Event Interiør

THE HOME BY NORDISKE HJEM

22. juni 2019

Det var ein heilt fantastisk dag vi hadde i Stavern,
i den nydelige heimen til dei flotte menneska som driver butikken Nordiske Hjem.
Eg har aldri vær i Stavern før, og det var virkelig ein idyllisk plass!

Ein STOR takk til dei fine, flinke og herlige menneska som stod bak denne eventen, Kine, Tom og Henriette –
dei hadde virkelig stått på, og gjort alt for å lage ein heilt super dag for oss alle sammen!
Eg trur at alle kosa seg, og dro heim med ikkje bare ein digg goodiebag (!), men med gode minner!!

Det var utruleg kjekt å møte mange av menneska bak dei fine interiørprofilene eg følger,
og å sette eit ansikt på dei ein skriver med dagleg.

Eg skulle tatt meir bilder, men det var så mange folk der, og dermed litt vanskelig å ta gode bilder,
men her kjem eit lite bildedryss, og nokre selfier innimellom ;)

 

 

..og til slutt eit lite bilde av
meg og mi gode veninne Eldrid fra festen (housebythefjord på instagram)

No Comments

Leave a Reply