Browsing Category

Mat / Oppskrift.

Mat / Oppskrift.

ELTEFRITT GROVBRØD

6. desember 2016

p1015953

Åå, ein blir skikkeleg avhengig av disse brøda når ein først har fått smaken på det!

Beste brøda eg har smakt i mitt liv. Sist eg la ut bilde så var det eit havrebrød, men
dette brødet har eg laga flest ganger. Skikkeleg godt grovbrød, dette bør du prøve deg på.

Det beste av alt er jo at det er SÅ enkelt!

Så kos å spise dette til lunsj etter å ha gått tur med Lucy.
Det var ganske kaldt i dag, så det var herleg å komme inn igjen i varmen , spise ferskt brød
og drikke kakao. Ahhh ;)

I går hadde eg ein ganske tøff dag med mykje anfall, men i dag har eg til no ikkje hatt
nokon endå, så eg håper det fortsetter slik i dag. Eg har satt ei deig til kvite kakemenn,
så etter nokre timer på sofaen so skal eg kose meg med å bake det.

p1015959
Eltefritt grovbrød,
oppskrift fra flinke Anita Stokke Blomvik som driv bloggen «Kvardagsmat»  :)

Du finn oppskrifta HER.

Mat / Oppskrift. Shopping, inspirasjon ++

NORDIC KITCHEN

2. desember 2016

_61a7193-edit_61a7215

Eg ville bare vise disse fine pannene fra den nye serien «Nordic Kitchen» til Eva Solo.

Eg er jo veldig glad i å lage mat som dåke veit,
og eg blir ekstra glad når utstyret er praktisk og fint på samme tid!!

Dei kan brukes på alle varmekilder (også induksjon), er lette å handtere pga det lette materialet,
har eit belegg som er enkelt å holde reint, og som treng lite smør/olje.

Gryta kan du ha i oppvaskmaskina, men ikkje steikepanna pga trehandtaket.
Eg har den store gryta på 6liter, perfekt når du skal lage ei stor suppe, fårikål, gryterett,
eller fks. kålerabistappe til jul ;)

Eg såg tilfeldigvis at viss du går inn på Eva Solo sine sider og melder deg på nyhetsbrevet,
så er du med i trekninga av nettopp slike panner/gryter!!

Jul Mat / Oppskrift.

KOS

27. november 2016

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Det er første søndag i advent,
eg feirer med deilig eplekake med vaniljekrem (Mums!)
og varm sjokolade med masse krem.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
Kopp, Kremmerhuset // Fat, Rosendahl

I går blei eg tante til ein liten prins, no er eg tante til seks stykk!!
Og i dag har pappa bursdag – så eg og lillebror hadde ei god unnskyldning til å
kose oss med litt kake :)

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Skikkelig god kake, det er andre gangen eg har laga den no.

Oppskrifta finn du hos Det Søte Liv  <–

Interiør Mat / Oppskrift. Sponsor

EVA TRIO DINNER

30. oktober 2016

 I samarbeid med Eva Solo

_61a7250
Hausten er ei perfekt tid for koselege veninnekveldar, og middagsbesøk.
Siden mitt kjøkken ikkje er pussa opp endå, så lånte eg Øyvind sitt kjøkken denne gangen.
Det var kjekt å lage mat her igjen, og det var blitt så fint med den nye vedomnen!!

_61a7228_61a7240
Dei vakre glassa er fra Eva Solo – du finn dei HER.

_61a7267
Peter tar bilder imens eg står over grytene i bakgrunnen. Det var ein kamp med tida pga. dagslyset.
Eg elskar hausten, men minuset er at det er mindre dagslys. Heldigvis hadde eg min fotograf-bror og hans gode utstyr med.
Slik at vi kunne ta litt bilder begge to.

_61a7256
Eg brukte anledninga til å dekke bordet med det nye serviset mitt fra Eva Solo
som heiter Legio Nova.

Elegant, og tidløst.
Det passer til alle anledningar, det er bare å style det som du vil.

Her har eg gjort det veldig enkelt med nokre linserviettar, nokre kvastar og litt lauv.

Eg liker det veldig reint,
so eg brukte berre glassvaser, og telysglass i klart glass.

Eg syns det blei utruleg lekkert med det vakre serviset Legio Nova.

p1015794_61a7236

MENY

_61a7319
Raudvin til middagen, veldig gode glass å drikke av forresten..

_61a7276_61a7283 _61a7281 _61a7297

Sennepsgratinert lammecarrè med honningsbakte rotgrønnsaker og rødvinssaus,
med potet og pastinakkmos (oppskrift fra trinesmatblogg)

_61a7300  _61a7340

Porsjonsostekaker med rørte blåbær  (oppskrift fra idagranjansen)

_61a7349 _61a7343

Pssst.. desserten var sjukt god om eg skal sei det sjølv ;)


Alt i alt ein vellykka middag!!

Det ein treng er eit lekkert pynta bord (for det betyr mykje at det ser innbydande og fint ut!!) , levande lys,
at det er varmt og koseleg, god mat/drikke, og ikkje minst godt selskap med kjekke folk!! ;)

Mat / Oppskrift.

ELTEFRITT HAVREBRØD

11. oktober 2016

p1015734_61a7068

I dag har eg laga mitt aller første grytebrød, og det blir ikkje siste gang.
Dette må eg lage oftere. Det er det beste brødet eg har smakt på lenge!!

Det er jo bare så enkelt, og så utruleg godt. MUMS.

Eg lagde eltefritt havrebrød,
oppskrifta fann eg hos Kvardagsmattrykk her.

_61a7077

Mat / Oppskrift.

KLADDKAKE

25. august 2016

P1015347P1015339

Ingredienser:

Kladdkake:
100 g smør
2 store egg
3 dl sukker
1,5 dl hvetemel
2 ts vaniljesukker
5 ss kakao

Sjokoladefudgeglasur:
2 dl kremfløte
1 dl sukker
1 dl lys sirup
100 g kokesjokolade
100 g smør

Servering:
pisket krem eller vaniljeis

Fremgangsmåte:

Kladdkake:
Smelt smøret. Pisk sammen dei øvrige ingrediensane med ein stålvisp. Tilsett det smelta smøret og bland til ein jevn deig.

Ha deiga i ei rund form (24 cm i diameter) med bakepapir i bunnen.

Steik kaka midt i ovnen ved 175°C i 20 min. Avkjøl kaka i forma.

Sjokoladefudgeglasur:
Ha kremfløte, sukker og sirup til sjokoladefudgeglasuren i ei kjele og varm opp. Brekk opp sjokoladen og ha i.
Rør til sjokoladen smelter. La blandinga småkoke til den tjukner (det tar ca 15 min).
Ta så kjelen av plata og tilsett mjukt smør i klatter. Rør til ein glatt glasur.

Hell sjokoladefudgeglasuren over kaka i forma. Sett forma i kjøleskapet i minst 3 timar (og gjerne over natta).
Då vil glasuren ha stivna til ein tjukk krem.

Løsne kaka frå forma med ein kniv. Fjern kakeringen og dra bakepapiret av kaka frå under sida.
Sett kaka på eit passande fat.

La kaka stå i romtemperatur ei stund før servering,
slik at sjokoladefudgeglasuren får ein mjuk og kremete konsistens.

Server kaka med piska krem eller vaniljeis!
NYT!! ;)

P1015344

Oppskrifta er funnet hos Det Søte Liv!!

Eg har spist fleire stykker med is til, og nokre stykker bare som den er..  eller med bær til ;)
Den er knall god!!

Mat / Oppskrift.

LUNSJ TIPS

10. juli 2016

P1015028

Det er lykke å gå på eit bakeri eller ein kafè og kjøpe seg ein lunsj
som er sunn og god.

Det som er lurt er å merke seg det som er inni den gode sandwichen, 
eller salaten du eter.. for sjølv om det er kos å gå ut så er det dyrt å skulle gjere det ofte.
Snapp til deg tips slik at du kan lage deg det heime. 

Eg får jo ikkje sjansen til å kjøpe slikt no som eg flytter heim på bygda,
der er det ingen plass eg kan kjøpe smoothies og ferdig salater lenger.
Men det er like greit, no når eg skal kjøpe hus,
no må eg være økonomisk!!

P1015031P1015026
Eg har oppdaga ein ny ost på Godt Brød, og endeleg fann eg den på Lerøy på Galleriet,
den heiter Manchego. Det er spanias mest berømte ost, ein fast kvitost laga av sauemelk.
Den gjer det lille ekstra og piffer opp inni ein sandwich!!

Eg har kjøpt meg spirepose og alfa alfa frø så eg kan lage egne spirer,
for det er ganske dyrt å kjøpe det i grønnsaksdisken.
Kan kjøpes HER.

P1015022P1015025

Sandwich:

Fransk landbrød
Aioli på innsida av brødskivene.
Salatblad
Manchego ost

Rødløk
Spirer
Kylingfiletpålegg med paprikakrydder

I tillegg hadde eg laga meg ein grønn smoothie
med spinat, avocado, banan, grønnkål. annanas, litt eplejuice og vann.

DIGG!

P1015027

Så godt,
og så enkelt å lage!! 

Mat / Oppskrift.

GRANOLABARS

5. mai 2016

P1013976
Eg prøver å tenke litt på kva eg putter i meg,
og eg vil helst lage det meste fra grunnen av – slik at eg veit kva eg får i meg.
(Colaen har eg gitt opp på å kutte, den må eg bare ha kvar dag.. nokre laster må ein vel ha,
eg drikk ikkje kaffe, men cola er eg avhengig av. )

Eg har konstant lyst på noko godt (desverre),
og eg trengte noko eg kunne ete som ikkje er stappa i sukker når søtsuget kjem.
Eg må nemleg alltid ha noko «godt» etter eg har ete både frukost,
lunsj, middag og kveldsmat.. må ha ein form for dessert.

Dette er eit god alternativ,
men dei er veldig mettande – so eg anbefalar å lage dei både
mindre i breidde og høgde.

Andre gode alternativ er en frisk smoothie,
fruktsalat, eller vaniljekesam med bær..

P1013861
Granolabar med mørk sjokolade:
5 dl havregryn
4dl eplejuice
2dl gresskarkjernar
2dl solsikkekjernar
2dl hakka mandlar
2dl hakka cashewnøtter
2dl hakka tranebær
5ss akasiehonning
1ts kanel

Gjer slik:
Bland alle ingrediensane i ein stor bolle til det blir ei klissete masse.
Ha det over i ein liten bakepapirkledd ildfast form.
Smør massen utover med slikkepott.

Steik på 170 grader i ca. 45 minutt.
Når det har gått 30 minutt tar du ut formen og skjærer ruter,
gjerne litt mindre enn det eg gjorde. Steik så videre i ca 15 min
til dei er gylne på toppen. Pass på undervegs, alle ovner er litt
forskjellige, kanskje du berre treng 10 min til..
Avkjøl på rist.

Når dei er heilt kalde, smelt 70% mørk sjokolade (eller 86% om du har)
i vannbad. Dypp baren i sjokoladen og pynt med til dømes litt nøtter og
meir tranebær.

Nyt!

P1013980

P1013978
Det fungerer perfekt som eit lite måltid,
veldig mykje mat i disse – og metter lenge.

Om du berre skal ha dei som snacks, so kan det vere lurt å dele dei opp i små
firkanta ruter og dyppe i sjokolade. Det skal eg gjere med nokre av dei andre
eg har liggande. Dei er nemleg veldig mektige!!

P1013865P1013979
Fikk du lyst å prøve??

 

Mat / Oppskrift. Sjukdom

MIN LAURDAG

23. april 2016

P1013294
Det er so mange som trur at det går so bra berre pga. at eg legg ut fine bileter,
og koselege snaps..  det er desverre ikkje tilfellet.

Eg prøver uansett å gjere det beste ut av dagane mine.

No har eg vært på Waynes Coffee borti gata her i mens eg øver på at Lucy skal være aleine –
det er ingen framgang desverre. Eg var vekke i 22 min..  Ho peip og ulte heile tida. Eg har eit kamera
med mikrofon ståande på inne, som eg følger med på når eg er ute.

Blåbærmuffinsen var forresten supersaftig, det må være den beste muffinsen eg har smakt i heile mitt liv faktisk,
og smoothien var sjukt god (jordbær) – anbefales!!

P1013253
Vi var her oppe med Johanneskirka i dag tidleg,
eg hadde eit nytt anfall ute.

Det har vel skjedd fem-seks gongar til saman no at det har skjedd på tur med Lucy.
For det meste har eg anfall når eg slappar av og er inne, hurra for det.

Kritikk til alle som berre passerar og som ikkje ser på meg ein gang der eg ligg på bakken..
men det er desverre sånn vår verden har blitt.
Folk er redde for å involvere seg, dei har dårlig tid eller dei veit ikkje kva dei skal gjere.

Eg falt bakover, så eg slo meg i ryggen og bakhovudet.

Då eg kom inn så tenkte eg at eg ikkje hadde lyst å gå ut igjen,
som i aldri.

Etter ca. tre kvarter tenkte eg at eg bare måtte komme meg ut og
snu dagen til noko positivt. Eg er so sliten og so langt nede at eg
trengte å gjere noko koseleg sjølv om eg ikkje har nokon å vere med..

Eg og Lucy gjekk rundt i byen siden det er «By lørdag»,
det var utekonsertar, masse bodar, masse folk og masse hundar som Lucy fikk snuse på!!

Eg verkar så positiv når eg skriv slikt,
men det er eg absolutt ikkje.

Eg syns det er alt for mykje motgang,
alt for mykje sjukdom og smerter –
og eg er berre LEI.

Men som eg visste før eg fikk meg hund,
så er eg ekstremt pliktoppfyllande, og eg er veldig god med dei eg er glad i –
dermed gjer eg absolutt alt eg kan kvar dag for å gjere dagen so fin som
mogeleg for Lucy. Og i same slengen kjem eg meg ut av huset sjølv, og eg
må ta meg av meg sjølv for å ta meg av Lucy.. so det var ein god plan ;)

———————————————————————————————

God helg til alle som er innom!
Det hadde vært kjekt om du som les faktisk legg att nokre ord her i kommentarfeltet,
eg ser jo at det er kjempe mange som les postane mine, men veldig få som
legg att spor.

Kven er du? og kor lenge har du lest bloggen min?
Er det noko du ynskjer eg skal blogge om, eller det greit som det er ?? :) 

Interiør Mat / Oppskrift.

SLOW START

17. mars 2016

P1012072
Formen er ikkje bra – så det har vært ein roleg dag så langt..

P1012083P1012061
Det var fleire som oppdaga den nye pysjen min på snapchat (regineforsund) i går,
den er fra h&m – kan kjøpes her.

P1012081
SMOOTHIE
Til to slike glass brukte eg:

2,5 dl kokosmelk ♥ Ein avokado ♥ Tre never frosne jordbær ♥ 1 ss sukrin ♥ 1/2 dl Eplejuice ♥  200 g cottage cheese

Tilsett alt i ein blender, og server!

P1012089 P1012092
Sengetøy, Høie  //  Sokker, h&m (kjøpt i fjor)  //  Plakat, Ms Hay  //  Smykkeskrin, Menu  //  Lampe, Bohus  //