Sjukdom

The Naked Truth.

23. august 2011


Det var første skuledag for mange denne veka, for meg var det ikkje tilbake til verken skule eller arbeidslivet. Men eg har ein jobb, og den varer 24timer i døgnet, 7 dager i veka.

Eg er kronisk sjuk, og har smerter og plager stort sett heile tida. Det er ein heiltidsjobb det å vere sjuk. Kvardagen min går i sjukehus, leger, undersøkelser, privatleger, nav.. det er mykje reising hit og dit til nye spesialister og sjukehus.. det er sengeligging, lange dagar i leiligheta og det er rett og slett ein kamp.

Det feiler meg mykje forskjellig, det eine er at eg har besvimt med jevne mellomrom sidan eg var 11,5 år.. det er blitt meir og meir hyppig og ei stund no var det ca. 3 ganger for dagen. Eg slår meg masse i hovudet, bruker litt tid på komme meg att (ca.1time), stopper ofte å puste så Øyvind må daske meg i kinna og riste i meg for å få meg heilt tilbake. Til tider kritisk, men det har gått bra så langt.. Eg fyller straks 27 år og ingen veit endå årsaken til at eg besvimer – det er dette som gjer alt til ein kamp. Det er som sagt mange fleire ting som feiler meg,men eg vil ikkje gå inn på alt – det er so mykje! ..men problemet er at legene ikkje finn årsaken, og dermed får eg ingen behandling. Dei gir berre opp og vi må kjempe for å finne nokon som kan hjelpe meg og finne ut av det. Det er frustrerande.

Eg har alt for mykje tid til å tenke og eg vil helst ikkje tenke, tenke på alt eg går glipp av. Eg vil så veldig gjerne vere frisk, eg vil jobbe, eg vil ha masse energi, eg vil ha travle dagar der eg nett så vidt har tid til å sette meg ned, eg vil ta meir utdannelse og bli noko stort, eg vil gjerne føle at eg er til nytte her i samfunnet, eg vil vere med venner og feste uten at eg skal falle om på slutten av kvelden av utmattelse, eg vil .. eg vil vere frisk så eg kan vere som alle andre. 

Eg er sliten og utmatta av all sjukdom. Eg er frustrert over helsevesenet som ikkje finn ut av nokonting, og som ikkje kan hjelpe meg –  og som hiv meg rundt i systemet som ein kasteball der ingen vil ta på seg ansvaret.

Men eg er lykkeleg som har Øyvind, han får meg alltid til å smile sjølv om eg gråter. Han støtter meg, er med meg på alle møter og undersøkelser og sitter ved min side, kjemper for meg og hjelper meg. Han muntrer meg opp, kjøper små overaskelser som gjer meg glad.. alt fra ein kindersjokolade til konsertbillettar. Uansett kor sjuk eg er, kor sliten og sur eg er, eller når eg stenger han ute – så er han like god mot meg og venter tolmodig på at han skal få sleppe til og gi meg trøst og støtte. Eg har ein familie som er heilt topp og som altid har støtta meg, og eg har nokre gode venner –  og eg er veldig takknemleg for det ♥

Så.. dette er meg, dette er mitt liv no – men forhåpentigvis berre for ei lita stund til. Av og til tenker eg at det blir sånn for alltid, alt er svart.. mens andre dager tenker eg at det finst håp og at eg skal bli bra og eg gleder meg til alt eg skal gjere!!

At eg blogger blir jo brukt i mot meg i visse sammenhenger, fordi eg virker så frisk og falsk. Det er herleg for meg å fokusere på overfladiske ting som mote og skjønnhet, sleppe å skrive om elendighet og sjukdom – derfor handler bloggen min om mote som berre er herleg og gøy. Eg har jo mange gode augeblikk, og då er eg i sprudlande humør, kosar meg og har engeri til antrekksbilder og shopping.. Blogging kan eg gjere fra seng og sofa, og det er godt å ha noko å drive med når dagane er so lange. 

Takk for at du les bloggen min :)

No Comments

Leave a Reply