Livet

FARVEL BERGEN

17. juli 2016

P1014509
Vi kjem til å savne å være her oppe,
dette var favoritttplassen vår.

P1014505I går drog vi med flyttelasset, og forlot Bergen.
Det var både trist, og godt på same tid.

Tusen takk for super hjelp til brødrene mine og Øyvind som hjalp
meg å få alt pikkpakket mitt heim til sogn!!!

Eg kjem til å savne byen, og spesielt parktilboda..
Skog og natur er jo fint, men for meg som får anfall og ofte er veldig sjuk
så kan eg ikkje stikke til fjells eller skogs. Eg må gå der nokon kan finne meg..
Ein park har vært gull verdt for meg, og det finn eg ikkje på bygda.
Nygårdsparken har vi nytta oss mykje av den siste tida, så den kjem vi til å savne.
Her blir det mest til at eg går langs vegen der bilane køyrer,
så det har faktisk vært betre å gå tur i byen enn på landet for meg.. ironisk nok.

Det er godt vi har hage, vi kjem nok til å være mykje der! ♥
Utsikta er jo heilt nydelig,
og Lucy storkoser seg i hagen!!

Eg flytta frå bygda då eg gjekk ut av 10.klasse og skulle begynne på vgs,
og eg har ikkje budd i Leirvik sida eg var 15 år..
så det er litt rart å være tilbake på ubestemt tid.

Som eg har skrive før så bur eg og mamma her litt samtidig ei stund,
eg tar ikkje over huset heilt endå. Men eg har begynt å gjøre litt småting,
og eg planlegger og smådrømmer litt ;)

Peter (lillebror) har begynt å male huset, og om berre regnet kan ta ein pause snart
så kan han fortsette med det. Eg er spent på korleis det vil bli når det er ferdig,
og då skal eg legge ut bilder så dåke får sjå.

Men det regnet tar jo ingen ende,
det har vært eit trasig sommervær så langt.
Vi får krysse fingrene for at det snart snur!!

6 Comments

  • Reply Kamilla Haaland 17. juli 2016 at 20:46

    Spennende å flytte tilbake da :-D Blir gøy å se hvordan du får det! :-)

    • Reply Regine 18. juli 2016 at 23:59

      Ja, det blir både godt, og litt rart!!

      Takk,
      ja eg gleder meg til å komme i gang! :)

  • Reply SisselHelen 17. juli 2016 at 21:34

    So kjekt å komme i gang me maling og litt smått. Kjekt å berre få starta me å gjere litt sitt eige. God følelse ??

    • Reply Regine 19. juli 2016 at 00:00

      Ja, det er veldig kjekt!! Huset blei heilt annerledes med nokre strøk maling på nedsida,
      eg syns det ser veldig fint ut. De blir med ein gang litt meir meg! :)

  • Reply Maria 19. juli 2016 at 09:20

    Bergen er fint, så jeg skjønner godt at det blir litt rart å flytte. Men det høres deilig ut å flytte ut «på landet» også. Det har jeg så lyst til. Eller – jeg har faktisk sett meg ut en tomt rett i nabolaget her som ligger blandt tusenvis av mål med åkrer. Litt sånn følelse av å bo på landet når man egentlig bor midt i byen… Haha. Men det blir nok ikke noe husbygging før jeg er ferdig med studiene mine. :-)

    Lykke til med flytting :-)

    • Reply Regine 22. juli 2016 at 23:27

      Ja, det var litt rart å flytte , men også ganske godt.
      Haha, det blir jo ikkje på landet, bare ein følelse ja.. men litt av greia med landet er jo at det er så
      stille, så frisk og god luft, og at ein ikkje har alle dei tilbuda rundt seg så ein blir meir i ro egentlig :)

      Takk,
      kun vasking igjen no på mandag og så er eg heilt ferdig der!

    Legg igjen en kommentar til Maria Cancel Reply