Dagens Antrekk

Dagens antrekk & Middagstips.

31. mai 2011

Jeansjakke, Gina Tricot  /  Shortsdress, Cubus  /  Sko, H&M  /  Smykke nr.1, fått av mamma♥, ukjent merke  /  Smykke nr 2. med stjerne i gull, Friis & Company  / Neglelakk, Depend  /

..og her kjem eit bilde av dagens middag as well ↓


Kyllingspyd med paprika og potetsalat til – Enkelt og godt!!

Lag ein marinade som består av 6 ss ketchup, 2 ss lys sirup, 2 ss brunt sukker, 2 ss soyasaus og raspt gjerne et par ts. med fersk ingefær oppi om du har. La det småkoke i 2 min, avkjøl.

Legg kyllingfiletbitene i marinaden og la det ligge i ein halvtime. La samtidig spyda ligge i ein halvtime i bløt så dei ikkje tar fyr i ovnen (!)

Kutt opp 1 paprika i like store biter som kyllingen, stikk dei på spyda i valgfri rekkefølge og pensle alt til slutt med resten av marinaden. Sett dei i ovnen på 200grader i 12-15min.

I potetsalaten har eg ein stor matyoghurt (her kan du bruke både rømme/kesam om du vil eller litt av begge deler), 1 ts. salt og 1,5 ts. sukker, 2 epler, 5 store poteter (som er kokt på forhand), valnøtter, vårløk og litt persille. ENJOY !

No Comments

Leave a Reply