Browsing Category

Hud, Hår og Skjønnhet.

Hud, Hår og Skjønnhet.

Good For Me

21. april 2015

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Eg var litt skeptisk til dei to boksene med piller fra Good For Me – eg har aldri prøvd betakaraton før, mest fordi eg blir så fort brun, og har aldri trengt «hjelp» til dette. Men også fordi eg ikkje heilt veit kva eg putter i meg.

Betakaraton lover deg at du skal bli raskere brun, beskytte huden og styrke immunforsvaret.

Eg hadde soleksem for første gang i fjor, så då tenkte eg at eg skulle prøve dette då eg har hørt at mange har blitt kvitt soleksem med bruk av denne. Det er desverre uansett alt for liten tid med kun ei uke til å kunne uttale seg om det funker. Eg skal derimot teste det utover ukene og sommeren, og eg vil lage ein ny post og skrive om eg syns det fungerte eller ikkje, og om eg eventuelt blei endå meir brun enn eg bruker å bli ;)

– Har du prøvd betakaraton før?
Det koster kun 99kr for første boks om du er ny kunde, kjøp betakaroten HER.

Tranebær skal styrke immunforsvaret, forebygge mot UVI (urinveisinfeksjoner) og gi deg vitaminer og antioksidanter. Dette er jo ikkje farlig å ta, det er bare bra for kroppen!!

Men i mitt kosthold får eg egentlig i meg alt eg trenger av vitaminer og slikt, så eg føler ikkje eg trenger det no. Vi lager all mat fra grunnen av og bruker så masse grønnsaker, urter og gode råvarer. Om eg blir plaga av UVI igjen som eg var då eg var yngre så vil eg vurdere å ta disse pillene, tranebær var det eineste som hjalp meg den gangen då eg var så plaga.

Les meir om tranebær HER – det koster 149kr for nye kunder.

autograf

Hud, Hår og Skjønnhet.

VippeFin

10. april 2015

OLYMPUS DIGITAL CAMERAOLYMPUS DIGITAL CAMERAOLYMPUS DIGITAL CAMERA
// Sponsa behandling

Å, lykke!!
Det var så fantastisk å våkne opp i dag. Eg var såå trøtt, kom opp på badet og tok på meg pysjen.. og då eg såg meg i speilet så hade eg jo bare dei fine vippene. Eg følte meg så fin i forhold til vanlig når eg er står der trøtt og usminka! Til og med Øyvind som aldri legger merke til nokonting (hehe) syns at det var veldig fint, og han sa at kom til å bli vanskelig å sei nei til dei blafrende augene no! ;)

Eg var nemlig i ein salong her i Førde i går og fikk vippeextensions!
Salongen heiter «Din Salong Negler» , og det er ei jente som heiter Janne som driver denne. Ho er utdanna hudpleier, negletekniker og vippestylist. Ho var så flink, og eg er bare kjempe fornøyd! ♥

Eg ønska at det skulle være litt «naturlig» (hehe, ikkje for lange eller for bua om du skjønner) – så det eg fikk var B-curl 10, 11 og 12mm – for dei som er interesserte.

Fantastisk at eg slepper å bruke mascara, det er faktisk noko av det verste eg veit med å sminke meg.. å legge mascara. Vippene er litt stive no, men etter 24t kan ein ha vann på vippene, så i ettermiddag skal eg dusje, og då blir dei litt mjukere.

2015-04-09 20.03.56

Har du prøvd vippeextensions før?
– Eit nytt sett koster 1500kr, du får også med ein liten børste.

Om du blir hekta og vil ha det videre, så koster det ikkje like mykje neste gang. Det kjem an på når du kjem tilbake men det ligger på ca.  750 – 850kr med påfyll.

Om du bur i Førde eller i nærheten så anbefaler eg virkelig denne salongen.
Du kan bestille online også som er veldig praktisk, se her.

———

No er eg klar for tur!!! Gran Canaria here i come!!
Drar til Oslo ikveld, og i mårra tidleg drar eg og 10 andre femelle-jenter på tur, yaaay!! ;)

autograf

 

Hud, Hår og Skjønnhet. Jul

Skjønnhet & Velvære

24. november 2014

expertønsker

 

1. Ladyshaver, Braun  //   2. Rettetang, GHD  //   3. Presisjonstrimmer, Philips  // 4.«Rio Blue Tannhvitning»  //  5. Manikyr/Pedikyr Sett, Scholl  //  6. Varmeteppe ,Beurer  //   7. Hårføner, Babyliss  //   8. Fotbad, Scholl  //

Eg fortsetter å dele poster med inspirasjon til julegavetips, og kanskje ein kan unne seg sjølv noko også til jul ;) 

Alt dette finner du på Expert sin nettbutikk, under denne kategorien. Eg henger meg ofte opp i ein spesiell butikk når eg først begynner å kikke!! Her inne kunne eg jo tatt med SÅ masse, som fks. all slags ting til kjøkken også, men eg prøvde å holde meg til eit tema; nemlig produkt til hud/hår/kropp :)

Eg har nokre av disse produkta sjølv, fks rettetanga fra GHDnr 2, den er utruleg god – og eg er heilt avhengig av den. Dette er jo eit produkt som er verdt å bruke litt penger på, og som varer og varer + at eg bruker den så og sei daglig!!  Det samme med hårføner, den bruker eg kver tredje dag når eg vasker håret – eg har ein anna modell fra babybliss som sikkert har gått ut av markedet(hihi, den har vart lenge!), men nr 7 såg veldig lik ut. Det er jo litt dyrt med ei slik rettetang, men det er ei perfekt gave fra fks. kjæresten!! 

Eg har nr 3 som brukes på ansiktshår, genial til å få vekk alle lyse småhår over og under bryn.  (eller du kan også bruke på lyse hår over leppa, eller andre plasser du måtte trenge.)

Fotbad er ein veldig fin gave til fks. mamma eller svigermor! (Eg har gitt til mamma før) Det er så herlig med eit varmt fotbad, spesielt på vinteren, og å smøre seg inn med ein god fotkrem etterpå!! Velvære!! ;)

I forfjor var eg veldig spent på den eine gaven fra min kjære. Det var ei stor eske, og eg skjønte absolutt ingenting. Han sa at det ikkje var noko eg ønska meg, men virkelig hadde bruk for.. så eg spekulerte veldig der. Eg skal innrømme at eg først blei ganske skuffa då eg endelig åpna den, og det viste seg at det var eit varmeteppe. Men gjett om eg har elska den gaven og brukt den flittig heile vinteren dei siste to åra, det er så deilig å legge seg når senga er oppvarma – eg er nemlig ein frysepinn og hater å legge meg i ei kald seng. Stakkars Øyvind, han var jo veldig flink som fant på noko så lurt, og i ettertid har eg virkelig rosa han for det altså, hehe.. det skal seies at han hadde fleire gaver på lur den jula som nydelig undertøy og lekre øredobber! ♥♥
Så dette er egentlig ein veldig fin gave til ein frysepinne!! Eller til deg sjølv ;) Eg skal finne fram mitt ikveld, det har begynt å bli så kjølig på nettene!!

Nr 1, 4 og 5 er ting eg virkelig kunne tenkt meg, nokon som har erfaring med dei produkta??

Pssst… eg ser også at Expert har ein konkurranse gående der du kan vinne produkter for opp til 100 000kr !! Eg har sendt inn min ønskeliste, tenkte eg bare skulle tipse dåke om det!! Trykk her for å bli med!

 

PS. Dei produkta eg har som eg har nevnt har eg ikkje fått sponsa, det er bare produkt eg er veldig fornøyd med :)

autograf

Diverse Hud, Hår og Skjønnhet.

This Is Me.

17. juli 2014

_61A0658_61A0642
Meg med, og uten sminke. Det er viktig for meg og understreke at bildet uten sminke ikkje er redigert i det heile tatt, noko lillebror blei imponert over då han veit kor vanskelig eg syns det er. På bildet med sminke så har eg på meg litt foundation, rouge i kinna, mascara på dei øvre vippene og lypsyl. 

Eg fyller 30år om eit par måneder, men likevel så kjenner eg på presset om å heile tida skulle prøve å se så bra ut, og ikkje minst med å stadig prøve å se bedre og bedre ut.

Sjølv om eg veit at jenter eg ser på film, tv-reklame eller på bilder i eit magasin ofte er retusjert, har på seg mykje sminke, at dei har frisør, makeupartist, stylist og heile pakka som sørger for at dei skal se så bra ut-  så er det nettopp dei eg sammenligner meg med når eg ser meg sjølv i speilet. Og det eg ser, det er eg ikkje fornøyd med.

Eg er ikkje i mot sminke. Men eg tenker at det er begynt å bli litt kokko når ein ikkje kan føle seg vel uten. Greier ikkje å slappe heilt av uten. Eg kan for eksempel ta meg sjølv i at eg har sminka meg i tilfelle nokon skulle ringe på døra. Litt farge i kinna, dekke til urenheter og mørke ringer under augene + litt gloss på leppene.. sjølv om eg er heilt aleine i huset. Bare i tilfelle. Etter at eg virkelig tenkte over dette for nokre veker siden, har eg ikkje sminka meg når eg er aleine.

For kva hadde skjedd om eg hadde åpna døra uten noko sminke? Sjansen er desverre stor for at eg hadde fått eit slikt spørsmål: «Å, er du skikkelig dårlig i dag?»  Det er ofte det ein tenker når ein ser nokon uten sminke. At dei er sjuk, at dei er svært trøtt eller at dei er i dårlig humør. Eg har hørt det før når folk har sett meg uten sminke. «Ja, eg ser at du er veldig dårlig i dag»  – og einaste forskjellen fra dagen før er at eg hadde sminke på meg då.

Eg går jo ofte uten sminke her heime. Eg er ofte veldig dårlig og har null energi til å ordne meg. Eg er likevel veldig obs på korleis eg ser ut til ei kver tid, og det plager meg. Eg syns ikkje at det er særlig kjekt å sitte i sofaen med fett hår, ingen sminke .. og så er det den eine perfekte dama etter den andre på tv-skjermen. Då snakker eg tynn og veltrent (men med kurver på dei riktige stedene så klart), lange augevipper og glansfult hår, ei kvit perlerad av tenner, glatt og nydelig hud, kjempefine klær og ei fantastisk personlighet på toppen av alt.. Eg veit det er mykje falskt, men eg suger det til meg-  og eg tenker dårligere om meg sjølv. Og eg har fleire ganger tenkt at eg skulle ønske eg hadde sminke på meg og at eg ikkje satt der og såg heilt drit ut. Eg trur nemlig at eg ser drit ut når eg ikkje har sminke på meg, og at eg ser heilt ok ut når eg har sminka meg. Aldri fin. Det tenkjer eg aldri om meg sjølv.

Det handler også mykje om korleis ein har det inni seg. Det påvirker ihvertfall meg. Det er klart at når eg er så sjuk og møter så mykje motgang så blir eg deprimert. Det er tunge og lange dager som er prega av sjukdom. Når eg er deprimert så blir eg jo med ein gang meir negativ til alt, som fks. utseendet mitt. Eg tar med alt det negative om meg sjølv i det eg ser meg i speilet. Då tar eg med alt i fra at eg har tjukk mage, ettervekst, sprengte blodkar på beina, til at eg ikkje er i jobb med i vurderinga når eg bare ser ansiktet mitt i speilet. Alt det negative er med i vurderinga – og eg summerer med S T Y G G.  Temmelig fucked up ja. Eg er ikkje heilt klok, hehe..

Eg skulle ønske at eg kunne sei at eg er fornøyd med meg sjølv, og at alle burde være glad i den kroppen dei har – men eg er ikkje det, og eg har dermed full forståelse for at andre tenker sånn også. Men det er virkelig målet mitt er å kunne like meg sjølv. Ikkje bare ansiktet, men heile kroppen. 

Skal eg få til det, å like meg sjølv så veit eg kva eg må gjere. Eg må ta meir vare på kroppen min. Då tenker eg på eit bedre kosthold, og meir fysisk aktivitet. Det er ikkje alltid så enkelt når ein er sjuk, men det er det eg prøver på om dagene. Då meiner eg ikkje hardtrening eller sulting, men med ei fornuftig holdning til det. Eg meiner at ein skal være glad i kroppen sin, men det er ikkje å være glad i seg sjølv om ein eser ut og legger voldsomt på seg. Det er hverken bra for kropp eller sjel. Ein er jo utsatt for mykje meir sjukdom om ein er overvektig, og det er ikkje sunt  – i likhet med at det ikkje er sunt å være opptatt av å skulle være for tynn eller overtrent. Alt med måte er vel stikkordet.

Eg veit kva som skal til for at eg føler meg bedre – og eg er i gang med å jobbe med dei småtinga som eg kan endre på som fks. magen min som eg er så missfornøyd med. Den kan bli bedre med trening. Andre ting eg jobber med er å godta korleis eg ser ut som fks. ansiktet mitt, og å lære å like det. Eg har oppfordra min kjære til å gi meg meir kompliment, fordi eg virkelig trenger det. Han seier jo at han syns eg er nydelig uten sminke, men han må bare fortsette å seie det til eg får det inn i knollen – eg har desverre store problem med å tru på det. I tillegg har eg/vi sett mindre og mindre på filmer eller ting som eg veit kan gjøre meg meir deprimert og missfornøyd med meg sjølv. Eg har åpna døra til postmannen, og det gjekk heilt fint, sjølv om eg tenkte på etterpå at han sikkert tenkte at ho var stygg. Eg jobber med det, og eg skal klare det – fordi eg trur det må være mykje lettere i kverdagen når ein faktisk liker seg sjølv.

Eg håper jo at når sjølvtilliten er bedre og eg har jobba med det ei stund – at eg til slutt kan sjå ei sexy dame og tenke at wow ho var fin, men det er eg og!

—————————————

Nydelig sang og video, med eit viktig budskap.
Om du ikkje har sett musikkvideoen så anbefaler eg den, lytt til teksten og se personene i filmen med og uten sminke. Den heiter Try, av Colbie Caillat.

«Wait a second,
Why, should you care, what they think of you
When you’re all alone, by yourself, do you like you?
Do you like you?

Take your make-up off
Let your hair down
Take a breath
Look into the mirror, at yourself

Don’t you like you?
Cause I like you «

autograf

Hud, Hår og Skjønnhet. Konkurranse

Eau Fraiche

30. november 2013

PB176436PB176431
Acqua di Gioia «eau fraiche», Giorgio Armani. 

Denne fikk eg i tidleg julegave fra mamma, ei fin oppmuntring før reisa til Tyskland. Eg har ønska meg denne parfymen leenge, så eg blei kjempe glad! Eg er jo veldig plaga med migrene, men akkurat denne parfymen har eg tålt då eg har prøvd fleire testere for og se om eg tålte den, den er mild og frisk. Den dufter himmelsk!! Tusen takk mamma! ♥♥

Det er lørdag i dag, og det er tid for og kåre vinneren av give awayenGratulerer til Kamilla Haaland – du har vunnet gavekort hos SheInside på 50$ + ein fin topp!! Eg har sendt deg ein e-post!

Til dåke andre; Bedre lykke neste gang. Håper alle får ein fin lørdag!! 

autograf

Hud, Hår og Skjønnhet.

Make-Up

21. november 2013

PB116382PB116385
Toalettveske (men som eg også bruker som clutch!), Lindex .
Foundation, Lancome  //  Primer til augelokk og ansikt, Estee Lauder  //  Blush & Solpudder, Clarins  // Concealer, Estee Lauder  //  Lipgloss, Chanel  //  Mascara, Lancome, «hypnose star»  //  Sminkekoster, Sigma  //

Sminke er veldig viktig for meg no om dagene då eg er så plaga med huda for tida og ser ut som eit pizzatryne uten sminke. Det kjem av sjukdom, mykje medisin og hormoner i ubalanse. Eg håper virkelig at det kjem seg snart, eg merker at eg blir i skikkelig dårlig humør og at sjølvbiletet mitt er ganske lavt når eg ser sånn ut.

Det er kjekt med sminke når ein bruker det for og framheve gode trekk og bare for og pynte seg litt, men det er derimot ikkje så kjekt når ein må bruke det for og dekke til med fleire lag for og dekke over store områder med kviser. I tillegg til kviser så sprekker huda mi og eg flasser, og det blir ei god blanding av tørre områder og kvisete områder.. hurra!

Eg er jo flink med og rense huda kver morning og kveld, men det einaste som nokonsinne har hjulpet for huda mi, er p-pillen Diane. Den slutta eg på i sommer, men kvisene kom tilbake ganske kjapt, så frustrerende!! Eg har nettopp begynt på den igjen, men det tar jo ca. tre måneder før den gir full effekt.. så då er det bare smøre seg med tolmodighet! Eg kan jo ikkje gå på den resten av livet akkurat, men det er så mykje andre plager eg sliter med at eg orker ikkje og ha problemhuden på toppen av alt. Ein ting er at det ikkje ser fint ut, ein anna ting er at eg er så sår og øm i heile ansiktet og på halsen då det er tett i tett med små nupper og kviser som gjør at det er vondt og bare vaske ansiktet..

Eg veit at det er fleire som har det verre enn meg med full akne. Men om eg lar det gå lang nok tid no så blir det full akne hos meg også, derfor begynte eg på Diane igjen, fordi eg orker ikkje og sjå slik ut som eg har gjort før!

Veldig takknemlig for at sminke eksisterer ihvertfall, slik at eg føler at eg meg litt bedre!

autograf

Hud, Hår og Skjønnhet.

Aussie Street Art

5. juni 2013

P6055863P6055866P6055862

There’s more to life than hair but it’s a good place to start.
The Aussie Philosophy.

Eg elsker produkta til Aussie, og no har dei fått tre stykk nye hårkurer. Om du ikkje har prøvd Aussie sine produkt før så anbefaler eg det virkelig, dei dufter himmelsk som godteri og tyggis, loove it!! Eit ekstra pluss er at prisene ikkje er så stive som andre hårprodukt.. ei flaske med hårkur koster kun 119kr.

Disse produkta er «limited edition», og kan kjøpes på Vita i ein begrensa tid fra og med midten av juni.. løp og kjøp girls! ♥♥

autograf

Hud, Hår og Skjønnhet.

29.04.13

29. april 2013

P1015362P1015368

Mandagslykke!

Vært hos frisøren og stripa håret litt på morgenkvisten. Det er fortsatt litt gulsksjær i det, men det går nok snart vekk med endå meir lillashampoo..  og så tok eg litt lysebrune striper i håret slik at det blir litt meir spill i det. Ellers er eg avhengig av Moroccan oil, og måtte ha ei ny flaske! Eg bruker det alltid i vått hår før eg føner det, og så litt i tuppene etterpå når det er tørt – supert produkt. Eg fikk også pakke i posten idag fra iherb med masse sjokolader fra atkins, kjekt og ha litt i bakhand om søtsuget skulle komme;)

Eg hadde egentlig masse på planen idag, men eg måtte avlyse det meste då eg er ganske dårlig og starta dagen med besvimelser og veldige muskel&leddsmerter i heile kroppen.. no er det sofaen resten av dagen, netflix, magasiner og avslapping som gjelder.

God mandag til alle sammen♥♥

autograf