Browsing Category

Trening

Mat / Oppskrift. Trening

FROKOST & YOGA

1. juli 2018

Sommer i ei skål!
Vaniljeyoghurt, valnøtter, jordbær og banan + litt kokkos.

Grønn te, eneste type te eg drikker for tida.
Eg drikker denne økologiske, eg kjøper den på rema1000.

I går starta eg dagen med yoga (!)
Eg har tenkt å prøve å gjøre det nokre ganger i veka, og se om eg klarer det.
Eg lasta ned appen «Down Dog» – anbefales!

Der kan du bestemme tid, og type program sjølv.
Eg prøvde «Beginner 1» på full practice og i 25 min.
Det var meir enn tungt nok for min del!

I dag kjenner eg at eg er stiv og støl,
smertene er verre og migrenen er intens.
I mårra skal eg prøve igjen.

Når ein sitter/ligger mykje så forfaller kroppen veldig,
så det er derfor eg prøver igjen og igjen å trene litt,
og kanskje yoga er det rette for meg – eg håper det.

Eg trenger å bli litt sterkere i kroppen,
men det er vanskelig å trene når ein har så mykje smerte.
Dei dagene eg sliter med å gå fra senga til sofaen, halter,
og nesten ikkje klarer å skjære brød pga handledda, så er det jo
umulig å trene.. det er alltid det som gjør at det stopper opp.
Fordi eg er for dårlig, og fordi eg ofte blir verre og kun verre, og ikkje
får noko igjen for det. Men eg håper at eg kan klare dette i ein periode.

Wish me luck :)

Dagens Antrekk Trening

Active Wear

15. april 2015

OLYMPUS DIGITAL CAMERAOLYMPUS DIGITAL CAMERAOLYMPUS DIGITAL CAMERATights + SportsBh, KappAhl (Sponsa)  // Sko, Nike // Topp, Lindex //

Eg og Maria stod opp tidleg i dag og tok ein tur på stranda før sola kom!! Herlig :)

Digger det nye treningstøyet mitt fra KappAhl! ..og ikkje minst skoa mine, dei er eg bare såå glad i!

Kanskje vi tar oss ein tur på treningssenteret ein dag også!! Eg har jo komt heilt ut av det programmet til Kayla Itsiness ,men eg tenker at no er det ferie – og programmet kan eg fortsette på når eg kjem heim igjen, hihi..

Fin mandag til alle sammen!!

autograf

Shopping, inspirasjon ++ Trening

Nike Love

7. april 2015

P7126000P7126011

Wow, det er sjukt at over 131 000 personer har likt bildet mitt på weheartit!! Du finner bildet ganske høgt oppe om du søker på «fashion» og sorterer det etter «most popular».

Eg elsker disse skoa, og blir så glad når eg tar dei på meg – fargen er bare fantastisk fin!! ♥♥

Det som er litt dumt med å dele bilder der er jo at ingen til slutt bryr seg om kem sitt bilde det er.. det er først når ein trykker på «more about this image» nederst , at ein virkelig får vite kem som har posta det først.. men er likevel gøy at så mange har likt det då!

Er du på weheartit?
Her er profilen min: RegineF  – eg elsker å sitte å kikke der innenår eg trenger inspirasjon.

shoes

autograf

Trening

Bikini Body Guide

23. mars 2015

kaylaitsines

Det er veldig vanskelig for meg å kombinere trening med sjukdom. Når ein ikkje har noko energi å ta av i utgangspunktet så er det veldig tungt å skulle kle på seg, pakke bagen og ta bussen ned på treningssenter. Eg klarer ikkje å trene så lenge om gangen, så det blir veldig mykje stress for liten tid med trening..

Eg har dermed meldt meg ut av spenst sjølv om eg har fått masse god hjelp der.
Eg kom meg bare aldri dit desverre!

Eg har fulgt @kayla_itsines ei god stund på instagram – og eg har blitt veldig nysgjerrig på det treningsprogrammet ho har laga. Gå inn på heimesida hennes her! Det er SÅ mange jenter som følger ho – 2,3millioner på instagram. Og det er så mange jenter som deler bilder med før og etterbilder, som kayla deler på sin konto. Det er så inspirerende å gå inn på kontoene til dei jentene og se kor stor forandring dei har fått bare på 6-7 veker! ..for ikkje å snakke om når dei har trena 12 veker eller lenger!

Så i forrige veke kjøpte eg endelig programmet!
Det er en pdf med 189 sider. Det er eit treningsprogram for 12 veker. Det står dag for dag kva du skal gjøre. Det står kor lang tid du skal bruke, og det er tegninger med kva øvelser du skal gjøre. Så utrulig detaljert, forklarende, og oversiktlig!! Eg har printa ut dei første vekene med program så eg har det foran meg når eg trener..

Eg begynte på pre-training siden eg ikkje er så godt trent i utgangspunktet. Det er sjukt hardt, så eg lurer på korleis det blir når eg begynner på det egentlige programmet, hjelpes!! Det er med handa på hjertet det mest effektive treningsprogrammet eg nokon sinne har vært med på. Aldri vært så støl i mitt liv, forrige veke var grusom, hehe.. men det føles godt!

Det som er genialt for meg, og for andre som ikkje har all verdens tid til treningssenter er at ein kan gjøre det heime på stuegulvet! Det er ikkje mykje utstyr ein treng, og det står liste over kva du bør ha. Det ein treng er manualer, yogamatte, en medisinball, hoppetau og musikk så klart!! Det står «step» også på lista, men eg bruker bare ein lav stol å tråkke opp og ned på, om du har ei kasse eller noko så kan du bruke det – ikkje nødvendig å kjøpe ein step.

Styrketreningsøktene varer ikkje lenger enn 28min – men det er 28 intense minutt. Det er sirkeltrening med 8 forskjellige øveleser, i 7 min om gangen og så 1 minutt pause. 7 X 4. Og så strekke ut! I mårra er det kondisjonstrening i 35-45minutt – og då blir det aerobic på stuegulvet.

Før helga då eg tok meg ei økt så besvimte eg 9 ganger, så det er hardt på slike dager – but i did it! Yaay!

Eg rekker ikkje akkurat å få så store forandringer innen turen til Gran Canaria, men satser på at det er litt forandringer til mai, juni! Ei veninne følger samme program som meg, så vi snapper til kverandre og følger aktivt med på instagrammen til Kayla , det gir sånn motivasjon til å fortsette!! :)

Programmet kan du kjøpe HER – det koster ca. 564kr. Eg er kjempe fornøyd!
Eg har ikkje kjøpt kostholdsplanen hennes, eg føler eg er ganske flink med kosthold og at eg veit kva som er bra og ikkje bra. Programmet eg kjøpte heiter «Bikini Body Workouts» for dei som lurer.

Eg har tatt før-bilder, og når eg etter ei stund ser forandring så skal eg dele dei, sjølv om eg gruer meg litt til det!! Eg elsker jo når andre deler, så eg må jo gjøre det sjølv! Det er ein del av programmet, ho skriver at det ikkje er vekta ein bør fokusere mest på men bilder – då ser ein forandringene lettere. Det står korleis du bør ta dei, og sånne ting som at du alltid bør ta dei på samme plass, med samme klær i samme lys osv.. Ta bilder av foran, på siden og bak og så får vi ei påminning i programmet når det er tid for å ta nye bilder. Om du vil dele dei er jo opp til deg – men det er uansett kjekt når ein sjølv ser forandringer etter kvert – gleder meg til det!!

Følger du ho på instagram? Har du hørt om ho eller programmet før?

autograf

Trening

Fresh Start!

8. september 2014

2014-09-08 12.18.09

Det er mandag, og det er SKJERPINGS!
Det har blitt alt for mykje tulle(trøste)mat når Øyvind har vært vekke..

Eg bakte haugevis med boller og har jo spist alt for mange dei siste dagene, dei var veldig gode, haha.. eg klarer ikkje å stoppe når eg først er i gang!! Det har blitt brus, pizza og alt for mykje brødmat. Eg meker at eg ikkje tåler brødmat så godt lenger og bør holde meg unna det, til og med grovbrød.. og eg som er så glad i brød!! Hulk!!

Er heldigvis veldig glad i smoothie, og trass i at eg drikker denne grønne smootien nesten kver dag – så er eg ikkje lei den endå. I dag lagde eg eit lite glass og spiste litt yoghurt og bær til.

Det er ikkje lett å trene så mykje for meg pga. helsa  – men idag klarte eg å sykle i 20min (ok, då, 19 og 1/2 min) på ergometersykkelen som eg har lånt av mamma. Eg har satt den i stua, akkuratt sånn som pensjonister gjør, haha.. Det ser jo ikkje så fint ut, men er veldig praktisk og ein irriterende påminner om at eg bør sykle og ikkje sitt på ræva og spise..

Bakdelen med at eg klarte å sykle i så mange minutt (dette er ei lang økt for meg pga. sjukdommen) er jo at eg no har intense smerter, blør kraftig (beklager for at eg er så åpen , men det er sannheten.. mensen x 10 ), er kvalm og elendig. Og alle plager er forsterka no etter litt aktivitet. Eg sykla bare rolig og drakk masse vann.. men kroppen spiller jo ikkje heilt på lag med meg. Det er det som er med borrelia, det er såå mange forskjellige plager heile tida – eg trur ikkje folk skjønner kva det går ut på. Det er så mykje meir enn å «bare» være konstant totalt utslitt, smerter og muskelplager.. det er så mange plager rundt i heile kroppen pga. at borreliabakterien lurer seg inn og lager helvete over alt!  :((

Eg er egentlig alt for dårlig til å trene.. men så var det det sjølvbildet då. Eg skreiv om det HER, og for at eg skal bli meir fornøyd med meg sjølv og slippe å hate kroppen min sånn, så må eg gjøre noko. Det er ein tricky situasjon, men eg må bare prøve så godt eg kan. Som eg har sagt/skrive før så kan eg ikkje bare lytte til kroppen min, hadde eg gjort det så hadde eg ikkje stått opp morningen, spist, dusja eller nokonting.. for eg har null energi å ta av , og så masse smerter og ubehag heile tida..

Sjølv om sykkelen står her så har eg vel sykla på den 5-6 ganger på nokre måneder. Håper at eg kan få til eit par ganger i veka, det er målet.. på 10-20 min. Viktig å ikkje sett for høge mål. Kanskje eg etterkvert orker litt styrketrening også. Eg er jo medlem i Spenst, og håper at eg snart kan orke å ta turen ned å trene der etter kvert.. kanskje til våren!

Ellers er det kostholdet eg fokuserer mest på. Trening er ikkje så lett, men kostholdet kan eg jo gjøre noko med. Har jo vært flink – men når ein stort sett sitter/ligger heile dagen, kver dag.. så skal det ikkje mykje til for å legge på seg. Alderen har vel noko å sei også.. merker at det legger seg fortere på magen no enn før. Blæ. Det er mage og sideflesket som er eit problem hos meg, skal eg ta på meg ein inntilsittende kjole så ser eg faktisk gravid ut, og det er litt kjipt..

Eg lager alltid vekesmeny om kva vi skal ha til middag.. og handler inn for ei veke om gangen. Skal sette meg ned og lage den no. Kanskje eg deler den seinere og tar bilder av kver middag her med oppskrift, høres det interessant ut? :) 

autograf

Shopping, inspirasjon ++ Trening

Pink Lace

10. juli 2014

2014-07-10 14.00.36

Eg fikk ein nydelig body av mi gode veninne, Eldrid. Ho har forresten ein blogg også, se her. Den handler om interiør, ho tar så stemningsfulle og herlige bilder – verdt å sjekke ut! Ho er forresten forloveren min ♥

Eg prøvde den i dag og den passa perfekt! Så nydelig ferskenrosa-farge, den blir fin og kombinere til shorts/skjørt i sommer!!

Eg må bare kjøpe meg ein shorts som passer først, haha, eg har nemlig lagt på meg såpass mykje siste året at alle sommerklærne mine er alt for trange..  Både kjoler, skjørt og shortser!!  Eg som alltid har kunne tatt fram samme klær om og om igjen år etter år. Gjett kem som skal tilbake til diett og kutte ned tullemat! Eg er jo sunn innimellom,  men samtidig som eg spiser frukt og bær så stapper eg i meg chips og drikker bøttevis med cola når kvalmen er intens.. som eg er så alt for ofte desverre :(

Eg har begynt på den der 30-day squat challenge som florerer på blogger og instagram for tida, hehe.  Se bildet HER.

Dag 1 var ille nok med plutselig 30 knebøy.. i går blei det pause pga. at eg var alt for dårlig, men i dag klarte eg å gjennomføre dag 2  med 50 knebøy. Eg skal jo prøve å legge til litt meir som fks. sykle litt på ergometersykkelen som står midt i stua no som eg låner av mamma, og fks. ta litt situps og slikt! Ikkje så lett å trene når ein er så dårlig, men eg må jo prøve!!

Fin kveld til alle sammen:)

autograf

Mat / Oppskrift. Trening

I’m not Dieting..

21. mai 2014

2014-05-21 12.53.272014-05-21 12.20.51

 

I’m changing my

 

Lifestyle ♥

 

Det er så mange som spørr om eg er på ein spesiell diett. Eg var det då eg gjekk på ein hard antibiotikabehandling. Vi fikk opp augene for kor mykje søppel vi fikk i oss av alle ferdigvarer, junkfood, snop ++
Øyvind har alltid vært sunn og obs på slikt, men eg har ikkje vært heilt med på det – og eg har alltid misslikt folk som er så sunne og som skal snakke om kor mykje sukker det er i ditt og datt..  men plutselig så er eg ein slik person sjølv, haha.. ironisk :D

Det er heilt sjukt kor mykje sukker, salt, estoff, tilsetningsstoff og tull det er i ting ein kjøper på butikken. Vi har siste åra laga all mat fra grunnen av. Det er ingen posesupper eller ferdigvarer her lenger. Før syns eg at dollypizza var nydelig godt, og sist eg prøvde det blei eg svært skuffa.. eg liker det ikkje lenger. Maten vi lager fra bunnen av er hundre ganger bedre, og vi veit alt vi får i oss som er ein god følelse. Vi er jo veldig glad i å lage mat og koser oss på kjøkkenet!! Vi bruker masse spennende krydder, dyrker urter sjølv og drømmer om eit lite drivhus i hagen så vi kan dyrke meir..

Dei dagene eg er skikkelig sjuk og kvalmen står i halsen eller at eg kaster opp; så er det desverre kun cola og lakris som gjelder.. men det får bare gå. Eg er ikkje heilt panisk, men prøver jo for det meste å ta gode valg i kostholdet mitt. Tenker at eg skal få kose meg litt ekstra på fredager og lørdager, greit å ha noko å sjå fram til :)

Om eg bare kunne blitt litt bedre så ville eg trena, men akkurat no så er det ei utfordring å gjøre dagligdagse ting som å vaske håret, rydde ut av oppvaskmaskina og slike ting..  men så fort eg klarer, så vil eg gå litt turer igjen og ta små treningsøkter. Eg er så motivert, men har ikkje eit fnugg av energi desverre. Gleder meg til eg kan være litt meir aktiv igjen, håper på ein god periode snart!!

P.S. Smoothien på bildet laga eg til lunsj i dag, liker den meir fast enn rennende og spiser den med skei. Masse frosne blåbær, jordbær, litt sitron, vaniljeyoghurt og så la eg den lagvis i eit glass med smoothie, havregryn, yoghurt + litt friske bær på toppen:)

autograf

Shopping, inspirasjon ++ Trening

Nike Free

12. juli 2013

P7126000P7126020P7126010P7126015P7126011

Weeeh!

Nye joggesko, igjen! Ja, eg er blitt shopaholic på treningsfronten som eg snakka om.. og plutselig klikka eg heim disse freshe skoa! Til mitt forsvar, så kosta dei faktisk kun 548kr + at det var gratis levering. Her snakker vi KUPP.

Eg kjøpte dei på «GooDay«.. ein nettbutikk eg ikkje har hørt om før. Eg har disse om du lurte, og nike-logoen på sida er i grå refleks, men siden eg tok bilda ute så såg det nesten ut som at den var kvit.. Eg har 35/36 i sko, så eg kjøpte disse i 36, dei passer, men eg kunne sikkert passa inn i 37 også.. så gå opp ihvertfall ein størrelse er tipset! (Dette er på ingen måte reklame for butikken, bare eg som er så happy og fornøyd!)

Min kjære er ikkje like happy då eg har tre par treningssko som ikkje er slitt.. han meiner at eit par må slites heilt ut før ein kjøper neste par! Han skjønner jo ingenting, hihi,  ein må jo variere litt i farger, sko og tøy.. det gjør treninga endå kjekkere!!  Eller kva jenter??! ;)

Edit: Ei veninne tipsa meg i kommentarfeltet om at det kanskje er fake, og det er jo faktisk mulig (det hadde eg ikkje tenkt på ein gang!) – men eg er ihvertfall veldig fornøyd med skoa, dei blei levert raskt og svarer til mine forventninger.. eg klarer ikkje og se at dei muligens er falske, men eg kan ikkje garantere for noko. 

autograf

Shopping, inspirasjon ++ Trening

Activewear!

28. juni 2013

wishlist1

 

1. Topp – 499,-  // 2. Shaker – 99,-  //  3. Sports-bh – 289,-  //  4. Shorts – 139,-  //  5. Sko – 1095,-  //  6. Kettlebells – 399,-  

 

wishlist2

7. Tights – 399,-  //  8. Drikkeflaske – 279,-  //  9. Topp – 379,-  //  10. Topp – 449,-  // 11. Sko – 1035,-  // 12. Sports-bh – 349,-

 

I dag har eg handla litt treningsklær.. en shorts og en topp fra h&m (se på instagramkontoen min om du er nysgjerrig: @regineforsund ) og en shorts fra cubus. Men det er fortsatt maaaassseee som står på ønskelista når det kjem til treningstøy!

Eg fant ut at «problemet» mitt etter eg hadde handla  idag var at eg no treng nye sko som matcher mitt nye tøy.. har lyst på eit par som enten er knallrosa som på nr 11 eller som har litt rosa detaljer som på nr 5.. det står øverst på ønskelista akkurat no når det kjem til treningsklede ♥♥  Etter det kjem ny sports-bh, og denne gangen har eg lyst på ein fra nike i enten kvit eller rosa.  Det er jammen greit med litt skift i treningstøy når ein trener fleire ganger i veka, føler eg vasker på samme toppen og buksa heile tida.. så dette er bare fornuftig og kjøpe seg meir av slik at eg slepper og sette på ei heil maskin heile tida for berre nokre få plagg ;))

Eg har allerede ein shaker som er supersøt, se her.. men eg fikk lyst på denne over også, kjekt og variere litt! Ellers har eg litt manualer, strikk, matte, balansebrett fra før av.. men nokre kettlebells hadde vært greit også til treninga på stuegulvet.

Eg bare e sånn.. eg blir shopaholic i alle emner om d er hageredskap, kjøkkenting, interiør, klær, sko, dill, mat, mobildeksler.. eg elsker detaljer og eg liker(trenger) og være fornøyd med alt fra mønsteret og fargen på toalettpapiret(bør helst være kvit uten skrift og tull), kjøkkenkluter(dilla på rema100 sine rosa og turkise mikrofiberkluter som koster under 10kr!) til slikkepotten eller vispen (rosa,rosa,rosa) eg lager mat med.. alt er kjekkere når det er fint og gjennomtenkt!!

Noko du fikk lyst på? :)

autograf

Trening

Shake it!

1. juni 2013

P5305809P5305796P5305799

Shaker, Gymgrosisten  //  Proteinpulver, Prozyme (sjokoladesmak)  //  Sko, Asics  //  Topp, H&M  //  Magasin, Stella  //

Åååh, eg elsker min nye shaker!! Eg fant den på eit bilde på instagram og dreiv med mykje research før eg endelig fant den i ein nettbutikk og fikk klikka den heim! Den er jo så fiiin♥ Det beste er at den kun kosta 42kr, hurra! 

Proteinpulveret eg bruker er anbefalt fra min PT på Spenst, og det smaker veldig godt. Eg blander fire scoops med sjokoladepulver i 4dl melk. Eg har aldri likt sjokolademelk eller milkshake, så eg kan ikkje sei at eg elsker det.. drakk det for første gang i forgårs etter trening – but its growing on me. Eg har kjøpt proteinpulveret på helsekosten her i Førde, men det kan jo også bestilles på nettet. Eg har testa ut fleire oppskrifter på proteinbarer, men eg er ikkje heilt fornøyd med dei endå – så eg skal dele når eg har funnet den perfekte oppskrifta!

P.S. Hugs og bli med i min zalando give away der du kan vinne gavekort på 800kr, HER.

autograf