Browsing Category

Livet

Livet Sjukdom

WE MADE IT

25. september 2017

Det var heilt uvirkelig at eg stod på ein fjelltopp i går.
Det er vel nesten 10 år siden sist!

Mandag, tirsdag og onsdag i forrige veke var eg så dårleg som eg aldri har vært før.
Eg kasta opp i dagesvis og beholdt ingenting i magen, eg hadde over 20 anfall i timen eine dagen,
så mykje smerter at det var utholdelig, så sliten, lite søvn og intens migrene.
Eg trengte hjelp til alt, og var så svak og elendig.

Og gnisten min bare visna heilt vekk.

Då er det lov å være stolt av seg sjølv når eg nokre dager seinere kjem meg opp ein fjelltopp.
Det var vilje og ikkje energi eg gjekk på, men det var hardt – knallhardt.

Eg heiv innpå med smertestillende før eg gjekk,
og planen var kun å gå 1/3 av turen opp til eit punkt –
men så gjekk eg litt til, og litt til.

Det var fantastisk å stå på toppen igjen,
eg felte tårer fordi eg var glad –
og fordi eg angra då eg skjønte at eg hadde heile turen ned igjen. (hehe)

På vei opp møtte vi ein mann,
og han meinte at Lucy var så liten at ho kom til å sprenge seg heilt
og at eg måtte bære ho ned igjen..
– Men Lucy hadde ingen problem, ho var så flink og sprek,
og skjønte ikkje poenget med alle pustepausene mine.

Det var heller eg som hadde problem,
eg hadde tre anfall –  et på vei opp, og to på vei ned.

Det kunne gått verre, men ein kan ikkje gå rundt og være redd
for å skade seg heile tida, av og til må eg bare prøve å leve litt.
– Gul og blå på halebeinet,
og sjølvsagt endå meir smerter i dag – men eg er likevel fornøyd.

Ein filleting for mange,
men for meg er det ein liten seier.

 

Livet Sjukdom

20. november 2016

_61a6319

I same augeblikk som eg åpner augene,
er du der.

Du er med meg i alt eg gjer,
og du følger meg kor enn eg går.
Du får meg til å grine i all slags samanhengar,
utan at eg ein gong veit kvifor.

Det blir heilt svart.

Eg kjenner meg med eitt både utrøysteleg og uendeleg trist.
Alt verkar so håplaust, og eg ser ingen løysing eller lys,
det er berre mørke.

Du minnar meg på alt det dumme og alt det vonde.
Du seier at det ikkje er verdt å leve,
at eg ikkje har noko liv. At det ikkje er meir for meg der ute.
At eg ikkje vil bli betre, og at det ikkje er verdt strevet.
At eg berre skal gje opp.

Eg trur på deg.

Du seier at eg er udugeleg, og at ingen treng meg.
At eg er til meir bekymring, og meir i vegen enn til nytte for nokon.

Eg nikkar og er samd.

I mine svarte augeblikk er du verdens klokaste,
det er kun du som snakkar sant, og som har vettet i behold.

Du kviskrar i øyret mitt,
og du syner meg glimt etter glimt frå livet mitt som er vonde
å sjå, høyre og tenkje tilbake på. Du minnar meg på situasjonen min
no, og kor drit alt eigentleg er, og har vært so alt for lenge.
Det forsterkar alt vi har snakka om vi to.

Eg vil berre forsvinne.
Eg vil få sleppe å føle eller tenkje.

Eg gret og gret.
Hovudpinen går over til migrene.

 

Det er ikkje noko liv,
det har du rett i.
Det er nesten ikkje til å halde ut,
det har du rett i.
Eg orkar ikkje meir,
det har du rett i.

MEN eg har fortsatt styrke,
det har du oversett.

Kor den kjem frå det veit eg ikkje,
men eg prøvar so hardt eg kan å bekjempe deg.

Eg er so sliten, so sliten.
Men det kan ikkje slutte slik.
Eg vil prøve å snu det til noko bra.
Eg skal vise deg at eg kan.

Eg vil ikkje ha deg her.
Eg forstår at du er her, men det hjelp ikkje at du er her
i tillegg til alt det andre.

Du gjer livet mitt endå verre.

 

Depresjon,
ha deg ut av livet mitt!

Hund Livet

MY DAY

27. august 2016

_61A6436-Edit-2
Foto: Peter Førsund

Dagen starta med anfall og sol..
I går baka eg sju brett med horn – så frokosten var allerede klar.
Mange spurte om oppskrift etter å ha sett horna på snapchat og insagramstoryen min
i går, eg bruker denne (<- link)  – dei er kjempe gode!!

Øyvind og Peter har brukt stubbebryter og fått opp røttene på ei busk utenfor huset som
vi tok vekk i forbindelse med maling. Det ser ikkje so fint ut rundt inngangspartiet akkurat no,
men eg har planane klare, og fint skal det bli!

Kjekt med sterke, hjelpsomme mannfolk som
stiller opp sjølv om sola forsvann, og regndråpane kom..
– og lille venn hjalp til med å grave i jorda med munn og klør ;)

Elles har eg laga ei stor gryte med middag til Lucy i dag.
Eg har fordelt det i boksar,  og skal fryse det ned når det er avkjølt.
Det er 500g i kver boks,  denne gangen blei det fire fulle bokser,
og i kver boks er det ca. fire porsjoner.
Det er kjøtt og grønnsaker som blir most, og så tilsetter eg litt tran før servering..

Peter knipsa det fine bildet før eg og Lucy hoppa i dusjen i stad.
Nydelig, ikkje sant?

Når ho er skitten som det der,
så vasker eg bare beina og ansiktet hennes.
Ho blir jo veldig våt likevel, men ikkje på ryggen eller oppå hodet,
så det blir litt mindre tid med føning :)

No skal eg slenge meg på sofaen under pleddet, og pleie helsa,
med influensa på toppen av alt så er eg ekstra sliten.

God helg!!

Dagens Antrekk Livet Sjukdom

LIVET

12. august 2016

_61A6188
Peter tok så vakre bilder ein kveld vi gjekk tur, han gjekk med kameraet rundt halsen – 
heldigvis snappa eg minnekortet hans og putta det i pcen min. Han hadde bare sletta alle sa han,
han var ikkje fornøyd med nokre av bilda, han er så perfeksjonist. Eg syns dei var fine. så eg redigerte dei litt.

_61A6152_61A6190 _61A6150_61A6201
Kjole, Bik Bok  //  Jakke, Gina Tricot  //  Sko, Nike  // Veske, Michael Kors  // Selen til Lucy, Puppia (ebay)  //

Det blir mykje bilder av meg og Lucy,
men det er stort sett slik dagane ser ut og kun det dagane mine inneholder..

Eg er i hagen med ho, går turer, leiker på gulvet med ho.

Det er også mykje stell, enten det er klipp av pelsen, augerusk,
klipp av klør, eg lager maten hennes (grønnsaker og kjøtt),
bader ho innimellom, det er floker og børsting og det er meir leiking,
og så er det ut igjen.

Eg liker å dille med ho, og koser meg når eg steller med ho.
Eg vil at ho skal ha det godt, og liker at ho er rein og fin!

Det blir sikkert litt vel mykje bilder av ho for dåke,
men det blir sånn når det går i Lucy fra morgen til kveld her ;)

Og så er det den helsa mi som absolutt ikkje er god.

Migrenen er heilt ekstrem for tida.
Juli og begynnelsen av august har vært intens.

Epilepsimedisinen hadde god effekt i begynnelsen, veldig god.
Anfalla blei halvert.

Men så tok nevrologen ferie, og den varer jo nesten i 3mndr (!!)
og ho er ikkje tilbake før 22 august og då har eg time..
det vil sei at eg ikkje har fått økt doseringa gradvis, som eg gjorde i starten,
slik at virkninga bare har stagnert..
-Eg har stått på samme dose siden slutten av mai.
Veldig kjedelig at det blei sommerferie midt i behandlinga.

Eg trur og at eg blir meir deprimert av medisinen,
eller så er eg bare det.. uansett er eg endå lenger nede enn eg har vært.
Det er tungt, og eg sliter veldig med å holde humøret oppe.

Utad ser eg vel ok ut,
eg står opp kver dag. Eg gjør alt eg skal,
eg tar meg av Lucy,
eg prater og smiler til folk.

Men innerst inne er det svart,
og eg har konstant klump i halsen.

Eg har lyst å gråte, men eg orker ikkje å gråte meir i dag,
og eg bør ikkje pga migrenen, det gjør bare
vondt verre..

xx

Livet

FARVEL BERGEN

17. juli 2016

P1014509
Vi kjem til å savne å være her oppe,
dette var favoritttplassen vår.

P1014505I går drog vi med flyttelasset, og forlot Bergen.
Det var både trist, og godt på same tid.

Tusen takk for super hjelp til brødrene mine og Øyvind som hjalp
meg å få alt pikkpakket mitt heim til sogn!!!

Eg kjem til å savne byen, og spesielt parktilboda..
Skog og natur er jo fint, men for meg som får anfall og ofte er veldig sjuk
så kan eg ikkje stikke til fjells eller skogs. Eg må gå der nokon kan finne meg..
Ein park har vært gull verdt for meg, og det finn eg ikkje på bygda.
Nygårdsparken har vi nytta oss mykje av den siste tida, så den kjem vi til å savne.
Her blir det mest til at eg går langs vegen der bilane køyrer,
så det har faktisk vært betre å gå tur i byen enn på landet for meg.. ironisk nok.

Det er godt vi har hage, vi kjem nok til å være mykje der! ♥
Utsikta er jo heilt nydelig,
og Lucy storkoser seg i hagen!!

Eg flytta frå bygda då eg gjekk ut av 10.klasse og skulle begynne på vgs,
og eg har ikkje budd i Leirvik sida eg var 15 år..
så det er litt rart å være tilbake på ubestemt tid.

Som eg har skrive før så bur eg og mamma her litt samtidig ei stund,
eg tar ikkje over huset heilt endå. Men eg har begynt å gjøre litt småting,
og eg planlegger og smådrømmer litt ;)

Peter (lillebror) har begynt å male huset, og om berre regnet kan ta ein pause snart
så kan han fortsette med det. Eg er spent på korleis det vil bli når det er ferdig,
og då skal eg legge ut bilder så dåke får sjå.

Men det regnet tar jo ingen ende,
det har vært eit trasig sommervær så langt.
Vi får krysse fingrene for at det snart snur!!

Kjærleik Livet

EG TRENG MEIR TID

7. juli 2016

sunset-401541_1280-1024x682

Det er eitt år sida i dag,
at eg blei aleine.

Det har vært eit tøft år.

Til alle som sa at det ville bli betre om nokre månedar;
det er ikkje betre. Det er like vondt.

Det er eigentleg
verre.

No veit eg i tillegg kor tomt og trasig det er utan han.
Saknet som er der heile tida.
Kor meiningslaust alt er..

Om ein elskar nokon so går det ikkje berre over,
då må ein først slutte å elske.
Eg kan ikkje berre skru av ein knapp, sjølv om eg ofte
skulle ynskje at det gjekk an.

Ti år er lenge, og det vil ta den tida det treng..
La meg få lov å sørge, la meg få ta den tida eg treng.

Eg saknar kvardagen med han.
Og det at eg ikkje har nokon her med meg lenger.
Eg saknar alle dei tinga som ein tek for gitt når ein er i eit forhald.
Eg har aldri nokon å sovne / vakne opp med, ligge og småprate med i senga i helgene..
Eg må ete alle måltida mine aleine.
Sjå alle filmar / tvprogram aleine, ingen å kommentere ting til når ein ser på noko..
Det er ingen som som reknar med meg i helgeplanene sine lengre, ingen å planlegge noko med..

Eg er jo mykje sjuk som gjer det vanskeleg for meg å vere sosial,
eg orkar ikkje farte, eller besøke folk hit og dit.
So det er veldig lange dagar. Eg er einsam.

(Å ha ein hund er kjempe koseleg og Lucy gir meg mykje glede,
men ein kan ikke prate med ein hund – og det er noko heilt anna..
Nemner det i tilfelle nokon skulle ta det opp i ein kommentar. )

Det er hardt å miste den ein elsker.
Det er ekstra hardt å miste han når ein ikkje er i jobb,
og ein er skikkelig sjuk og ein berre er heime. Han var sola som kom heim til meg kvar dag,
og som lagde struktur i livet mitt. Han gjorde kvardag til kvardag, og helg til helg
siden han var i jobb. Han fikk meg til å le, han trøysta meg og eg var der for han òg so klart..
Eg fikk litt andre ting å tenke på enn meg sjølv, hans liv og hans ting..

Han har gjort so mykje for meg, og vært heilt topp. Vi har mange gode minner.
Eg er takknemeleg for dei åra vi har hatt, og eg ser
sånn opp til han som person.

I mellomtida er eg glad for at eg har verdens beste venn,
som er samme mann. Han er stort sett den som har stilt opp for
meg bortsett frå familie, so kva eg skulle gjort utan han ironisk nok
veit eg ikkje, he-he..

Han har hjulpet meg med min daglege kamp med både sjukdom og depresjon
via telefonsamtaler, melding og ofte besøk, sjølv om han bur langt vekke.

Eg trur at eg etter kvart skal komme meg på beina att.
Det vil ta tid, men ein vakker dag so er eg der.
To år, fem år til, eg veit ikkje –
berre gi meg litt meir tid.

Interiør Livet

FINALLY, I AM HOME.

12. juni 2016

HUSINSPO

ENDELEG
kan eg fortelje dykk om husplanane mine!!

Eg har jo ymta frampå at eg har hatt planar, og at det har vært hus og hage
på gang!! Eg har fått mange spørsmål, men eg har venta litt med å dele det
med dåke då alt ikkje er heilt i boks endå,

men eg skal ta over barndomsheimen min :)

 

-pause for reaction-

 

Eg har jo vært på leit etter ein plass å bu veldig lenge..

Det har nemleg ikkje falt meg inn i det heile tatt at det kunne
være eit alternativ å bu her, før mamma lufta det for meg for ca 3 mndr sidan.
Eg har jo lenge venta på at mamma kom til å flytte austover til søskena mine og barnebarn,
men eg har ikkje tenkt på at eg kunne ta over huset faktisk..
Eg har ikkje hatt lyst å bu i Leirvik før, så det har vel sikkert med det
å gjere også, men plutseleg føltes det riktig.

For dåke som ikkje veit kor det er så er det altså i ei lita bygd
i vakre Sogn & Fjordane.

Det er eit hus på tre etasjer, med utleigedel nede.
Eg og Lucy kjem nok til å berre halde oss i hovedetasjen.
Den øvste etasjen vil stå klar til det kjem gjester :)

Eg har ikkje akkurat noko stort budsjett til oppussing, (les: ingen)
men det må jo være lov å drøyme litt!!

Eg ELSKER alt på bileta over.
Det er berre inspirasjon eg har funnet på pinterest altså.
Det er mykje eg har lyst å gjere, men eg får ta ting etter kvart..

Huset er raudt med kvite lister,
men det haster å male sida mot fjorden, so den skal allereie malast no!

Fargen eg går for er brunsvart, litt usikker på den. Om eg syns den er for brun,
så får eg blande i litt meir svart i andre strøk. Så det blir brunsvart/svart med kvite lister,
og lysegrå mur. Raudt hus er fint, men det blir litt for koseleg for min stil.

Det er ei skikkeleg fin tomt med en liten skog på oppsida,
terasse, uthus, stor hage, og fjorden på nedsida.
Kanskje du har sett litt på snap om du følger meg der?

Endeleg får eg den roa, og den utsikta eg har lengta etter!!

Eg flytter hit i slutten av juli, og blir buande her samtidig med mamma ei stund.
Ho følger med og kikker på finn.no etter eit koseleg lite hus, eller rekkehus i Østfold,
der dei andre søskena mine bur.. og når ho finner seg noko der, og når vi har fått
ordna diverse ting så tar eg over her , kanskje til hausten.
Det blir ei spennende tid framover!!

Livet

HEIME?

20. mars 2016

P1012197Eg sliter verkeleg med å finne ut av kvar heime skal bli.

Eg sit i timesvis kvar dag og grublar,
ser på leiligheiter til sal og til utleige. Både i Hordaland,
Sogn & Fjordane, Møre & Romsdal, rundt om på austlandet,
og eg prøvar å finne ut av kvar vi to jentene skal bu.

Det er so vanskeleg når den einaste plassen eg vil bu er «heime»,
altso; rekkehuset i Førde der eg budde.
Tragisk, men sant.

Eg er ein vaneperson,
eg hatar forandring! Eg treng trygge rammer, og
faste rutinar. Det er derfor veldig viktig for meg å finne ein
plass som kan følast som heime, der eg vil vere,
og der eg veit eg kan bli so lenge eg vil fram i tid.

PA109794Kjøkkenet i Førde..

Eg har budd i Bergen i tre månadar no – og eg kan ikkje sei at eg trivst.
Eg har blitt glad i sjølve leiligheita, men ikkje i plasseringa av den.
Det er òg for dyrt til at eg kan bli verande her lenge. Alt for dyrt.

Eg har verkeleg sansen for storbyferie, det er det beste eg veit!
Men å bu i ein by, og so sentralt som eg bur no – det er ikkje mi
greie. Eg har budd i Bergen ein gong tidlegare, i eitt år,
og eg likte meg ikkje so godt den gongen heller.
For meg er Bergen ein herleg by å vitje no og då,
men ikkje so herleg å bu i merkeleg nok.

Eg trur òg at eg er meir einsam her i byen. Det er ikkje so kjekt å
høyre/sjå alle travle, festande og aktive mennesker dagen lang.
Det får meg til å tenkje på alle ting som ikkje er poeng i å tenkje på.
Der alt byrjar med «eg skulle ynskje eg var frisk,
då ville eg gjort det og det.»

Eg enda opp i denne leiligheita fordi det var ein av dei få
som var fin, og som det var lov å ha husdyr i – ein kombinasjon
som var vanskeleg å finne trass i at eg søkte på alt frå Førde,
Sogndal,og områder rundt Bergen som Åsane, Fyllingsdalen, Askøy ++

Men det er ganske meiningslaust å bu so sentralt,
med alt rundt meg – og so nyttar eg ingen av tilboda.
Eg har hverken helse eller økonomi til det,
og eg kjenner berre at eg blir påminna på alt eg går glipp av,
og alt eg skulle ynskje eg kunne gjere, kunne ha.

P1012255

Eg lengtar etter å bu på ein naturskjønn og roleg plass.
Matbutikk og post er eigentleg alt eg treng av fasilitetar.
So lenge det er internett, og post i butikk so har eg alt eg treng ;)

Eg veit ikkje om det er fordi eg er eldre, fordi eg er sliten
eller fordi det berre er slik eg er. Kanskje ein kombinasjon av alle tre.
Men det beste eg kan sjå for meg no er å kunne sitje med frukosten om
morgonen og sjå utover fjell og fjord.

Gå turar med Lucy utan å treffe på so mange menneske,
og at bystøyen blir bytta ut med fuglekvitter og bølgesus.
Eller kråke og ei motorsag, heller det faktisk.

2016-01-01 15.13.58-1
Eit kornete mobilbilde frå romjula, i Leirvik (Hyllestad kommune) 

Eg har prøvd å sjå på alle mogelege plassar og tenkt at berre eg
finn noko eg har råd til som ser fint ut, so kan eg gå for det.
Men i hjartet mitt so er det Sogn & Fjordane som kallar på meg..

Eg kunne tenkt meg å budd på ein forblåst stad som
til dømes Bulandet, eller i Hoddevika.
Eg elskar nemleg vær.
Det har eg gjort sidan eg var lita.
Eg har alltid vore glad i storm, regn og vind.

Med mi lommebok er det veldig avgrensa for kva eg kan kjøpe.
Problemet med små stadar er at det som oftast er hus og ikkje
leiligheitar for sal, med andre ord alt for dyrt, og alt for stort for meg
og Lucy. Det er desverre lite til utleige også,
so det er ikkje enkelt å finne noko.

Elles fylgjer eg med på eigedommar i Førde, Sogndal og Sandane.
Førde er ikkje akkurat ei naturperle, men eg har budd i Førde i 11
år av mitt vaksne liv – so det er ikkje rart at eg er knytt til byen.

Du må gje meg ein lyd om du veit om ei lita perle eg kan kjøpe,
eller ei fin leilighet til leige ein plass i naturfine omgjevnadar
i Sogn & Fjordane ;)

Hund Kjærleik Livet

A new chapter..

11. desember 2015

PC060490
Eit nytt kapittel starter..

Vi jentene flytter til Bergen.

I går skreiv eg kontrakt på ei leilighet som ligger i Bergen sentrum.
Eg skal bare leige i første omgang.. og så får vi se om eg finn noko eg vil kjøpe etter kvert.
Det er jo fleire parker i nærheten som eg og Lucy kan kose oss i, som fks. botanisk hage
– det blir fint til våren og sommeren!!

Eg overtar 15 desember.
Den er ikkje så stor, men plassen er godt utnytta, og den er lys og fin.

Det skal bli godt å flytte inn, og å høre til ein plass. Det blir godt for både meg og Lucy
å slå oss til ro.. det har vært mykje farting fram og tilbake i det siste.

No gjenstår den vanskelige delen, i veka som kjem skal eg til Førde..
og då blir det å pakke ned siste rest av alt som er mitt. Det må gjøres, men det er tøft.

Øyvind har tilbudt seg å kjøre flyttelass, han er alltid så hjelpsom og snill
– og eg er takknemlig for at vi er så gode venner. Han kjem til å besøke oss innimellom
også, så det er koselig at vi kan ha eit så avslappa og godt forhold! :)

PC060504
Bildene blei knipsa forrige helg,
det er koselig å ha nokre bilder av oss i lag.

Det er ei spesiell tid når ho er så liten og søt!!

Ho har begynt å bli ganske varm i trøya og er veldig vilter når ho er våken,
spesielt på morning og kveld – ho springer rundt og er heilt turbo, hehe..
Men ho sover også masse innimellom dei aktive øktene.

Ho er flink å lære, innkallingslyden lærte ho på 2min!.. og kjem springende med ein gang
eg lager ein spesiell lyd med munnen. Eg gleder meg til å lære ho meir, og til å se ho vokse opp!! :)

PC060492
Kjolen er fra Secrets By B!
Den er utruleg god og varm, eg har størrelse small.

Instagramkontoen min fungerer ikkje for tida. Eg kan ikkje skrive noko tekst, alt blir blokkert.
Eg ser det er fleire som har samme problem.. håper det snart blir fiksa!

Eg har ein give away gående på instagram!
Kommenter på dette bildet med kva du ønsker deg fra kolleksjonen til Secrets By B,
kanskje du blir den heldige vinneren!

Livet Sjukdom

A NEW HOME

3. desember 2015

PC010401
Lekker kalender fra Ms Hay (satt ned fra 399 til 200kr, fri frakt ut veka med koden XMAS )

Det er rart med det.. men om du har det vanskelig, så skal eg love deg at det er ekstra hardt i desember.
Det er fordi at det skal være ein så herlig og koselig måned med juleforberedelser, pynting, baking og kos.
I år er desember og alt i forbindelse med jul ei plage..  og eg kjenner at eg bare blir tristere.

Dagene mine består av å sitte på finn, sjekke leiligheter..  sitte med budsjett, prøve og finne ut av
kva eg skal gjøre, og kor eg skal gjøre av meg, eller oss.  (meg og Lucy)

Det er så mykje bekymring, og eg er så stressa.
Samtidig så sørger eg veldig over å måtte flytte fra heimen min, og huset vårt.

Eg tenker at eg bare må løsrive meg heilt, og planen er å finne ein ny heim i Bergen.
Eg har mange venner der, og eg har budd der før..
Det føles likevel bare heilt meiningsløst når det er uten Øyvind.
Sånn vil det vil føles ei god stund til desverre.. eg bare håper det går over på eit eller anna tidspunkt.

Det er viktig at den nye heimen er fin, og at eg kan trives..
eg er jo bare heime heile tida, så det har mykje å sei om korleis det ser ut.
Det er bare ekstra vanskelig med økonomien på toppen av alt.. det er jammen dyrt å bu,
faktisk dyrere i Førde – men likevel så er det dyrt i Bergen og det er dyrt når ein bare er ein person.

Eg er stressa, og eg trenger å «høre til ein plass». Eg MÅ finne meg ein plass, helst så raskt som mulig.
Så eg bare håper at det snart kan ordne seg, slik at eg kan roe meg ned og få bli værende på ein plass..
og ikkje måtte flytte fram og tilbake fra mamma og her i Førde.. og bu i ein koffert.

Drømmen er å kjøpe eit lite krypinn til meg og Lucy,
vi får sjå kva framtida bringer..

Wish me luck,
– eg trenger det!