dag fikk eg ein kommentar på ein bloggpost som eg skreiv for lenge sida.
Det var berre spam (reklame), med mitt gode spamfilter får eg ikkje så mange slike kommentarer,
så eg blir sjeldan påminna gamle innlegg.
Eg la dermed merke til overskrifta i bloggposten,
«Dagen då alt forandra seg!».

Eg lurte på kva den handla om,
eg gjekk inn og las den.

Vi skal heilt tilbake til oktober 2012..
Les den HER.

Det er jammen godt at ein ikkje kan sjå inn i framtida.

Eg er glad  at eg ikkje visste kor lite det skulle hjelpe å få diagnose.
Eg er glad at eg ikkje visste at pengane ville stoppe meg frå å finne ut
om behandlinga kunne kurert meg eller gjort meg betre.

Eg er glad at eg ikkje visste at eg skulle bli endå dårlegare,
og endå meir deprimert enn eg var då. Endå meir sliten,
endå meir einsam, meir aggressive anfall, og endå meir lei.

Det er tunge dagar.

Det er klart at tanken har slått meg,
kjem eg til å bli gradvis verre år for år?
Er det slik framtida mi skal bli?

Eg håper verkeleg at det ikkje er tilfellet.

Sjukdom

STATUS

27. januar 2016

reg1
Eit bilde frå «arkivet» der eg har anfall.

 

Eg er fullstendig tappa.
Tappa for energi, tappa for styrke og tappa for håp.

Dagane blir lengre og lengre.
Eg veit ikkje kva eg skal kalle det, men eg trur nesten ikkje at eg kan kalle det eit «liv».
Eg er i live, men eg lever ikkje.

Eg lever kun for Lucy.. (hunden min)
Ho er årsaka til at eg står opp kvar dag.
Ho er årsaka til at eg held mi personlege hygiene ved like,
grunna at eg må ut av huset og gå turar med ho.
Utan ho hadde eg berre blitt i senga – som eg gjorde fra byrjinga av juli til slutten av november.

Akkurat no har eg heller ingen lyst.
Lyst til å leve, til å lykkes eller til å bli frisk.
Det er umogeleg, og eg meistrar ikkje nokon av delane.

Mange seier/skriv til meg at dei håpar at eg snart bli betre..
men utan noko form for behandling eller hjelp so blir ein ikkje det.
– Det at eg berre skal bli betre/frisk heilt sånn utan vidare er like urealistisk
som at eg brått skal få venger og fly.

Eg får også alltid høyre at «Det må jo være nokon som kan hjelpe deg?!»
Nei, det ser ikkje slik ut. Etter 21 år med intens prøving/feiling kan eg vel seie det.

Helsevesenet er ferdig med meg.
Dei veit ikkje kva som feilar meg,
dei har gjort alt dei kan kome på av utgreiingar og teoriar.
Dei har ingenting meir på planen for meg.
– Eg er uføretrygda, punktum.

Problemet er at livet ikkje er slutt,
eg skulle ynskje eg var 71 og ikkje 31 år..
Det er alt for lang tid att av livet til å berre sitte «her» inne og råtne vekk.

Det er alt for vondt at hjernen fungerar so godt,
at eg er fult klar over alt eg går glipp av, og at eg ikkje får leve det livet eg vil.

Dei dagane (som i dag) når eg verkeleg , verkeleg prøvar –
so gjev kroppen meg fingeren.

Eg stod opp trass i alltid elendig dagsform og humør.
Eg åt frukost.
Eg hadde anfall.
Eg dusja.
Anfall.
Anfall.
Anfall.
Eg gjekk likevel ut i sola med Lucy.

Eg fekk anfall ute.

Ingen hjalp meg.

Lucy satt ved sida av meg sjølv om bandet låg laust på bakken.
Eg blødde naseblod.
Det ilte av smerter rundt i heile kroppen.

Eg kom meg opp.

Eg tørka vekk blodet med ermet på strikkegensaren,
og børsta vekk litt grus.
Eg løfta ho opp med dei verkande armane, og eg bar ho med meg heim,
ned alle trappetrinna frå Johanneskirka.
Kvart trinn gav meg støt av smerter i kroppen,
og kvalmen bygde seg kraftig opp.

Vel heime,
i det eg lukka døra bak meg so seig eg i saman inntil døra.
Eg hulkgråt.
Lenge.

Eg tok ut posen med godbitar frå jakkelomma og tømte den utover gulvet.
Ho såg ikkje ut til å bry seg om grininga mi heldigvis, og kosa seg og leika.

Anfall. Anfall. Anfall. Anfall. Anfall.

Deretter forflytta eg meg til badet der eg blei sitjande og brekke meg,
og kaste opp i ein time. Lucy dilta etter og la seg ned og sov ved sida av meg.

Talet er oppe i 17 anfall hittil i dag.
Det er endå nokre timar att av døgnet,
og so er eg so «heldig» at eg ofte har anfall på natta òg.

———————–

Eg tek ikkje telefonen,
eg orkar ikkje prate med nokon.
Eg orkar ikkje å lese eller svare på meldingar.
(Beklagar til dykk som prøver å få tak i meg. )

Eg vil ikkje høyre at eg er sterk eller at eg må halde ut.
Av same grunn er kommentarfeltet stengt i denne posten.

Kor mykje lenger skal eg halde ut?
..og for kva?

For å få fleire slike dagar?

————————————-

Eg gjer opp.

Og det følast godt.
Å gje opp.

Eg er so sliten.

 

(Edit: Eg gjer opp kampen.
..ikkje som i at eg tek livet mitt.)

Livet Sjukdom

A NEW HOME

3. desember 2015

PC010401
Lekker kalender fra Ms Hay (satt ned fra 399 til 200kr, fri frakt ut veka med koden XMAS )

Det er rart med det.. men om du har det vanskelig, så skal eg love deg at det er ekstra hardt i desember.
Det er fordi at det skal være ein så herlig og koselig måned med juleforberedelser, pynting, baking og kos.
I år er desember og alt i forbindelse med jul ei plage..  og eg kjenner at eg bare blir tristere.

Dagene mine består av å sitte på finn, sjekke leiligheter..  sitte med budsjett, prøve og finne ut av
kva eg skal gjøre, og kor eg skal gjøre av meg, eller oss.  (meg og Lucy)

Det er så mykje bekymring, og eg er så stressa.
Samtidig så sørger eg veldig over å måtte flytte fra heimen min, og huset vårt.

Eg tenker at eg bare må løsrive meg heilt, og planen er å finne ein ny heim i Bergen.
Eg har mange venner der, og eg har budd der før..
Det føles likevel bare heilt meiningsløst når det er uten Øyvind.
Sånn vil det vil føles ei god stund til desverre.. eg bare håper det går over på eit eller anna tidspunkt.

Det er viktig at den nye heimen er fin, og at eg kan trives..
eg er jo bare heime heile tida, så det har mykje å sei om korleis det ser ut.
Det er bare ekstra vanskelig med økonomien på toppen av alt.. det er jammen dyrt å bu,
faktisk dyrere i Førde – men likevel så er det dyrt i Bergen og det er dyrt når ein bare er ein person.

Eg er stressa, og eg trenger å «høre til ein plass». Eg MÅ finne meg ein plass, helst så raskt som mulig.
Så eg bare håper at det snart kan ordne seg, slik at eg kan roe meg ned og få bli værende på ein plass..
og ikkje måtte flytte fram og tilbake fra mamma og her i Førde.. og bu i ein koffert.

Drømmen er å kjøpe eit lite krypinn til meg og Lucy,
vi får sjå kva framtida bringer..

Wish me luck,
– eg trenger det!

Sjukdom

Les om meg i Stella..

29. mars 2015

2015-03-29 11.52.322015-03-29 11.51.55

 

Om du har lyst å lese om meg så kan du kjøpe siste utgave av Stella!

Eg syns dette magasinet er veldig bra, og det føltes riktig å dele litt av min historie her. Det er jo veldig komprimert, og eg føler at det er vanskelig å få fram alt i ein slik tekst, men det er eit lite innblikk i min kverdag og mitt liv.

Har du lest det?

Ønsker alle ein fin palmesøndag – her skinner sola.
Eg har så sjukt vondt i heile kroppen idag, halter rundt og har hatt anfall.. men eg koser meg likevel med te, litt sjokolade og film med min kjære :)

autograf

Sjukdom

Lange dager..

11. september 2014

2014-09-11 14.00.34
Mobilbilde fra instagram: @regineforsund  –  litt kornete då det var dårlig lys..

Dagene er lange.
Eg er veldig lite ute av huset.
Stort sett så har eg ikkje henta posten ein gang når Ø kjem heim i 5tida fra jobb..

Eg sysler litt i huset med lett husarbeid.. og når eg klarer så lager eg middag, eg elsker å lage mat. Bortsett fra det så gjør eg ingenting. Eg sitter/ligger i senga og sofaen stort sett heile dagen.

Eg har så lyst å bli frisk. Eg har så lyst å jobbe. Eg har så lyst å ha det travelt. Men eg blir jo sliten bare av å høre på alt det folk gjør, og eg skjønner bare ikkje korleis dei klarer det!! Øyvind prøver alltid å forklare meg at det er fordi dei er friske, og at eg er veldig sjuk.. og det går opp for meg at han har rett.

Eg hadde ei grusom natt i natt.. så intense smerter i kroppen at eg hulkgråt. Det var mykje styr med smertestillende, varmeflasker, massasje++ Klokka blei over 05 før eg roa meg i dagtidleg. Stakkars Ø som måtte på jobb etter denne urolige natta. Han har sendt fleire meldinger, og han er så god. Eg ser sånn opp til han. Han er så sterk, og så stødig – og han klager aldri. Han gjør alt han kan for å gjøre dagene mine bedre – og eg er så takknemlig og heldig som har han!! ♥

Ser fram til eit varmt bad når han kjem heim i dag – det er så godt for alle smertene. Eg bør egentlig ikkje bade når eg er aleine heime, har besvimt før og ligget med hodet under vann alt for lenge..  så eg må være litt forsiktig.

Her er det laks på menyen i dag – eg skal komme tilbake med bilder, ukesmeny og oppskrifter på søndag eller mandag!

Ha ein fin torsdag alle sammen:)

autograf

Kjærleik Sjukdom

I miss you

15. mai 2014

P5255756

Du var ein liten engel som kom til oss, det er akkurat 1 år sida i dag. Du var så liten og skjønn, og det var så fantastisk å holde deg for første gang. Vi hadde snakka om deg, og venta på deg så lenge lille gull ♥

P5255753

425296_10151674837760350_1667389242_n

Eg er så glad i Maria, ho er ikkje bare søstra mi, men mi aller beste veninne. Det blir så sterkt når det er hennes jente, for vi er så nære og det føltes nesten ut som at ho var litt mi også.

2013-08-09 18.06.19

Det er fantastisk at du fikk Maria som mor Lilja, ho er den beste mora du kunne fått – og det finnes ikkje ein bedre heim du kunne komt til. Du hadde foreldre som elska deg så høgt, og søsken som var så stolte og glade i deg. Du blei så spesiell for oss alle sammen!!

2013-07-27 15.40.45

Du spiste så godt etter kvert, du vokste og la på deg og fikk runde, gode kinn. Akkurat som Maria hadde då ho var liten!

2013-08-25 19.21.37

Her satt eg i sofaen og passa på deg, fulgte med på pusten din, og beundra deg. Du var så nydelig, og god.

2013-08-03 12.31.19
Dette var siste gangen eg holdt deg når hjertet ditt fremdeles slo. Eg holdt deg òg etter at det hadde stått stille ei stund. Du var fremdeles like nydelig, og god å ha i armene.

DSC_5718

Det var brutalt, men samtidig så vakkert i begravelsen. Det var heilt uvirkelig med den lille kista, og eg sliter fortsatt med å forstå det. Det var så godt at alt var så nydelig laga til, og vi snakka og mimra om deg Lilja.

DSC_5982

Søskena Noa og Rosa ved grava. Vi tok ikkje farvel, men vi sa heller at vi sees igjen lille venn, i himmelen. Men vi vil savne deg så sårt, og vi vil tenke på deg kver dag  – til vi sees igjen.

Tenker sånn på dåke i dag Maria og Tommy, er så glad i dåke! ..og sjølv om det er ei spinkel trøst så hadde ho det fantastisk godt hos dåke i den tida ho hadde. Det er ikkje alle som takler slikt like godt, og det er jo forståelig –  men istedet for å bruke opp dyrebar tid på fortvilelse eller sorg – så brukte dåke all tida på kjærlighet og glede   (Ho blei nesten fire måneder. )

Maria har ein blogg med fleire bilder om du vil se, her.

autograf

Sjukdom

From the heart.

24. april 2014

sjuk
Bildene er fra instagramprofilen min @regineforsund – Tusen takk til alle som har vist omtanke og kjærleik dei siste dagane – dåke e så gode! Eg e heime igjen fra sjukehuset, ligger strak ut og e temmelig redusert – men det e hundre ganger bedre enn å ligge på firemannsrom på sjukehuset uten at eg skal komme inn på detaljene :P

Livet er jammen tøft for tida. Alle har det tøft innimellom, og det går jo alltid greit om ein bare kjem seg videre og har bedre perioder også. Det er det som er det verste, den tøffe perioden bare varer og varer og varer. Det tærer sånn på meg, og eg føler at Regine sakte men sikkert forsvinner meir og meir. Eg har alltid vært irritabel (hehe), men no er eg kronisk irritabel! Eg blir lei meg når eg hører meg sjølv være så alt for utålmodig og kjeftete med dei rundt meg. Før gråt eg aldri, felte ikkje ei tåre då eg såg Titanic ein gang.. men no har eg følelsen av at eg gråter heile tida. Enten fordi eg er lei og frustrert, fordi eg har så store smerter, fordi eg blir lei meg fordi eg gråter for masse (!), fordi eg er totalt utslitt, eller i ein situasjon der eg bare ikkje veit grunnen.. og tenker at det er summen av alt som gjør til at eg gråter. Før var eg flink til å pynte/ kle meg, og eg var tilfreds med meg sjølv. Siste året har sjølvtilliten min vært i bånn, og speilbildet mitt har blitt min verste fiende. Alt eg ser er ei sliten, stygg jente som ikkje får til nokonting her i livet. Før hadde eg så mange drømmer om både utdanning, jobb, reisemål, unger, ja livet generelt.. no har eg ingen. Eg vil gifte meg med Øyvind, og der stopper det.

I can’t tell if it’s killing me, or it’s making me stronger.

Det er tøft for forholdet vårt at eg er kronisk sjuk – det er ikkje bare bare for nokon av oss. Eg tenker ofte på at han fortjener bedre. Eg skulle ønske eg var frisk, at eg var i jobb (og kunne bidra meir økonomisk), at eg hadde energi til å finne på masse kjekt, og lista bare fortsetter.. Men han er her med meg, og eg må bare få inn i hodet at han ikkje har tenkt seg nokon plass, då hadde han nok stukket av for lengst! Han er heilt unik, og eg er verdens heldigste jente som har han! ♥

Bryllaupsplanene har bare stoppa opp. Eg har to kjoler som er ankommet, eg har ikkje orka å prøvd dei endå – kanskje i mårra. Dei ser ihvertfall veldig fine ut!! Invitasjonene er her, men eg har ikkje sendt dei ut fordi vi er litt usikker på om vi vil dette likevel. Eller vil er feil, ordet er vel heller kan. Kan vi ta oss råd til dette når eg er så sjuk og egentlig heller trenger behandling.. eg tenker jo at det er ingen garanti for at eg blir frisk med behandling heller, og det å gifte seg har jo alltid vært drømmen min. MEN så blir eg jo verre og verre. Så dei neste dagene blir det grundig tenking på om ting skal avbestilles og planene omgjøres.. STRESS!

Sola skinner og det er nydelig vær. Eg håper at eg orker å sette meg ut om bare i fem minutt ein dag – men då må eg bli litt bedre først. No orker eg så vidt å være i stua, best med mørkt kaldt soverom. Ønsker alle mine fine lesere ein nydelig dag enten du har sol eller regn :)

PS. Håper det blir ein post i helga med bilder av fine ting som har kommet i posten!! Vil jo helst at bloggen skal handle om mote, interiør, mat og koselige ting!!

autograf

Sjukdom

So tired.

4. mars 2014

tumblr_ls3y010Ljo1qzkw3jo1_500_largeSo tired.

Planen var og lage ein post med herlig inspirasjon til bryllup. Men her sitter eg med klump i halsen og blanke auger.. Eg vil ikkje klage så mykje – men dei siste dagene har vært veldig tunge. Altså, med tanke på sjukdommen. Formen min var ok kun i nokre timer på lørdag, det går alltid fort over desverre, det er så få gode dager (timer) i forhold til dårlige dager. Eg skreiv ein post her om at eg er verre. Det er hardt når eg har alle disse plagene heile tida, det sliter meg heilt ut både fysisk og psykisk. No teller eg ned timene til Øyvind kjem heim fra jobb, i dag trenger eg litt ekstra trøst. (i dag og.. ) Han får meg dessuten alltid i godt humør også ;)

Eg håper at det kjem ein kjekkere post neste gang!! Fin tirsdag til alle sammen!

autograf