Browsing Category

Sjukdom

Sjukdom

..you never know how STRONG you are… Until being strong is the ONLY choice you have.

17. september 2011

Ingen antrekk i dag heller.

Formen er veldig dårlig, og det er ein kamp å bare føte seg opp til toalettet og ned igjen i senga, det har vært ei stusselig helg. Eg tenker at det må vel snart gå oppover?? Eller skal det faktisk bli endå verre? Eg veit ikkje, men det eg veit er at livet e hardt, og eg sliter virkelig med å holde humøret oppe.

…Depresjonen har sneket seg innpå meg og lagt seg som eit mørkt, tungt teppe rundt kroppen min, og det suger ut siste rest av energi og håp. Det er lett å tenke at ein vil gi opp, at ein ikkje orker meir – og det er nettopp det eg gjer, no er det nok – eg vil ikkje meir!

Men tanken varer heldigvis kun ei lita stund før eg tenker på dei eg e glad i , og mest av alt på Øyvind som eg elsker so høgt, og eg tenker på alt eg vil oppleve med han i framtida, vårt liv har jo nettopp begynt !    ..So tenker eg, Ok, eg vil ikkje dø, Men eg orker likevel ikkje meir lenger, eg er so sliten at du ana ikkje – og sjølv om eg tenker at eg ikkje orker meir so fortsetter jo bare alt likevel..

…og eg må bare holde ut, holde ut til sjukehusa har tid til meg, til ventetida e over og til eg skal få komme til, og kanskje, kanskje dei finn ut noko – men som regel er dei nok so sikre på førehand at det vil bli bomtur og at eg snart må innsjå at slik er det. At eg må innfinne meg i at slik er situasjonen, at eg er sjuk og at eg skal forbli sjuk og at ingen kan hjelpe meg. Det er det eg fekk høyre for nokre dagar sidan på sjukehuset..

Trass i at eg er utslitt, trass i at eg er alvorleg deprimert, trass i at eg hatar sjukehus etterkvert og trass i at eg absolutt ikkje orker meir og er drit lei, so kan eg ikkje innfinne meg i at det berre er slik! Det er ikkje eit alternativ endå sjølv om det er like før eg kollapser, om eg skal stoppe her – so stopper alt.

Eg er frustrert, og eg blir fullstendig nedbrutt når eg høyrer slikt..  eg har lov å tenke at eg vil gi opp og at eg ikkje orker meir, men når nesten alle i helsevesenet gjer det same, so påvirker det meg virkelig og det gjør meg faktisk so sint og lei meg at eg ikkje skal gi meg..

Helse Førde og HUS har ikkje sett det siste av meg, det er sikkert. Om 2-3veker skal eg legges inn på Haukeland, so får vi sjå.. det er best å ikkje håpe på noko – men prøve å dra med friskt mot og tenke at om ikkje anna so blir det shopping og Ikea på menyen ;)

Sjukdom

The Naked Truth.

23. august 2011


Det var første skuledag for mange denne veka, for meg var det ikkje tilbake til verken skule eller arbeidslivet. Men eg har ein jobb, og den varer 24timer i døgnet, 7 dager i veka.

Eg er kronisk sjuk, og har smerter og plager stort sett heile tida. Det er ein heiltidsjobb det å vere sjuk. Kvardagen min går i sjukehus, leger, undersøkelser, privatleger, nav.. det er mykje reising hit og dit til nye spesialister og sjukehus.. det er sengeligging, lange dagar i leiligheta og det er rett og slett ein kamp.

Det feiler meg mykje forskjellig, det eine er at eg har besvimt med jevne mellomrom sidan eg var 11,5 år.. det er blitt meir og meir hyppig og ei stund no var det ca. 3 ganger for dagen. Eg slår meg masse i hovudet, bruker litt tid på komme meg att (ca.1time), stopper ofte å puste så Øyvind må daske meg i kinna og riste i meg for å få meg heilt tilbake. Til tider kritisk, men det har gått bra så langt.. Eg fyller straks 27 år og ingen veit endå årsaken til at eg besvimer – det er dette som gjer alt til ein kamp. Det er som sagt mange fleire ting som feiler meg,men eg vil ikkje gå inn på alt – det er so mykje! ..men problemet er at legene ikkje finn årsaken, og dermed får eg ingen behandling. Dei gir berre opp og vi må kjempe for å finne nokon som kan hjelpe meg og finne ut av det. Det er frustrerande.

Eg har alt for mykje tid til å tenke og eg vil helst ikkje tenke, tenke på alt eg går glipp av. Eg vil så veldig gjerne vere frisk, eg vil jobbe, eg vil ha masse energi, eg vil ha travle dagar der eg nett så vidt har tid til å sette meg ned, eg vil ta meir utdannelse og bli noko stort, eg vil gjerne føle at eg er til nytte her i samfunnet, eg vil vere med venner og feste uten at eg skal falle om på slutten av kvelden av utmattelse, eg vil .. eg vil vere frisk så eg kan vere som alle andre. 

Eg er sliten og utmatta av all sjukdom. Eg er frustrert over helsevesenet som ikkje finn ut av nokonting, og som ikkje kan hjelpe meg –  og som hiv meg rundt i systemet som ein kasteball der ingen vil ta på seg ansvaret.

Men eg er lykkeleg som har Øyvind, han får meg alltid til å smile sjølv om eg gråter. Han støtter meg, er med meg på alle møter og undersøkelser og sitter ved min side, kjemper for meg og hjelper meg. Han muntrer meg opp, kjøper små overaskelser som gjer meg glad.. alt fra ein kindersjokolade til konsertbillettar. Uansett kor sjuk eg er, kor sliten og sur eg er, eller når eg stenger han ute – så er han like god mot meg og venter tolmodig på at han skal få sleppe til og gi meg trøst og støtte. Eg har ein familie som er heilt topp og som altid har støtta meg, og eg har nokre gode venner –  og eg er veldig takknemleg for det ♥

Så.. dette er meg, dette er mitt liv no – men forhåpentigvis berre for ei lita stund til. Av og til tenker eg at det blir sånn for alltid, alt er svart.. mens andre dager tenker eg at det finst håp og at eg skal bli bra og eg gleder meg til alt eg skal gjere!!

At eg blogger blir jo brukt i mot meg i visse sammenhenger, fordi eg virker så frisk og falsk. Det er herleg for meg å fokusere på overfladiske ting som mote og skjønnhet, sleppe å skrive om elendighet og sjukdom – derfor handler bloggen min om mote som berre er herleg og gøy. Eg har jo mange gode augeblikk, og då er eg i sprudlande humør, kosar meg og har engeri til antrekksbilder og shopping.. Blogging kan eg gjere fra seng og sofa, og det er godt å ha noko å drive med når dagane er so lange. 

Takk for at du les bloggen min :)

Sjukdom

12062011

12. juni 2011

Vært innlagt på sjukehus, går greit, bare masse undersøkelser som skal taes heile tida.. tilbake i mårra med antrekk. Takk for fine kommentarer og lykkeønskninger! Skal ta det rolig i dag og bare slappe av og kose meg. Håper alle får ein kjempefin søndag :)

Sjukdom

Ikkje i form..

9. juni 2011

Vært så sjuk dei siste dagane… og har bare ligget strak ut i senga eller på sofaen.Eg liker ikkje å klage så masse her inne, men eg er kronisk sjuk, så eg er mykje sjuk..og av og til er det verre, som i dag. Det er derfor det har vært så dårlig blogging.. Det e så kjedelige og lange dager, håper eg føler meg bedre i mårra ..og at eg får posta eit antrekk etter gammalt :)

Sjukdom

Don’t give up. The best is yet to come!

1. april 2011

Eg er veldig masse sjuk for tida, og utrulig sliten. Eg har ein tøff periode helsemessig, men eg prøver å tenke positivt og se framover.. Kvaliteten på bloggen går veldig opp og ned etter korleis formen er, men eg håper eg snart kan få det meir stabilt.

Eg tar ein pause fram til søndag, og då kjem eg tilbake igjen med antrekksbilder. Ha ein fin fredag :)