Browsing Category

Interiør

Før/Etter Interiør Sponsor

STUE, FØR/ETTER

12. februar 2018

Då eg pussa opp så oppbevarte eg ein stabel med gipsplater i denne enden av stua,
dermed har eg glemt å ta før-bilde av dette hjørnet.

Her var det ei altandør, men det har aldri blitt bygd altan og garasje som var opprinneleg plan for huset.
Eg funderte på å kle igjen, men det viste seg å koste meir enn å bytte den med eit vindu.
Eg får vel aldri nok dagslys, så eg er glad eg gjekk for dette alternativet.

Lucy har fast plass med vinduet og full oversikt over alt som skjer ute.
Tipien på gulvet er hennes, og den er fra ilovedogs for dei som lurer.

Ny varmepumpe på plass,
det var rett og slett den beste plasseringa når det kom til å spre varmen i huset.
Eg syns det var litt vanskelig å plassere den der, men når eg bruker så mykje penger på
ei varmepumpe, så må eg nesten plassere den der det er best, og ikkje gjømme den vekk og få dårlig effekt.

Eg har planer om å få ein skjenk langs veggen under varmepumpa,
og eg har nokre vegglysestaker fra pov, og bilder som skal opp –
så då håper eg det vil se litt bedre ut.


Det mangler ventiler i vindua i karnappvinduet, og gulvlister mangler både i stue og kjøkken.

Vegger og tak er malt med Jotun Pure Color i Klassisk Hvit,
og i hjørnet med karnappvinduet så er det fargen Washed Linen både på vegg og i vindu.
Malinga er sponsa av Fargerike Førde.

Bord, Jysk  //  Stoler, Muuto


 

 

FØR


Her hadde eg sofaen med karnappvinduet. Dette vinduet har blitt så mykje finere når det blei listeløst.


Eit bilde fra jobbinga underveis.


 

Det blei litt forandring ikkje sant?

Som sagt så kjem det meir detaljer opp ettter kvert.
Eg må bare bu meg litt inn, og tenke over kor eg skal ha ting først.
Eg liker at det er litt    luft    , og ikkje for overfylt.

Det kjem lampe over spisebordet, den har eg fått i hus.
Ved sofaen skal eg ha ei vegglampe, men den har eg ikkje bestemt meg for endå.

Kva synst du?
Eg blir veldig glad om du legger igjen nokre ord i kommentarfeltet på denne posten.

Interiør

RANDOMS

8. februar 2018


Eg er som dåke veit, heilt hekta på grytebrød. Eg lager det to ganger i veka, blir aldri lei.
Dette er grovt grytebrød, oppskrift finner du HER

Nye puter fra h&m home, fine grønnfarger.
Du finner dei HER 


Det nye yndlingspleddet er fra Nord-Over. (eg var så heldig å vinne det!)
Det er norsk design, i 100% ull, og nei, det klør ikkje som ull ofte kan gjøre.


Til alle som spørr om planta mi på kjøkkendisken: Det er eit lite sitrustre med spiselige frukter.
Det er kjøpt på ikea, men du finner det sikkert på plantasjen også.

Før/Etter Interiør

KJØKKEN, FØR/ETTER

29. januar 2018

I samarbeid med Fargerike Førde , malinga er sponsa. //

I helga blei siste rest av jobb på kjøkkenet unnagjort,
det einaste som gjenstår no i både gang, stue og kjøkken er gulvlister –
men det blir ikkje gjort før det er oppholdsvær og saga kan stå ute, så til våren tipper eg.
Men etter ètt år med oppussing så skal eg fint klare å leve med det ;)

Det må seies at vi har jo ikkje holdt på i eit år i strekk med jobbing akkurat,
det er jo kun ein eller to helger (lørdag og litt på søndag) i måneden med jobbing +
litt intensiv jobbing før jul så eg kunne ta i bruk kjøkkenet til julemiddagen.

Ein STOR TAKK til Øyvind,
eg hadde aldri klart dette uten all hjelpa fra deg.
Du er ikkje bare ein fantastisk snill og god person,
men du er så utruleg dyktig i alt du gjør.
Eg er så stolt av deg, og så stolt av å være din beste venn.
Eg er ubeskrivelig takknemlig, og så veldig glad i deg.

Tusen takk for at du har gjort det så fint rundt meg.

I dag er eg heilt elendig,
og å labbe ut i stua i dag tidleg med dyne og pute i sofaen,
og å ligge å beundre det vakre kjøkkenet, stua og alt sammen,
det gjør meg så glad. Det hjelper virkelig på humøret sjølv om smertene
og sjukdommen herjer på.

Må også takke Peter (lillebror) som har hjulpet mykje til på slutten,
setter stor pris på det!

Eg vil også takke Kristine Slettehaug, og Fargerike Førde som hadde trua på meg
uten å vite korleis det ville bli til slutt. Tusen takk for kjekt samarbeid!!

All maling på vegger, tak, peismur og i vindu er sponsa av Fargerike Førde.
Malinga er fra Jotun, Lady Pure Color.
Alle vegger og tak + vinduer er malt med supermatt maling.

Kvitfargen i taket er Klassisk Hvit,
og fargen på veggene og inni vinduskarmene er Washed Linen.

Kjøkkenet er fra Ikea, Voxtorp.

Gulvet er er det mange som spør om, det er fra Byggmakker og heiter Cello.
Desverre er det utgått, gulvet hadde mamma lagt før ho flytta,
så eg er glad eg kunne bruke det opp igjen. Sparte ein del penger der!

Om du er ute etter eit lignende gulv, så fant eg eit veldig fint til soverommet
som heiter Winter Oak fra Pergo. Litt meir struktur i, men veldig fint.


FØR


Samme vinkel som bilder over, her var det to vegger som vi har tatt vekk.
Siden kjøkkenet ikkje var så stort så var det litt vanskelig å ta før-bilder på avstand.

 

 


 

Liker du det?

Blir glad for tilbakemelding,
og skriv gjerne om det er noko du lurer på.

Då har eg igjen å vise før/etter bilder fra stue og gang,
det kjem etter kvert.

I mellomtida kan dåke følge meg på instagram eller snapchat,
regineforsund er navnet på begge plasser.

God mandag til alle sammen!

Før/Etter Interiør Sponsor

Før / Etter

19. januar 2018

Veggene er malt med maling fra Jotun Lady, sponsa av Fargerike Førde //

Som dåke ser så er det ikkje heilt ferdig endå.
Det mangler fks. gulvlister, handtak i vindua + litt småting.

Men eg ville bare vise dåke nokre bilder av korleis det har blitt her med ovn/trapp/tv-vegg så langt,
bilder fra korleis det såg ut før, og fra jobbinga underveis.
Håper det faller i smak.

Kor eg skulle henge tv-en var eit stort problem ei stund (ilandsproblem),
til Øyvind kom på denne geniale ideen.

Vi (les:han)  fjerna gelenderet, og satte opp ein ny vegg fra gulv til tak.
Eg syns det blei veldig ryddig og fint, og eg er kjempe fornøyd med løsninga.

Eg skulle ønske at eg kunne bytta ut vedovnen no,
men det har eg ikkje råd til med det første. Kanskje om nokre år, vi får sjå.

Trappa er det eg som har jobba med,
det var litt av ein jobb – men det var verdt det når eg ser resultatet.
Mykje pussing, og fire strøk maling! (med mellomsliping mellom kvert lag med maling)

To strøk med kvist- og sperregrunn, og to lag med i Klassisk Hvit,
matt type maling i merket Tre Stjerner Gulvmaling.

Eg hadde kjøpt trappetepper i slike halvmåner ein fester i trinna, dei var i grå.
Eg har vurdert mykje fram og tilbake.. og det er absolutt finest uten. Typisk.
Men det vil jo slite meir på trappa uten,
så eg skal vurdere om eg skal prøve å få tak i ein lysere farge, kvit/lys beige.

  
Eg er så heldig å bli sponsa av Fargerike Førde med maling til vegger & tak. 

På veggene i trappa er det Klassisk Hvit i Jotun sin Lady Pure Color, i supermatt.

På tv-vegg og peismur har eg malt med Lady Minerals, kalkmalinga til Jotun.
Eg valgte samme farge som eg har i Lady Pure Color på kjøkkenet, Washed linen.

Her malte eg eit strøk med grunning,
og to strøk med kalkmaling.


 

 

FØR BILDER :)

Mamma hadde lagt dette fine gulvet fra før av,
så det tok eg bare opp og la samme gulv på plass når vi var ferdig.

Det var på høg tid at veggene blei tatt,
det har satt sine spor med ein familie på seks, og mange katter, hehe. 

 


 

Så er spørsmålet,
liker du det?

Er det interessant at eg lager ein slik post om kjøkkenet, stua og gangen også?
Skrik ut om det er noko du savner her på bloggen,
eller om det er noko du lurer på.

 

God helg :)

Fest, Bryllup, Bursdag ++ Interiør

HAPPY NEW YEAR

30. desember 2017

Start the day with a smile &

finish it with champagne. 

Tusen takk for at du følger meg,
eg setter stor pris det – og spesielt på dåke som etterlater fine kommentarer her på bloggen.

Det blir meir interiør framover – eg gleder meg til å vise dåke kjøkkenet, tv-veggen,
resten av stua og gangen!!

Her er nyttårsbordet for i år. Eg er ikkje så glad i for mykje glam og glitter,
så det blei lin, porselen, glass og litt kvaster. Enkelt og fint.

Her blir det kalkun med godt tilbehør på menyen,
og til dessert skal eg lage ostekake på glass.

Eg hører alle seier at tida flyr,
og at vips så er det jul og nytt år igjen –
men for meg så går tida nok så seint.

Dagene mine er lange,
og sterkt prega av sjukdom.

Det er både tøft fysisk og psykisk når ein er sjuk
i så lang tid, og uten noko form for behandling eller lysere tider i sikte.

Eg er takknemlig for dei få eg har rundt meg som bryr seg om meg,
og som tar seg av meg, og som aldri blir lei eller forlater meg.
Tusen takk.

Ønskene for det nye året er ikkje bedre helse,
det virker så urealistisk. Eg prøver heller å håpe på at eg ikkje skal bli verre.

Ellers håper eg at eg kan gjøre meir for andre,
heilt korleis, det veit eg ikkje endå siden eg ikkje har all verdens med energi.
Men det er for mange der ute som har det vondt, som er ensomme og som
trenger å bli sett, eller å ha nokon å være med.

Hittil har eg fått meg fadderbarn,
og sendt gaver til fattighuset i Oslo. Ikkje mykje å skryte av,
men det er ein begynnelse.

Tenk på det om du har nokon rundt deg som sitter aleine,
om det er ein nabo, nokon på gata eller nokon du kjenner..
Det skal ikkje mykje til for å glede andre, eit «Hei» og eit smil,
gi heimelaga bakst, eller invitere nokon inn i heimen om du har anledning til det.

Det er ihvertfall fint å ha det i tankene,
og å være vennlig med andre rundt seg.

Håper at alle har hatt ei fin jul så langt,
og så vil eg ønske alle sammen eit Godt Nytt År.


Servise, (fat, vinglass, skåler) Eva solo – sponsa //
Champagneglass, Ikea  //  Bestikk, Kitchn // Duk, Himla  // 

Interiør Sponsor

INNBLIKK

25. desember 2017

Veggene er malt med maling fra Jotun Lady, sponsa av Fargerike Førde //

Bord, Jysk  //  Stoler, Muuto  // Duker, Himla  // Vase, Muuto  // Chemex kaffebrygger og hellekanne fra Hario  // Kopp, Kähler //

Eg har vært så heldig å bli sponsa med maling fra Fargerike Førde
dei har eit fantastisk utvalg, og er eksperter innen dette feltet.
Om du handler her, så får du god hjelp og veiledning!!

Veggene er malt med Washed Linen og Klassisk Hvit fra Jotun Lady.

Eg fikk bordet i gave av mamma, det er bare heilt nydelig!!
Enig?

Eg har tre stoler, og så skal eg spare og kjøpe fleire når eg får anledning til det.

Eg er ikkje heilt i mål endå med kjøkkenet,
det står igjen litt her og litt der – men så snart eg er ferdig så kjem det meir bilder!

//

Hage Interiør Sponsor

KEEP WARM WITH STYLE

20. august 2017

Eg har ikkje hatt so mykje peng til overs til uteområdet endå –
men med små grep så har det blitt veldig fint :)

Hagemøblene kjøpte eg på netthandelen på auksjon til ein rimelig penge,
solseglet er fra Jysk og kosta under hundrelappen.

Eg var så heldig å få sponsa terassevarmer fra Mill.
Den varmer utruleg godt, sjølv om eg ikkje har tak eller vegger.

Det er infrarød varme, som vil sei at den varmer det den treffer,
akkurat som sola. Det følger med fjernkontroll,
og du kan bytte mellom tre varmeinnstillinger.
– Eg har denne.

Den kan både henge på vegg som eg har gjort,
eller ein kan henge den fra taket om ein har mulighet til det.
—————————–

Det er viktig med drømmer og planer,
og eg håper at eg med åra kan få laga til ei lita utestue som eg kan sitte i sjølv om
det regner og blåser. Det trengst her på vestlandet etter det været vi har hatt dei
siste åra.

Interiør Shopping, inspirasjon ++

ON MY MIND

2. august 2017

 

1. Lampe, Muuto – kjøp den HER
2. Stol, Jotex – kjøp den HER
3. Vertiplants: potte for vegg – kjøp den HER
4. Plantekasse, Ferm Living – kjøp den HER
5. Kost- og feiebrett, Menu – kjøp det HER
6. Lysetake, Ferm Living – kjøp den HER
7. Kurv, Muuto – kjøp den HER

 


 

Ute høljer det ned.

Eg ligger i sofaen under pleddet og surfer i nettbutikker,
og planlegger styling av gang, stue og kjøkken.

Plantekassa fra Ferm Living kjem i mange farger,
eg syns den er ekstra fin i dusty blue.

Eg prøver å ikkje kjøpe noko før det står ferdig,
men eg har bokmerker i fleng med møbler og interiør som eg ønsker meg.

Det blir ikkje mykje peng igjen når det er ferdig –
det er jammen dyrt med rørlegger, elektriker, materiale og alle utlegg
i denne prosessen.
Men då er det bare å spare opp til ein og ein stol,
og eg trur at ein setter ekstra stor pris på ting når ein ikkje kan kjøpe alt på ein gang.

Det er fint å ønske seg ting,
og å glede seg over kver ting ein klarer å spare opp til og kjøpe seg.
Det første eg skal kjøpe er barstoler til kjøkkenøya,
og eit spisebord.
Gleder meg :)