Sjukdom

STATUS

27. januar 2016

reg1
Eit bilde frå «arkivet» der eg har anfall.

 

Eg er fullstendig tappa.
Tappa for energi, tappa for styrke og tappa for håp.

Dagane blir lengre og lengre.
Eg veit ikkje kva eg skal kalle det, men eg trur nesten ikkje at eg kan kalle det eit «liv».
Eg er i live, men eg lever ikkje.

Eg lever kun for Lucy.. (hunden min)
Ho er årsaka til at eg står opp kvar dag.
Ho er årsaka til at eg held mi personlege hygiene ved like,
grunna at eg må ut av huset og gå turar med ho.
Utan ho hadde eg berre blitt i senga – som eg gjorde fra byrjinga av juli til slutten av november.

Akkurat no har eg heller ingen lyst.
Lyst til å leve, til å lykkes eller til å bli frisk.
Det er umogeleg, og eg meistrar ikkje nokon av delane.

Mange seier/skriv til meg at dei håpar at eg snart bli betre..
men utan noko form for behandling eller hjelp so blir ein ikkje det.
– Det at eg berre skal bli betre/frisk heilt sånn utan vidare er like urealistisk
som at eg brått skal få venger og fly.

Eg får også alltid høyre at «Det må jo være nokon som kan hjelpe deg?!»
Nei, det ser ikkje slik ut. Etter 21 år med intens prøving/feiling kan eg vel seie det.

Helsevesenet er ferdig med meg.
Dei veit ikkje kva som feilar meg,
dei har gjort alt dei kan kome på av utgreiingar og teoriar.
Dei har ingenting meir på planen for meg.
– Eg er uføretrygda, punktum.

Problemet er at livet ikkje er slutt,
eg skulle ynskje eg var 71 og ikkje 31 år..
Det er alt for lang tid att av livet til å berre sitte «her» inne og råtne vekk.

Det er alt for vondt at hjernen fungerar so godt,
at eg er fult klar over alt eg går glipp av, og at eg ikkje får leve det livet eg vil.

Dei dagane (som i dag) når eg verkeleg , verkeleg prøvar –
so gjev kroppen meg fingeren.

Eg stod opp trass i alltid elendig dagsform og humør.
Eg åt frukost.
Eg hadde anfall.
Eg dusja.
Anfall.
Anfall.
Anfall.
Eg gjekk likevel ut i sola med Lucy.

Eg fekk anfall ute.

Ingen hjalp meg.

Lucy satt ved sida av meg sjølv om bandet låg laust på bakken.
Eg blødde naseblod.
Det ilte av smerter rundt i heile kroppen.

Eg kom meg opp.

Eg tørka vekk blodet med ermet på strikkegensaren,
og børsta vekk litt grus.
Eg løfta ho opp med dei verkande armane, og eg bar ho med meg heim,
ned alle trappetrinna frå Johanneskirka.
Kvart trinn gav meg støt av smerter i kroppen,
og kvalmen bygde seg kraftig opp.

Vel heime,
i det eg lukka døra bak meg so seig eg i saman inntil døra.
Eg hulkgråt.
Lenge.

Eg tok ut posen med godbitar frå jakkelomma og tømte den utover gulvet.
Ho såg ikkje ut til å bry seg om grininga mi heldigvis, og kosa seg og leika.

Anfall. Anfall. Anfall. Anfall. Anfall.

Deretter forflytta eg meg til badet der eg blei sitjande og brekke meg,
og kaste opp i ein time. Lucy dilta etter og la seg ned og sov ved sida av meg.

Talet er oppe i 17 anfall hittil i dag.
Det er endå nokre timar att av døgnet,
og so er eg so «heldig» at eg ofte har anfall på natta òg.

———————–

Eg tek ikkje telefonen,
eg orkar ikkje prate med nokon.
Eg orkar ikkje å lese eller svare på meldingar.
(Beklagar til dykk som prøver å få tak i meg. )

Eg vil ikkje høyre at eg er sterk eller at eg må halde ut.
Av same grunn er kommentarfeltet stengt i denne posten.

Kor mykje lenger skal eg halde ut?
..og for kva?

For å få fleire slike dagar?

————————————-

Eg gjer opp.

Og det følast godt.
Å gje opp.

Eg er so sliten.

 

(Edit: Eg gjer opp kampen.
..ikkje som i at eg tek livet mitt.)