Browsing Category

Hud, Hår og Skjønnhet.

Hud, Hår og Skjønnhet.

Hudpleie – favoritter.

19. februar 2021

Eg elsker hudpleie – det er dette eg utdanna meg til og, for mange år sida. Eg er hud- og kroppsterapeut.
Det er synd at helsa gjorde til at eg ikkje fikk jobba lenger enn i litt over eit år, før eg blei 100% ufør..
eg hadde ikkje noko valg, og måtte sette helsa først.

Eg har tenkt å dele meir om hudpleie, produkt, sminke og forskjellig her på bloggen.
Håper at fleire syns det er kjekt, så legg gjerne igjen nokre ord om du følger med her :)

Gua sha stein er eit populært massasjeredskap, eg bruker min kver kveld i min hudpleierutine.
Gua sha  er ein eldgammel massasje tradisjon som stammer fra kinesisk medisin.

Eg bruker den etter å ha påført serum, bruk alltid produkt under så steinen glir på huden.
Det har mange fordeler, som å sette i gang blodsirkulasjonen, lymfedrenasje, oppstrammende effekt,
men også til å minske anspent muskulatur som eg er plaga med, spesielt i kjevene.
Eg bruker den fordi det føles godt å massere ansiktet og hals, produkta trekker bedre inn i huden når det masseres inn,
og eg det minsker hevelse i huden. Det seies og at det skal minimere rynker ved å gjøre dette fast.

Det selges mange plasser, eg kjøpte min HER.
Eg var spesielt ute etter akkurat denne formen, som er perfekt langs kjeven med det lille hakket.

Eg har prøvd Is Clinical dei siste månedene, og det er eit merke eg er veldig imponert over!
Eg har vært plaga med tørr hud og eksem rundt nese det siste året, og ingenting har hjulpet,
hverken det eg har fått av lege eller andre populære og gode kremer, men no ser eg endelig effekt, og huden er mykje bedre!

Is Clinical er eit amerikansk merke. Det er ein luksuriøs og eksklusiv hudpleieserie,
som utmerker seg ved å være basert på dei reineste og beste naturlige botaniske ingrediensene –
som alle er klinisk testa og validert.

Eg har kjøpt mine hos Skincity. Der kan du ta hudtester med mange spørsmål, ta bilde av ansiktet ditt uten sminke og legge ved,
og få anbefalt produkter til din hud, uten noko kjøpeplikt – det var sånn eg bestemte meg for å teste denne serien, anbefales!

Eg er spesielt imponert over serumet til natt, den blå flaska – «hydra cool serum»
det er ikkje noko rimelig merke, desverre, men disse dråpene er verdt det.
Eg har den minste flaska på 15ml, og den holder lenge.
Serumet gir ein oppfriskende følelse med hyaluronsyre, vitamin B5 og centella asiatica.
Den beskytter med antioksidanter og lindrer skada hud. Den passer både til sensitiv hud, normal hud,
akne, eksem og tørr hud. Huden føles så jevn og fin etterpå, anbefales!

Eg syns ikkje at rensen, den kvite tuben er noko å kjøpe, den er heilt ok, og ingenting meir eller mindre.
Då er rensen i den blå flaska eit mykje bedre valg, «Cleansing Compelx».
Den er eksofolierende, renser dypt, tar vekk sminke, og inneholder vitaminer, salicylsyre og glykolsyre.
Ein rens eg ser mange kjendiser sverger til, og eg er enig at den er god. Den lukter ingenting.

Den brune lille flaska fikk eg anbefalt til å bruke som serum på dagtid, «Pro heal serum».
Eg hadde ikkje råd til alle produkta på samme tid, og har kjøpt litt etter litt, og kun når dei har tilbud på varene.
Dermed har eg ikkje prøvd denne så lenge som den blå, og det er litt for tidleg å sei kva eg syns,
men eg har godt inntrykk av dette merket, og er spent på å fortsette.

Det negative er jo pris.
Serum er edle dråper som ofte koster litt,
men hugs at du skal bare bruke nokre dråper av serumet kver dag.

Eg har prøvd og brukt mange dag- og nattkremer i mitt liv.

Men eg går alltid tilbake til denne. «Ultra facial cream» fra Kiehls.
Eg elsker den lette konsistensen, og den trekker raskt inn i huden.
Den fukter godt og fungerer perfekt under sminke.
Om du ikkje har prøvd den, så anbefaler eg virkelig denne!!

Prisen er også flott!
Det er også bærekraftig emballasje​ og 100% resirkulert materiale​.
Den finnes i fleire størrelser som du ser på bildet + en mindre utgave enn dei igjen.

Dermalogica er eit av dei merka eg lærte om på Hudpleiefagskolen i Oslo då eg gjekk der.

Det er eit amerikansk merke. Det er utvikla med hensyn til det stressende, moderne livet mange lever,
og kva konsekvenser dette har på huda vår. Dermalogica har skapt ejn revolusjon innen hudpleie og brukes
av både profesjonelle innen hudpleie og kjendiser i Hollywood.

Favoritt nr.1 er denne eksfolierende rensen, «Daily microfoliant».
Den kjem i to størrelser, den her på bildet i 13 gram, eller 74 gram.
Det er eit pulver som aktiveres i kontakt med vann, og som er så finkorna og skånsom at den kan brukes daglig.
Den fjerner gamle hudceller, noko som resulterer i ei mjuk, jevn hud. Den stimulerer cellefornyelsen,
hemmer ujevn pigmentering og gir glød til huda. Elsker denne!

Eksfoliere = skrubb/peeling. (få vekk døde hudceller.)

Nr 2, er ei ansiktsmaske, «Multivitamin Power Recovery Masque».
Denne maska reparerer, beroliger og fukter huden. Perfekt å legge på etter eksfoliering!

Nr 3, er eit serum – «Ultracalming Serum Concentrate» , denne har eg brukt opp – derfor er den ikkje på bildet!
Eg følte den måtte med når eg først var inne på Dermalogica. Det er eit beroligende og avkjølende serum.
Hyaluronsyre binder fukt til huda, og avokadoolje beskytter og gjør huda mjuk.
Eg elsker alt som gir fukt, det får ein vel aldri nok av? Godt produkt!

A Hint of Summer, fra Rudolph Care.
Dette er ein økologisk sjølvbruner som gir ein fin glød.
Om eg føler meg bleik og kjip, så bruker eg denne fleire dager på rad for å få litt farge i ansiktet.
Eg blander to-tre dråper med eit serum (syns det fungerer bedre enn dagkrem).
Eg liker det naturlig, så ikkje forvent at du blir kjempe brun, det gir bare ein varm fin glød i ansiktet.
Hugs å vask hendene etterpå.

Eg ser at den er på tilbud HER no :)

Siste ut i dag – leppepleie!

Nr 1. Alle kjenner vel til Carmex, ein favoritt som alltid er god å ha for tørre, sprukne lepper,
denne bruker eg kver kveld før leggetid!

Nr 2, er Purelan Brystevortekrem fra Medela, kjøpt på Apotek.
Eg har vært så plaga med tørre lepper, og sprukket opp litt utenfor leppene og i perioder,
og då fikk eg dette tipset av ei veninne som er sjukepleier (takk Borghild!) – og denne fikk orden på problemet!

Nr 3 var ein gave eg fikk – The Lip Balm fra La Mer.
Den mest lukseriøse formelen for tørre lepper. Den fukter og reparerer, er veldig god.
Den inneholder peppermynte som virker kjølende og forfriskende.
Prisen, den er stiv – men om du nokon gang kjem over eit tilbud, tax free, eller noko,
så er dette luksus i ein lekker liten boks.

Dette var ein begynnelse,
eg har mange fleire favoritter – det kjem fleire poster med anbefalinger.

Huden endrer jo seg i løpet av året, i forhold til årstider, korleis helsa er ++
Dermed vil det endre seg kva produkter eg bruker i mine rutiner, og eg bytter litt på det
innimellom av det forskjellige eg har, og etter korleis huden min er.

Det var ein periode eg var veldig plaga med kviser, eg fikk all slags salver og medisiner,
og psyken blir virkelig påvirka av å ha slik hud, det gjør noko med oss, med humøret og sjølvtilliten.
Derfor blei eg meir interessert i dette, om det bare var salgstriks og vås, eller om det faktisk hjalp..
Og det hjalp virkelig å investere i gode hudpleieprodukt.

Om du har fin hud, så treng du ikkje så mykje sminke.
Det er derfor eg er så glad i hudpleie, fordi eg ser ein forskjell.
Eg føler meg bedre når huden min er fin.
Eg liker det naturlig, og vil dermed ikkje ha eit tjukt lag med sminke på,
og eg prøver å jobbe med huden så eg har eit godt utgangspunkt.

Eg er spent på om nokon orka å lese heile denne posten,
det er nok for spesielt interesserte, hehe..

Hud, Hår og Skjønnhet.

Hudtips: 3 nye produkter

22. juli 2020

Reklame / Samarbeid med Chicastore

Eg elsker å prøve nye hudpleieprodukter –
og er alltid på jakt etter nye favoritter som gjør underverker.

Eg utdanna meg til hud- og kroppsterapeut i Oslo, og jobba på eit hotellspa ei stund før eg måtte
innsjå at eg ikkje kunne jobbe pga. helsa. Det var ein tung avgjørelse, og eg savner å jobbe med dette som eg likte så godt.

Eg er så glad eg fikk sjansen til å prøve disse tre produkta som eg har hørt så mykje bra om,
dei er alle fra nettbutikken Chicastore, som har seriøse meker og selger hudpleieprodukter fra fleire merker.

Første produkt er denne bestselgeren fra Elixir Cosmeceuticals :
Niactil 4% som er ein fuktighetsgivende og behandlede gelkrem.
Den passer alle hudtilstander, motivirker fine linjer og ujevn pigmentering, tilfører fuktighet,
skal virke beroligende og dempe rødhet og redusere store porer.
Den skal også være svært effektiv mot acne, hudormer og rosacea,
på solskader, atopisk eksem, gravide og ammende, også på sensitiv hud.

Eg har ikkje brukt det meir enn to veker, og vil komme tilbake til dåke når eg har brukt alle produkta
over lenger tid, men eg kan allerede sei at eg ser at det har hjulpet på nesa mi mot hudormer(sorte prikker),
og på mine pigmentflekker i ansiktet som har blitt litt mindre synlige, så det lover godt!!
Den er mild , tørker fort inn og lukter ingenting. Du finner den HER.

C E Ferulic fra SkinCeuticals er ein revolusjonerende kombinasjon av antioksidanter
som gir avansert beskyttelse mot for tidlig aldring av huden. Den hjelper til med å beskytte huden
mot skadelige frie radikaler, styrker huden, og gir effektiv antioksidant-beskyttelse med c-vitamin.
Serumet reparerer og jevner ut huden.

Eg har lenge hatt lyst å teste dette serumet som eg har hørt så mykje bra om,
lukseriøse dråper som gjør huden meir ungdommelig. Det er litt tidleg etter to veker ,
men for deg som er opptatt av å ta vare på huden, så vil eg anbefale dette serumet.
Det er kun 5 dråper kver morning som skal til.  Eg føler at huden kjennes litt fastere ut,
og det må jo være dette serumet som har begynt å virke, gleder meg til å bruke det videre.
Det er litt spesiell lukt i starten, men ein blir vandt til det, og det er verdt
det når det strammer opp huden og faktisk har effekt. Du finner serumet HER.

Det siste produktet er eit kroppsprodukt, Niacin Body Care fra Duve Medica.

Eg er ikkje glad i kremer til kropp, fordi nesten alle eg har prøvd blir klissete og trekker ikkje inn,
men denne likte eg så godt! Den er lett, men du føler likevel at den gir nok fukt til huden, og den trekker inn med ein gang,
og huden føles så mjuk og glatt etterpå. Den lukter ikkje, som eg liker då eg ikkje tåler mykje lukt,
men eg syns det er ein fordel at ikkje alle produkt lukter, det kan bli litt mykje på ein gang,
ta heller på deg ein god parfyme etterpå om du liker duft.

Den gir ikkje bare fukt, men  reparerer nuppete og ru hud, har anti-age effekt,
reduserer kløe og irritasjon og er ein unik fuktgiver for kroppen.
Anbefales. Du finner den HER.


 

Håper du fant eit  nytt (eller fleire) produkt som du vil prøve :)

Hud, Hår og Skjønnhet. Sponsor

MY MORNING ROUTINE

5. juli 2016

P1015013

Du kjem langt med eit smil,
og ei sunn og fin hud!

Eg er mykje dårlig, men eg prøver å ha ei god rutine på å ta
vare på huda mi kvar morgon og kveld.

Eg er i bedre humør når eg har ei fin hud rett og slett!
Det har mykje å sei for meg at eg føler meg vel, også utan sminke.
Eg hadde ei periode med urein hud, og det gjorde meg ganske deprimert.
No er det pigmentflekkar eg kjempar i mot.

Det er godt det er so mange gode produkt der ute.
Eg skal også teste ut eit serum i dette merket mot pigmentflekkar,
eg har berre ikkje komt so langt endå. Men det har eg stor tru på!

 

P1014987

Alex Cosmetics finnes i over 50 land, eg fikk først høyre om det via mi veninne
Kristine, som er hudpleiar i Førde.Det er ein økologisk hudpleieserie til ansikt og kropp.

— Produkta er 100% organiske, reine, og bra både for huda og miljøet! —

Eg har brukt disse produkta ei stund no. Eg hadde egentlig ingen forventningar,
då eg testa disse då veninna mi anbefalte dei so varmt.

Eg er hudpleiar eg òg, og ofte skeptisk til det meste,
og eg skal innrømme at eg kanskje ikkje likte navnet so godt..

To sekund inn i første rensen so var navnet irrelevant og eg var solgt..
det er reine og gode produkt. Eg har prøvd mykje, og då meiner eg MYKJE.
Men dette likte eg so godt at eg kjem til å fortsette med det,
og kjøpe fleire produkt i serien.

Rensen fjerner sminken, urenheter og daglege rester raskt, effektivt og grundig.
Den er behagelig og mild.

Green tonic er ein mild ansiktstoner med verdifulle urter som er
forfriskende og god, eg elsker dufta. 

 

Peelingen er utan korn, og inneheld syre og enzymar,
eg likte denne veldig godt også.

Ein dagkrem er på veg i posten, kanskje den kjem i dag-
eg gler meg som ein unge til å prøve den!!

 

P1015016
Eg anbefaler Kristine om du bur i Førde-område, dyktig dame!

 Akkurat no har ho eit tilbud;
Kjøp 4stykk produkt og du får ei gratis hudpleiebehandling på ein verdi til 1200 kr.

klikk deg inn HER for meir informasjon.

Om du lurer på noko om dette merket så finn du meir informasjon
på 
alexcosmetic.no

Om du har lyst å prøva produkta, og ikkje har forhandler
i nærheten så kan du kjøpe på nettet HER.

Hud, Hår og Skjønnhet.

GOLDEN GLOW

21. mai 2016

P1014201 Eg har ei ganske god hud, og blir fort brun – og har aldri vært solbrent.
Eg har alltid vært veldig heldig sånn sett..

Etter eg begynte på hudpleien,
ja, eg er faktisk hud & kroppsterapeut..  (!)

Eg tok 3 år på 1 år på Beauty Hudpleiefagskule i Oslo i 2008 – 2009..
eg stod på alle tentamener med glans, og alle skriftlige eksamener.. men pga. mykje fravær fikk eg
ikkje ta den praktiske eksamenen, veldig kjedelig då eg kunne alt sammen. Det er jo den dårlige
helsa som gjorde til fraværet. Eg jobba jo veldig for å prøve å få til noko trass i at eg var så
dårlig, men det var ikkje så lett.

Eg blei ansatt på eit hotell-spa i august 2009,
dei testa meg i alt og såg at eg mestra alt..

Eg jobba ei lita stund, men pga. helsa så
måtte eg berre sei opp jobben desverre, og har ikkje jobba siden mars 2010.

Det var eit tappert forsøk.
Det at eg i det heile tatt blei hud og kroppsterapeut var eit slags eksperiment fordi eg prøvde å finne
eit yrke med kortest utdannelse som var mest mulig overkommeleg med tanke på helsa.

Drømmen min har jo alltid vært å bli lege..
Men eg skjønte jo at det var ganske så urealistisk med den helsa.
Det skal seies at eg trivdes veldig godt i yrket.. og eg savner det.

P1014211
Uansett,
eg fikk eit anna syn på det å sole seg,
og eg såg kor mykje skade sola gav på huda til folk.
Spesielt på huda til damer.

Før brukte eg nesten ikkje solkrem siden eg aldri blei solbrent,
men no bruker eg solfaktor 30 og 50. Både med tanke på hudkreft,
og for å ta vare på huda mi. Ein blir brun likevel!! Og fargen varer ofte lenger.

I fjor fikk eg pigmentflekker i ansiktet, og eg ser at eg ikkje kan sole meg
uten at dei popper fram og er ganske sjenerende. Eg går på mykje medisin med
hormoner i. Så det er nok pga. medisinen at dei kom hos meg.. og eg må nok
ta laserbehandling om eg skal bli kvitt dei.

I fjor brukte eg mykje solhatt for å verne ansiktet mitt.
Ein treng jo ikkje å være så brun i ansiktet/halsen.. det har ein sminke til –
eller fks. disse gode produkta som eg skal anbefale!!

P1014196Kjøp her –> Til kropp / Til Ansikt

Eg har aldri brukt sjølvbruningsprodukt fordi eg egentlig aldri har trengt det.
Eg har kunne tatt sol i 10 min og så har eg blitt brun, men no vil eg ikkje gjøre det
lenger pga. pigmentflekkene mine.

Eg skal i bryllup om nokre veker og har lyst å ha litt farge på kroppen,
så derfor investerte eg i disse produkta no.

Eg har lest mykje om slike produkter og prata med ei veninne som
jobber som hudpleier endå, og til slutt kom eg fram til disse produkta fra Clarins.
Det er ikkje sjølvbruning som gjør deg instant brun og som kan bli for intenst
eller voldsomt..

Om du har fulgt meg ei stund så veit du at eg liker det naturlige..

Disse produktene gir deg ein «golden glow» som produktet heiter.
Du blander bare nokre dråper med ansiktskremen din, eller bodylotionen din
alt etter som om det er dråpene til ansikt eller kropp du kjøper. Det står kor
mange dråper som er anbefalt.

Dei gir ein fin og naturlig glød,
du kan bruke det nokre dager på rad,
både morgen og kveld om du vil.

Du kan bruke det jevnlig nokre ganger i veka for å oppretteholde gløden,
eller bare ha på deg nokre dager på rad før spesielle anledninger –
kjekt å ha i skapet!

Eg er storfornøyd!!

Hud, Hår og Skjønnhet. Sjukdom

EG SKAL UNDER KNIVEN

16. mars 2016

429015
..bildet er funnet på google.

Eg hadde eigentleg ikkje tenkt å dele dette med dykk.

Eg vegrar meg for å seie det til andre, og eg skjemst..
Når eg føler det slik, så tenkjer eg at då MÅ eg dele dette med ALLE.

Eg har alltid hatt kompleks for brysta mine.
Dei er ikkje like.
Det er stor forskjellpå størrelsane frå venstre til høgre bryst.

Eg tenkte lenge at eg kom til å vekse det av meg, altso at eg ikkje ville
bry meg om det når eg blei eldre. I tillegg har det jo feila meg so mykje anna
so det har ikkje vært mi viktigaste prioritering akkurat.

Men i forfjor nemnde eg det til fastlegen min.
Det var godt då han var einig i at det var ein betydeleg
forskjell, og eg blei henvist til Plastikkirurgisk avd. på Haukeland.

Eg var på konsultasjon i fjor vår, og eg blei satt på venteliste.

Endeleg, eit år seinare fekk eg brevet –
og eg skal operere grytidleg på morgonen den 30.mai!

Valet mitt er ikkje å gjere det minste
brystet større, men heller å ta frå det største.
Eg vil ikkje ha silikon.

Eg er absolutt ikkje oppteken av å få store bryst,
eg vil berre at dei skal bli meir like i størrelse.
At dei skal passe i ein bh.

Det er nemleg eit dagleg problem.

Kompleksa er jo ein ting, men det som er mest
vanskeleg er å finne ein bh som passar.
Det går jo ikkje!! Det hjelper ikkje med innlegg i bhen,
og figurnære overdelar er ikkje noko kjekt å bruke.
Det å skulle kjøpe undertøy er berre frustrerande og slitsamt.

Det er jo vanleg at ein har forskjellige bryst, det er svært sjeldan at
dei er heilt like. Eg las at 44% av kvinner har eit bryst som er større og eit bryst
som er mindre. Når ein i tillegg tar med at størrelsane på brystvortene varierar,
og at forma på kvart bryst kan være ulik, då har 88% av kvinner to
forskjellige bryst.

Det skulle nesten gått an å kjøpe bh med ulik cup-størrelse!!
Men for dei som har ein halv eller ein liten størrelse forskjell, so går det an å
ordne med eit innlegg på eine sida og det er til å leve med, det vil som oftast ikkje
være nok til å få dekka ein operasjon.
Men skulle du ha stor forskjell som faktisk er merkbar og synleg,
då kan du gå til fastlegen din og sjå om du blir henvist vidare..

Eg meiner ikkje at ein bør gjere det om ein har stor forskjell,
om du har det og du syns det går heilt fint so er jo det kjempebra!
Men det er greit å vite for dei som har kompleks og som aldri
finn undertøy/bikini som sitter.. at det faktisk er hjelp å få.

Det er ikkje noko eg synst er kjekt å dele,
eller har lyst at alle skal vite.. men eg tenkjer at det er desto
meir viktig å dele av den grunn. Det burde ikkje være noko eg
skulle skamme meg over. Det er berre slik eg er skapt.

Eg veit at eg vil få fleire arr,
men det er ikkje så viktig..

2x1mwXnH1002483443-11-1316116539755

Eg gledar meg til å kunne kjøpe undertøy i framtida
som passar, og til å kunne gå  i sommarklede / badetøy
utan å måtte tenkje på dette.

Og det blir digg å ha på seg ein bh som støtter opp og
held begge brysta på plass!! ;)

——————————————————————————-

Etter operasjonen må eg gå med sports-bh dag/natt i 1 månad,
deretter på dagtid i 2 månedar til – og stripse i 3 månedar til saman.
Ikkje kan eg løfte tungt eller anstrenge meg so mykje heller i
ca. 6-8 veker etter inngrepet.

Eg er litt uroleg for at eg skal få mykje anfall etter operasjonen.
Eg spenner jo alle musklar og skyter rygg,
og strekker kroppen alt eg har i alle retningar,
faller og skadar meg ++

Etter forrige operasjon då eg operete inn ei brikke i
brystkassa so blødde det meir etter anfall, fordi eg strakk meg/rykka sånn.
Eller at eg slo knyttneven inn i såret om att og om att under anfallet.
Det er mykje å tenkje på..

I tillegg har eg jo Lucy som eg skal ta meg av, men å gå tur er jo berre
fint å gjere – eg må berre passe på å ikkje styre for masse.
Lettare sagt enn gjort! ;)

Det står i papira at ein må ha pårørande med seg i starten som
passar på deg dei første døgna, og ser an formen din –
og som hjelper med husarbeid/diverse ting ei stund framover.
Mamma og Øyvind stiller alltid opp,  og det er godt å vite! ♥

Hud, Hår og Skjønnhet. Shopping, inspirasjon ++

KNIT & PREP PRIME FIX

10. mars 2016

P1012043 P1012045
Nydelig genser fra By Malene Birger – du finner den her //

Den ser beige ut i nettbutikken, men den er meir rosabeige –
veldig fin og vårlig farge, gleder meg til å bruke den!♥

Den var på salg ei stund, men eg ser at prisene er satt opp igjen desverre –
følg med og kanskje det skjer igjen? ;)

P1012050
MAC sin Prep + Prime Fix er dagens abefaling om du skal kjøpe deg eit nytt produkt!!

Eg sprayer den over ansiktet når eg har sminka meg ferdig,
og den fjerner den pudderaktige finishen som ein ofte får..
– og etter ein dusj ser eg mindre sminka ut, og den gir meg glød!!

Les i kommentarfeltet på Kicks sin nettbutikk, det overbeviste meg, hehe..
og eg er glad eg kjøpte den. Elsker den, og den dufter såå godt ;)

Dette er ikkje reklame altså,
om det er det så skal det stå Annonse, Adlink eller Sponsor.

Hud, Hår og Skjønnhet.

TIPS

24. november 2015

PB100140

TO NYE FAVORITTER PÅ BADET

Tromborg sin «multi vitamin facial mask»
og kremrougen «creamy lip/cheek/eye powder» ♥♥

Eg har prøvd maska tre ganger no, og den er fantastisk.
Ei deilig maske som gjenoppbygger og fukter huda, og som gir deg glød.
Den dufter så friskt og godt.

Det står ofte på masker at du kun skal ha den på i nokre minutt, eg hadde den på i ein time.
Hugs å alltid rense og skrubbe huda før du påfører maska.
Det gjør underverker for tørr vinterhud!

Kremrougen har vakre Emilie fleire ganger tipsa om,
og endelig har eg fått testa den. Utruleg fin farge,
eg har fargen «peachpuff». Det ser så mykje meir naturlig ut,
og det gir meir glød enn vanlig pudderouge som eg har brukt før.

Det fungerer best med kremrouge om du har flytende foundation på deg,
eg bruker denne fra Lancome. Den har concealer i lokket som er
eit stor pluss!

PB100138

Hud, Hår og Skjønnhet. Shopping, inspirasjon ++

MERAKI

18. november 2015

PB080100 PB080105 PB080108 PB080110
Produkter, Meraki (vakrerom.no)

Dei lekreste produkta – eg elsker det enkle designet.
Eg var redd duftene skulle være for sterke, men dei var så milde og gode!!

Eg skulle ønske at alt dette var til meg, men det er det ikkje, he-he..
Eg slo til når dei hadde tilbud i nettbutikken og kjøpte litt julegaver.
Men eg skal beholde noko sjølv, må bare bestemme meg for kva først.. har nemlig lyst på alt!

Ønsker meg produkta sjølv, både oppvaskmiddel og dusjsåpa lukta himmelsk!
Anbefales om du vil unne deg noko ekstra, eller skal kjøpe ein gave til nokon.

Har du prøvd dette merket?

Hud, Hår og Skjønnhet.

HAIRCARE

11. november 2015

PB100115
God morgen!
Eg har fått så mange spørsmål i det siste om kva hårprodukt eg bruker.

Eg har prøvd mykje oppigjennom åra , men dette er produkta eg sverger til no –
og som eg kjøper om og om igjen.

Stylingprodukta eg bruker er Paul Mitchel smoothie «gloss drops» og «super skinny serum».
Gloss drops er litt seig, og den bruker eg til å få ned småhår, tar bare en dråpe som eg  smører i hendene
og klapper lett på toppen av hodet, og litt ned langs sida der det stikker småhår fram..

I tuppene bruker eg super skinny serumet, det gir glans og gjør håret mjukt.
Alle produkta har god lukt, men denne dufter fantastisk, min favoritt!

PB100132
«Ultimate color repair shampoo» er for farga hår, men det finnes for alle hårtyper så klart.
Balsamen «Super strong daily conditioner» bytter eg innimellom med grønn skrift,
denne rosa har fukt og den med grønn skrift har protein. Lurt å veksle litt på det!

Hårkur er eg tom for, men denne er fks. god! (holder med en gang i uka!)

Eg får veldig flokete hår, har alltid hatt det..
Eg fikk anbefalt kombinasjonen av sprayen og børsten. Eg var veldig skeptisk
og trudde det var eit salgstriks, men det funker fantatisk på mitt hår.

Sprayen heiter «Super strong liquid treatment».  Den styrker og reparerer.
Spray i fuktig hår der du har floker, og børst med børsten «Nordic, hair contrast brush».
Børsten kosta ca.169kr der eg kjøpte den.

PB100117Toalettveske, Lulu’s  //  Duftlys, Crisp Champagne fra Voluspa  //

Eg kjøper som regel kun et produkt av gangen då det koster litt.
Det er dryge produkt og ein treng ikkje å overdrive bruken,
det skal ikkje så mykje til! :)

– Kva produkt bruker du til håret ditt?
Har du prøvd nokre av disse?

Hud, Hår og Skjønnhet. Interiør

KVELDSBAD

9. november 2015

PB050024PB050021PB050017
Eg elsker badekaret, det kjem eg virkelig til å savne når eg må flytte..

Det er så herlig med eit varmt bad, men mest av alt så tar eg bad fordi eg har
så mykje smerter i kroppen, og er så stiv i muskler og leddd.
Eg fyller i så varmt vann at det er heilt forferdelig å sette seg ned med ein gang,
men så blir ein fort vandt til varmen. Det lindrer mot muskel- og leddsmertene mine, og mjuker opp.

Ofte har eg ein laptop stående på ein krakk ved siden av badekaret og ein film som står og ruller,
eg syns nemlig at det er litt kjedelig å bare skulle ligge og nyte det..

Eit godt tips er å rense og skrubbe huden før badet og ha på ansiktsmaske
imens du sitter der! Du kan også ta ein rask dusj før badet og ha i ein god hårkur.
Kjekt med alt som kan gjøres i samme slengen. Det er lurt å ha ein fast dag i veka
til å pleie både hud og hår!

God mandagskveld til alle sammen!♦