Dagens Antrekk

Stripped Naked.

1. desember 2011


Skinnjakke + Bluse, Cubus  //  Jeans, Bik Bok  //  Sko, Nelly.com  //  Veske, H&M  //

Endelig ferdig med sjukehus for denne gang!

Vi tok ein svipptur innom Sverige for å handle litt mat og godis, og blei stoppa i tollen på vei inn i Sverige.. det er det verste eg har vært med på  – alle bilene måtte kjøre innom og mange blei sjekka med narkotikahund og greier. Dei tok Øyvind med seg, og så plutselig måtte eg ut av bilen også, og inn i ei glattcelle der eg faktisk måtte kle av meg alt sammen, og stå naken på kalde fliser og svare på om eg gjekk på narkotika og greier.. det gjorde ikkje saken noke bedre at eg hadde fullt av sprøytestikk på armene og hendene etter blodprøver og veneflon etter sjukehusoppholdet og undersøkelser, huff… Dei gjorde det samme med Øyvind stakkar, og behandla oss virkelig som kriminelle.. når vi endelig fikk lov å dra (satt lenge på kver vår celle) så hadde dei rota og endevendt bilen der alt var eit einaste kaos etter dei. Det var virkelig ein ekkel og unødvendig opplevelse og satte ein stor demper på svenskehandelen for å sei det mildt! 

Humøret var ikkje på topp og antrekksbilder var ikkje det første eg fikk lyst til, men vi knipsa et bilde på Nordby-senteret.. satser på at dåke får eit bedre bilde av dagens antrekk i mårra! Ha ein fin kveld alle sammen :)

No Comments

Leave a Reply