Diverse Kjærleik

PLANFADDER

6. desember 2016


destiny_med_logo_forside_5
Eg såg første episode av «Heia jentene» i går,
serien går på tv3. Eg såg den på viaplay, men den ligger også gratis på nett som fks HER.

Kjønnsdiskriminering har djupe røtter i rwandisk kultur, og det fører ofte til vold mot jenter og kvinner.
Det er trist å tenke på at det skal være ein så stor bakdel å være jente i mange andre land,
eg kan ikkje forestille meg korleis det må være å leve der. Men ein får litt innblikk i tv-serien.

I serien følger vi Ina Wroldsen, Camilla Pihl og Hallvard Holmen som skal bu på landsbygda i Rwanda.

Etter første person Ina Wroldsen møtte, ei jente som tok vare på to yngre søsken siden mora
hadde reist fra dei, så var eg eg klar til å bli planfadder!
Dei åt berre ein gang om dagen, kjøtt hadde dei ikkje spist siden mora dro for lenge sida.
Jenta som tok seg av søskena måtte jobbe hardt, og gå langt for å få tak i vatn.
Dei var så små, og budde aleine – ingen voksne som tok seg av dei eller gav dei kjærlighet.
Det var så sterkt,  og så vondt å se.

Eg gjekk inn på nettet i går kveld, og søkte på ‘Plan Norge‘, og der kryssa eg av for
kva verdensdel, land , kjønn og aldersgruppe. Du krysser også av for kva pris du vil gi.

Det var så raskt og enkelt å gjøre,
og så avgjørende for dei som får hjelpa.

Vil du bli fadder? TRYKK HER

838548-12-1332022919505

 

 

 

 

 

I dag fikk eg e-post om at det låg bilde og informasjon om fadderbarnet mitt på
‘Min side’ på Plan Norge, og eg følte ein sånn kjærlighet for ho med ein gang eg såg ho ♥

Det er ei skjønn jente fra Rwanda på 6år som bur med mora si i eit lite hus laga av stokker,
med jordgulv inni.  Det tar en time å gå til en plass der det er reint vatn.
Meir kan eg ikkje dele då ein ikkje skal dele navn, bilde og private opplysninger på nettet.

Men eg vil oppfordre dåke til å hjelpe,
eg har støtta fleire ganger med engangssummer, og gir ofte på innsamlinger –
men no var det på tide at eg fikk meg eit fadderbarn.

Pengane går ikkje direkte til fadderbarnet ditt, men til lokalsamfunnet der fadderbarnet
ditt bur. Det ville vært veldig urettferdig for dei barna som ikkje har fått fadder om det berre skulle
gått til fadderbarna. Det blir planlagt og gjennomført prosjekt i samråd med lokalbefolkninga.
Det grunleggande prinsippet til Plan er at hjelpa alltid må rettest til lokalsamfunnet,
og då får jo denne lille jenta det bedre og.
Eg håper at når ho er gammel nok at ho får mulighet til å gå på skulen.

Eg vil understreke at eg skriver dette av fri vilje, og at det ikkje er noko samarbeid.

I disse tider når vi bruker så masse penger på julepynt, gaver og slikt –
så er det fint å bruke litt penger på dei som faktisk treng noko.

————————————————————————————————-

PS. Eg vil også minne på den posten eg skreiv i fjor om Fattighuset i Oslo,
det er desverre mange som ikkje har det godt her til lands også – og det er veldig trist å tenke på.
Spesielt no i jula, og eg håper at alle barn og ungdom her i landet ihvertfall får ei julegave kver.

Lever gaver direkte til dei på kontoret i Oslo, eller send i posten, adressa er i bloggposten HER.
(hugs å ikkje pakke det inn, les gjerne heile bloggposten for tips og informasjon↑)

1 Comment

  • Reply Luisa - La Mar 14. desember 2016 at 11:00

    <3

  • Leave a Reply