Livet

2020

2. januar 2020

Godt nytt år!

Har du nyttårsforsett?
Eg bruker ikkje å ha det. Det er usannsynlig at eg skal klare å endre ting
så veldig drastisk med det første sjølv om det nye året har starta.

Eg har eit håp om at migrenen skal bli bedre i 2020,
eg skal snart ta mi andre dose av den nye migrenemedisinen aimovig.
Det hadde vært så godt med ei plage mindre.

Eg har fleire ting eg har lyst å få gjort i løpet av året, i hus og hage.
Eg vil gå igjennom alt eg har ein gang til , og selge/gi vekk det eg ikkje trenger.
Det er så godt å ha orden, og system – så det skal eg jobbe meir med.

Eg blir stressa av å ha for mykje ting rundt meg, så derfor vil rydde litt meir opp.

Det er to rom eg spesielt håper på å få fiksa litt opp:
– Det er å male vindu, vegger og tak på hovedbadet, skifte benkeplate/vask/armatur, lamper.
– Ordne eit lite rom som ligger vegg i vegg med mitt soverom og badet, som eg skal bruke til å tørke klær,
oppbevare småting + at katten sover der. Eg har nemlig ikkje vaskerom, og må ofte tørke klær i stua,
så det hadde vært greit å bare kunne satt det inn dit.. og eit rom eg kan sette ting så eg ikkje må gå
i trapper som eg prøver å unngå så godt eg kan pga anfalla mine.
Kanskje eg kan lage eit lite kontorhjørne der også.

Ellers gleder eg meg til vår, og til å pusle rundt i hagen.
Eg er veldig glad i hagearbeid, det ligger kanskje i familien? :)

Eg har fått gjort mykje på tunet mitt no i desember – fjerna ein del stein, lagt brukt asfalt ++
Så no når underlaget og slike ting er ordna, så kan eg snart begynne å plante ting
og gjøre det fint. Drømmer om fleire japanske kirsebærtre langs veien, lavendel, og
plante fleire vintergrønne busker.

2 Comments

  • Reply Charlotte 2. januar 2020 at 17:45

    Det lyder så godt, glæder mig til at din have (med Lucy) til foråret 🥰

    • Reply Regine 3. januar 2020 at 11:22

      Tusen takk Charlotte :)

    Leave a Reply