Browsing Category

Hund

Hund

Hundelivet ;)

29. februar 2016

P1011673
Det er mange som har spurt korleis det går med meg og Lucy,
så her kjem ei status oppdatering!!
Det er nok mykje kjedelig informasjon for dei som ikkje er interessert i dette eller har hund,
men det er så mange som spør meg på snapchat / instagram / e-post, så eg tenkte eg skulle svare litt her.

Lucy fylte 5 måneder for fire dager siden.
Ho har vokst så fort, det er rart å tenke på kor lita ho var då eg henta ho!!
Ho veg no 3,6kg (kan bli maks 5kg)

Det er litt travelt om dagene, og eg skal innrømme at det ikkje er så kjekt med dei kvalpetennene.
Alle melketennene skal ut, og nye tenner skal opp og fram. I helga mista ho si første hjørnetann.

Ho har ei tann som er laus, og det er ei tann som har kommet opp under denne, og
det plager ho veldig. I følge dyrlegen skal eg bare vente og sjå, og satse på at den løsner av seg sjølv snart.
Ikkje så kjekt å sjå at ho har vondt, og at den plager ho,
men ho må bare igjennom dette stakkars.

Siden ho har vært litt pjusk og hatt dårlig matlyst dei siste dagane så tok vi turen til ein dyrebutikk i dag!
Det er første gang ho har vært i butikk, så det var stas å være på bystasjonen på «Tropehagen».

Ho valgte seg ut denne gule godbitballen, og fikk ny godis som eg putta inni.
Ei fin aktivitetsleike som ho må jobbe litt for å få godbitene ut ;)

Elles kjøpte eg litt meir godis og diverse tyggebein som skal hjelpe for å få fart på den lause tanna.
Det blei også med ein svart sele som ho testa ut med ein gang på gåturen tilbake, den blei godkjendt!

Til alle som spørr om medaljongen ho har i halsbandet sitt, så er den kjøpt HER.
Du ser den litt bedre på bildet under.
P1011731
Eg valgte sirkel i messing, i størrelse Small.
Framme står navnet hennes, og bakpå står mobil nr mitt.

Ho er jo ID-chippa, men om ho skulle komme vekk ute så har jo ikkje folk flest slikt utstyr,
og det er litt greit at ho har ein id-brikke på seg.

Til dei som lurer på om ho sover i bur,
eh, nei. Det var jo planen ikkje sant?
Ikkje alltid at ting går som ein hadde tenkt nei.. buret står på soverommet og er kun i bruk til leiking innimellom.
Ho sover i dobbeltsenga med meg, lille bortskjemte vennen min.

P1011521
Det er utruleg koseleg å ha hund, og eg angrer ikkje eit sekund.
Ho gir meg mykje glede, og er så søt og morsom!!
Men det er jammen travelt med kvalp også.

Det som er mest travelt er nok faktisk pelsstell. 
Ho røyter ikkje som eg er kjempe glad for, men det er likevel mykje jobb med å holde ho rein.
Pelsen er jo lys, som gjør at den blir fort skitten – og det er veldig mykje pels!!

Det blir mykje meir dusjing enn eg hadde tenkt, fordi ho rett og slett blir så skitten etter turene.
Då er det hundeshampoo og balsam, og så må eg tørke ho godt med håndduker før eg føner ho i 15-20min,
og deretter må eg børste ho. Så det er litt av ein prosess!
Ho er blitt flinkere og flinkere, men dusjing er ikkje det kjekkeste ho veit akkurat.

Eg klipper ho kver 14.dag med maskin & saks.
Men eg reingjør rundt augene hennes dagleg.
Ho får rødt augerusk som setter seg i pelsen, så eg pirker ofte ut rusk med fingerne,
og så klipper eg rundt auget der det sitter fast.
I begynnelsen var dette utruleg vanskelig,eg var livredd for å stikke ho i auget
– og eg var heilt svett når eg var ferdig!
No går det veldig bra.

Eg klipper også klør sjølv , ca. kver 10 dag.
Eg skal innrømme at eg er livredd for å komme borti ei nerve, så eg klipper bare litt,
det som buer seg, og aldri lenger inn. Så langt har det gått bra, og ho er flink å være i ro,
og får sjølvsagt litt godbiter innimellom klippinga.

P1011675
Til alle som trur at eg er så frisk og at å ha hund gjør meg bedre, så er det feil oppfatning.
Ja, ho gjør kverdagen meir innholdsrik, og eg er ufattelig glad i ho – men dårlig er eg jo likevel.
Eg har bare ikkje fokusert eller delt så mykje av dei leie tinga i det siste.
Smerter, oppkast, anfall, skader fra anfall, sorg og ikkje minst depresjon preger meg veldig, kver dag.

Det er tøft å ha ansvaret for ho på dei verste dagene,
men eg setter ho alltid først, og eg veit at ho har det bra trass i at eg er dårleg.

Det er klart at eg ofte skulle ønske at eg hadde ein til her som kunne hjelpe meg med ho,
men det er bare oss to jentene, og vi gjør det beste ut av det.

2016-02-10 13.16.12-1
Det å få Lucy ut av huset er ikkje så lett..
med ein gang ho ser antydning til at eg enten er borti skuffa der eg har tøyet hennes,
eller at eg kler på meg yttertøy.. så ligger ho under sofaen før eg veit ordet av det.

Men når eg først har fått ho ut,
så storkoser ho seg!! Spesielt om ho finner pinner, det er toppen av lykke!!
Vi møter også på ganske mange hunder kver dag, og her i Bergen er det jo så masse duer også som er gøy å jage litt på..

Vi går lenger og lenger turer, og ho er kjempeflink til å tisse/bæsje ute no.
Problemet er bare at ho gjør det inne også, men eg har eit sånt renslighetstreningsbrett og ho gjør fra seg der.
Så det er ikkje sånn at ho tisser/bæsjer overalt inne, og det er jo supert.

P1011625
Aleinetreninga går heller dårlig, det gjekk fint ei lita stund – men så gjekk det verre igjen.
Det er verkeleg ei utfordring, og det gjør vondt i hjertet når eg hører kor ho piper og bjeffer når eg går ut døra.

Eg har fått opp kamera på badet, som eg kobler opp til mobilen med ein app –
og slik kan eg følge med på ho når eg går ut framover.

Eg har prøvd å legge kong (leike som eg har leverpostei i som har ligget i frysen) inn til ho,
godbiter / tyggebein eller kosebamse, men ho klarer ikkje å roe seg ned med det.
Ho rører ikkje godbitene før eg er tilbake , først då kan ho slappe av og kose seg.

Eg begynte med babysteg fra sekund til minutt der eg gjekk inn og ut ytterdøra,
og etterkvert stod utenfor ytterdøra i nokre minutt, og økte gradvis med minutt for minutt,
før eg turte å stikke på butikken.
Det lengste eg var vekke fra ho var vel 20 minutt.
Men no er det full krise etter to sekund.. og ho piper/bjeffer/uler i 10 min i strekk,
og er heilt oppkava og overoppheta når eg kjem inn igjen.

Dyrlegen sa at eg hadde gjort alt riktig,
men at denne hunderasen sliter med seprasjonsangst. Dette visste eg egentlig då eg har lest det,
men eg trudde likevel at eg skulle få det til på første forsøk, typisk meg..
– Ho sa at eg bare måtte starte på nytt igjen og sjå om det går bedre denne gangen,
og at det kanskje blir bedre når ho blir eldre. At slikt varierer fra hund til hund,
og at det bare må trening og tålmodighet til..

Så dette må eg nok jobbe mykje med framover,
men plutselig så løsner det,
og til slutt vil ho skjønne at eg kjem igjen og at ho bare kan bruke tida til å sove eller
kose seg med tyggebein..

wish me luch!! (i need it)

—————-

Om det er noko eg har glemt,
eller fortsatt noko du lurer på så legg igjen ein kommentar og så skal eg prøve å svare!

Ellers kan du følge med på instagramprofilen hennes @lucymaltipoo ,
og på snapchatten min «regineforsund»  :)

Hund Interiør

LIGHT

17. januar 2016

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Vakre liljer fra mamma som eg har fordelt her og på kjøkkenbordet.
Er så fornøyd med den nye vasen min fra Tine K, telysglassa er fra samme merke.

Psst.. vasen er fra nettbutikken til heltmeg.no , der er det forresten 50% på alt.
Butikken skal desverre legges ned, men du kan få deg nokre kupp!!

Lucy ligger på saueskinnet og nyter solstrålene som slikker ho på ryggen..
snart skal vi gå ein tur ut i vinterkulda.

God søndag til alle sammen!!

Hund Interiør

BFF

13. januar 2016

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
Sengetøy, Høie – «Ane» //  Kosegris, Ikea  //

God morgen :)
Lucy og bestevennen ligger og tar seg ein kvil imens eg organiserer litt i garderoben.

Ho fikk grisen av Øyvind, og ho er så glad i den. Ho bærer den med seg hit og dit, og ofte når ho får ein
godbit eller hundekjeks , så springer ho bort og legger seg halvveis over grisen og spiser, det er så søtt! ♥

Sengetøyet er forresten fra Høie, det er det beste sengetøyet eg har hatt EVER, sååå mjukt.
Det er 50% lin og 50% bomull, anbefales!! No har eg SÅ lyst på det samme settet i mørkeblå ;)

Ønsker alle som titter innom ein riktig god dag!!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Hund Jul

GOD JUL

24. desember 2015

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

God morgon! ♦
 Lat morgon i senga med finaste Lucy.

No skal vi sette oss ned i stova med mamma og lillebror
og sjå på tre nøtter til askepott ,

det er så koseleg!! (og ete endå meir snop)

Det blir ei rar jul i år, og eg savner han eg er så glad i..
Eg skal prøve å gjere det beste ut av det. Eg ser ihvertfall
fram til middagen, pinnekjøtt er jo så godt!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

God jul fra oss! ♥

Hund Kjærleik Livet

A new chapter..

11. desember 2015

PC060490
Eit nytt kapittel starter..

Vi jentene flytter til Bergen.

I går skreiv eg kontrakt på ei leilighet som ligger i Bergen sentrum.
Eg skal bare leige i første omgang.. og så får vi se om eg finn noko eg vil kjøpe etter kvert.
Det er jo fleire parker i nærheten som eg og Lucy kan kose oss i, som fks. botanisk hage
– det blir fint til våren og sommeren!!

Eg overtar 15 desember.
Den er ikkje så stor, men plassen er godt utnytta, og den er lys og fin.

Det skal bli godt å flytte inn, og å høre til ein plass. Det blir godt for både meg og Lucy
å slå oss til ro.. det har vært mykje farting fram og tilbake i det siste.

No gjenstår den vanskelige delen, i veka som kjem skal eg til Førde..
og då blir det å pakke ned siste rest av alt som er mitt. Det må gjøres, men det er tøft.

Øyvind har tilbudt seg å kjøre flyttelass, han er alltid så hjelpsom og snill
– og eg er takknemlig for at vi er så gode venner. Han kjem til å besøke oss innimellom
også, så det er koselig at vi kan ha eit så avslappa og godt forhold! :)

PC060504
Bildene blei knipsa forrige helg,
det er koselig å ha nokre bilder av oss i lag.

Det er ei spesiell tid når ho er så liten og søt!!

Ho har begynt å bli ganske varm i trøya og er veldig vilter når ho er våken,
spesielt på morning og kveld – ho springer rundt og er heilt turbo, hehe..
Men ho sover også masse innimellom dei aktive øktene.

Ho er flink å lære, innkallingslyden lærte ho på 2min!.. og kjem springende med ein gang
eg lager ein spesiell lyd med munnen. Eg gleder meg til å lære ho meir, og til å se ho vokse opp!! :)

PC060492
Kjolen er fra Secrets By B!
Den er utruleg god og varm, eg har størrelse small.

Instagramkontoen min fungerer ikkje for tida. Eg kan ikkje skrive noko tekst, alt blir blokkert.
Eg ser det er fleire som har samme problem.. håper det snart blir fiksa!

Eg har ein give away gående på instagram!
Kommenter på dette bildet med kva du ønsker deg fra kolleksjonen til Secrets By B,
kanskje du blir den heldige vinneren!

Hund Interiør

LUCKY ME!

29. november 2015

PB260318 PB260305    PB260326PB260323 PB260294-2°¡Uäh)SÛ,k@†À«ÅWrÅ[®*êâ®®*Ñ8¡i8Ui8¡i8ªÓŠ­8UmqWÿÒâòza$‰Z¸²ê7QP:ÀÅ*¶ñÈGő)'­h¬‘Ö4⢮{œ †Q)!cZ±;Sz/”‚ivÊd¡žMɦ⽲™KvèÇdÓQÖn'ÙI ò²I&2ŽMµ0¡¬&d0”bº‘JŠä˜5  ʝ›|’‚Ã­iòÄÅ ´n¾yJnk·»&Rkï)ÛêOYGãÄî|´JšÈf^PÑb²lôø¸¡5‘ÏsâNBR¶qŽüǾÖ|±§ZFR·•Y&ìû"*dò Fè2Èz‘½z‚L%ˆBÈ¥plUw,UuqWWuqC°ªÒqV‰ÅIÅVœ*ÑÅVâ¯ÿÓâ"ñR~ýò,×%oÓ°8TÜQvÀ”4“bI«ÃQf«uì0*s¢Ø”ã{.Ãö+œ›!Ø^1– ×Ã)mFÚM±$V½²A‰Uˆí۰ĨX°ž~¢šmB0Rmr:Dj´‡jb«¯¯#‰$=G@2l¬"rum«Ú¹4.KH­äv’­ƒjÒ£ !^XœîxÓ·¶ R¼Z cAP»5züð€œé7fÄ´ÈŽl‹üå֚æ[xÉ Bî7ãà2様r'®® Š® Š·Ën¸««Šº¸«X«X¡£…VœUiÅZÅ_ÿÔàÉ/A×»xœ‹%Ur^¿Ê+L	[ûÉ^+ݎ*âñ¦Ñü^-+ímÌםÅj}†FF“l‡ÔøB.Ê»˜å¼-Œ1“Û¦vÛ bQ$é·^XJ´‡pY·­6ïU‡Û °ß¶M®•‰‰?¼; 1Si4܃V¯ŽI	‚ ÆbmêÕ …hDdH¬‡”bœ«ÕOLP¨%ŒÃÈlÃá à)[ Ú« ðRP~¶µ½òúÈ#-wjCFëüöƒdÁ`CËLMP¶†¸¥wÓl Ø®*½QØÃ^"öƕp…ûá¥XÊî4†±KXÑÅ+N-8ªÓŠ¿ÿÕàJ„š²02]È£ÜàV˜ÈM[`z	m›u8›éÖíUa»o”HÙnˆ¤ZƒÊ™JßdTb„UµÅ6ï…ßY)JԞ€d±$OS‰jžçQPï.•ëôd€bJŸVm÷§l•!|£pq¥´©JÍi_l(D<¼J:ŸòOëªòôFIöº¯†%!$y¤ÐõY,ÀG¼’ɧOKBÆ%d3ZJ‘B;eÍKE”|·0*¡²V¦Ã¦*ÜvNãUx¢Ž0ë…TV†¼FØ¡¿HS~¸ª›Â¤ôÅTØþÈ¡ñÅPòDéØÓ*—/±KDàU¤áCGÿÖá"áà‹S‘d°A3ž{ t¯l ÓP9·&®Àb•öd½Œ(åCñÙrelaR)Ðå6Úà4L9t
God søndag fra meg og Lucy!

Eg var var så heldig å vinne dette fine lammeskinnet fra lonetepper på instagram,
både eg og Lucy likte det veldig godt ;)
Det passa perfekt til muuto stolen min, der har eg mangla eit skinn.

Det er ikkje bare eg som er betatt av denne lille snuppa!
Det var utruleg koseleg å sjå at eg var ein av instagram-favorittene til Rom 123 – se HER.
(eg er nr 7..) Dei skryter av bildene mine, og så skriver dei at dei har falt heilt for Lucy ;) ♥

Hund Shopping, inspirasjon ++

LUCY, MY CUTIE PIE

25. november 2015

PB250279
Det er fantastisk å ha Lucy i hus.
Det gjekk så fint å hente ho, og ho er så tillitsfull og god. Og heilt utruleg SØT som dåke ser! ♥

Det var jo ein lang biltur, men ho låg på fanget mitt og sov masse – det gjekk heilt knirkefritt!!

PB250282PB250228
Ho er kjempe begeistra for smokken (den rosa leiken), og ho har sprunget rundt og leika med den og underholdt seg sjølv
i evigheter på kjøkkengulvet. Det er ei gummileike med bjelle inni,eg prøvde å ta bilde av at ho leika med den, men
ho springer som ein rakett fram og tilbake, heilt umulig å få knipsa, hihi. Ein kan gjømme godbiter inni også, kjempe smart leike!

Senga er så mjuk og fin!!

PB250236PB250262
Det er mykje kjekkere å leike eller tygge på halsbandet enn å ha det på seg, ho er ikkje så glad i det
endå, men eg prøver å øve med at ho må ha det på seg litt kver dag ;)

Sant det var søtt?

PB250238PB250265
Se kem som har fått seg julestrømpe allerede, hihi..
Dette var innholdet! Ho fikk en tyggepinne som skal gi bedre ånde og som er bra for tennene.

Egentlig så er det ikkje til kvalper som er under 3mndr, men ho fikk ein prøvesmak imens eg satt og passa på.
Ho blir 3 mndr til jul, så då er ho gammel nok ;)

PB250270
Ho storkosa seg som dåke ser ;)

PB250267PB250289
Hundeseng, Halsband, Julestrømpe m/innhold + Rosa Gummileike er fra ilovedogs.no   (Annonse) / Rosa gris, Biltema  //

Om du lurer på kor det andre i bakgrunnen er ifra, så se på denne posten! :)

Eg skal inn og kikke litt meir på ilovedogs  – det er så masse gøy der!
Anbefales om du har hund!

No kan du få rabattkode om du handler, 15% på ordinære varer
Koden er Regine – happy shopping!
Koden gjelder ut 2015.

———————————————-

Eg syns det er heilt fantastisk å ha Lucy. Ho har gitt meg SÅ mykje glede allerede!
Ja, det er travelt, men ho er jo bare snill og søt. På natta varierer det litt, ho sov godt dei første nettene,
men no har ho blitt så varm i trøya at ho tulla i heile natt og bare ville leike – men det går seg nok til etter kvert!! :)

Ikkje verdens undergang om eg ikkje får sove.. det er kun ho eg har, og ingenting anna på dagsplanen –
så det går fint. Vi koser oss, leiker masse og så vil ho helst ligge i fanget mitt heile tida. Ho dilter etter meg
og legger seg på føttene mine når eg står og lager mat eller går fram og tilbake.. ♥

Ho er allerede så flink til å gjøre fra seg ute, så det er heilt supert.
Ellers fryser ho veldig når vi går ut, så eg må nok gå til innkjøp av ein genser og eit vanntett dekken.
Ho skjelver og vil egentlig inn igjen med ein gang stakkars.

Eg legger jevnlig ut bilder og filmsnutter på snapchat, du er velkommen til å følge meg!
Heiter  «regineforsund»  der og :)

No er det dags for ein tissepause i regnværet igjen! Ho har allerede skjønt ordet «tur»,
og istad gjømte ho seg fordi ho syns det er guffent vær.. men når ho først er ute og eg aktiviserer ho litt
så koser ho seg!! :)

PB250281
Ho er bare heilt nydelig!!
Er SÅ glad i ho! ♥♥♥

Hund Shopping, inspirasjon ++

DOG STUFF

19. november 2015

PB160189 PB160187PB160199
Hundeforboksen er fra kremmerhuset, men den er desverre ikkje i salg lenger – eg var så heldig at eg fant den på finn.no og kjøpte den for 100kr – kupp!

Skålene er store favoritter, eg syns dei er så fine. Kvit porselen med sølvskrift.
Dei er fra Bruka Design, kan kjøpes fks. HER.

Kosebamsemus med pipelyd i hodet, denne har mamma kjøpt til meg,
supersøt og skal være med i buret når eg henter ho! Kan kjøpes HER.

Gummibein, kan kjøpes HER.

PB160201
Hundesenga er så mjuk og deilig, der blir det nok godt å ligge ;)
Den kan kjøpes HER. (eg har str.small)

Grisen kan kjøpes HER,
den søte lille tauballen finner du HER.

PB160206
Kobbel, HER  //  Klotang, HER  //  Børste, HER  //  Svart Halsband, HER  //  Diamant Halsband, HER //

PB160210PB160208
Transportbur, kan kjøpes HER
– og den deilige madrassa fant eg HER.

——————————————————-

Det kjem ein post til ein anna dag med noko meir eg skal vise – det er så lite lys om dagene og vanskelig å få tatt fine bilder!!
Det er ein av bakdelene med vinteren, mangel på dagslys og at lyset er så «blått»..

I neste utstyrspost så er nok Lucy med på bilda også ;)

Ha ein fin dag!! ♥

Hund

AT EG SKAL FÅ MEG HUND

17. november 2015

IMG_0960
Eg har blogga sidan 2005, altså i 10 år – og det er først no i løpet av dei siste vekene, at eg har fått kritikk.
Det er fire personar til no som har stilt seg kritisk til at eg skal få meg hund pga. min sjukdom,
og dei trur ikkje at eg kan ta meg av ein hund.

Ja, eg har ofte anfall, men ikkje 100 stykk i løpet av ein dag som ei påpekte i eit kommentarfelt.
Eg kan ha dagar uten anfall, og nokre dagar har eg kanskje 10 stykk, det varierer.
Eg har mykje smerter, og eg har mange tunge dagar.
– Det betyr likevel ikkje at eg ikkje kan ta meg av ein hund.

Det at eg har vært mykje sengeliggande sidan i sommar har ikkje kun vært pga. sjukdom.
Om du verkeleg hadde lese min blogg og fulgt nøye med på blogg og instagram så veit du at eg har hatt kjærleikssorg.
Eit samlivsbrudd er veldig tungt, og eg har verkeleg kjent det på kroppen. Eg låg i månedsvis og ville ikkje stå opp, og eg ville ikkje leve.
Vi hadde vært i lag i 10 år, det er ganske lenge – og det er vanskeleg å skulle sjå for seg eit anna liv enn med han, vi.. oss.
Det er kun dei som har opplevd det sjølv som veit korleis det er.

At eg og Øyvind er så gode vener er utruleg godt, og det hjelper verkeleg –
og gradvis so kjem det seg litt etter litt med bitte-bitte-små musesteg.

Det har vore den verste sommaren og hausten i mitt liv.
Dette på same tid som med sjukdommen har vore heilt forferdeleg.

Å ta seg av ein hund.

Eg har førebudd meg godt. Eg har tenkt og vurdert dette i fleire år. Eg har valgt hund ut ifrå kva eg ser etter i ein hund.
Alle hundar treng mosjon, men eg har valgt ein selskaps-innehund, (maltipoo) og den treng ikkje å gå tur i fleire timar
om dagen akkurat. Men den skal sjølvsagt få fleire lufteturar kvar dag. Eg har også hage som den kan springe fritt i og leike.

Om eg får anfall så er eg vekke i nokre minutt, og so er eg til stade att.
Ofte kan eg slå meg so eg haltar eller eg fell nokre tårer, men det går veldig kort tid frå eg vaknar til eg kan tulle att,
og til eg kjem meg på beina og held fram med det eg dreiv med. Det betyr ikkje at eg ikkje kan lufte hunden min ,
eller ta meg av den. Eg kjem til å leike mykje med den, trene den til å bli lydig og flink, lære den triks, og kose med den.

Ja, eg er sliten og sjukdommen min er utmattande. Men det er eg jo når eg gjer alle andre ting òg.
Eg klarer likevel å lage mat, stelle og ordne i huset, handle og diverse. Eg har sterk vilje, og slik er det
at eg får til dei tinga eg gjer i kvardagen trass i alle anfall, plagar og smerte. Eg ligg kun når eg må ligge,
og det går heilt fint å ligge i nokre timar på dagen om eg må det, utan at Lucy vil ta skade av det.
Ho vil nok òg legge seg nedpå etter ein tur og fordøye alle inntrykk og luktar frå turen.
Lucy vil ikkje berre være arbeid heller, ho vil også gi meg gnist og energi, få meg i godt humør og gi meg mykje selskap og glede!

For dykk som spør om korleis eg skal gjere det med turgåing?
Jo, no skal du høyre!

Eg skal:

  1. Gå ned i gangen, kle på meg og gjere klar Lucy.
  2. Åpne døra, gå ut, lukke døra bak meg og låse den.
  3. Flytte ein fot framfor den andre bortover vegen, og etter ei stund kjem eg til å vende rundt og snu, og returnere til huset.

Og om du er bekymra så har eg også tenkt på at hunder kan gjere ifrå seg (!), og eg
kjem til å ha hundeposer i lomma! Eg kjem også til å ha godbitar i ein pose i den andre lomma,
fordi eg vil trene ho med å gi belønning. Belønning om ho går fint, trene med kontaktlyd, kontaktord,innkalling osv.

Det er sånn eg har tenkt å gjere det med turgåing. Eg veit ikkje korleis andre gjer det, men det er sånn eg kjem til å gjere det.
Av og til kjem vi til å leike «søk» når vi er ute, eller vi leikar litt i hagen når vi kjem att frå tur og har ein dra-kamp med ei tauleike.

Eg veit at det arrangeres hundetreff her i Førde kvar måndag, og eg tenkte at eg skulle bli med der av og til på nyåret.
Det er dessverre ingen kvalpekurs å finne her , men det blir fint på slike hundetreff.

Elles har eg veninner med hundar (og born), og eg har mange begeistra tanteungar osv.
So hunden kjem til å bli vand til både andre hundar, og til born.
Det er til dømes mange hunder berre i gata her eg bur, so vi kjem nok til å møte fleire hundar på turane våre..

Lucy er heldig.

I motsetning til andre som er vekke frå hunden sin når dei er på jobb eller skule i mange timar
(som hundar også overlever heilt fint), so vil Lucy slippe å være mykje aleine.
Eg må jo prøve å trene ho litt til å være aleine, men for det meste så kjem eg til å være heime med ho, eller ta ho med meg.
Elles har eg snille mamma som gladleg stiller opp og passar ho om eg skal være vekke lenger.

Lucy kjem til å få det kjempe fint hos meg. Eg er så glad i ho allereie, og eg vil gjere alt for at ho skal ha det bra.
Eg skal sørge for at ho får alt ho treng av både kjærleik, mosjon & aktivisering, stell, ros, miljøtrening, leiking,
mat/drikke og trening generelt.

Eg gledar meg til å få selskap, til å være med ho og til å lære ho ting.
Eg gledar meg til å både få, og til å gi masse kjærleik.

Eg hadde gleda meg til å blogge om Lucy.
Eg kjem også til å halde fram med det då det heldigvis er mange som støttar meg, og som gledar seg med meg.
Det er mange som spør om eg kan ta bilder av utstyr, om eg kan lage postar framover med bilder av Lucy  –
og det skal eg sjølvsagt gjere. Tusen takk til alle som har lagt att gode kommentarar og som har tatt meg i forsvar –
dåke er heilt topp!!

Siste gang

Dette blir siste gang eg svarar på dette.
Eg kjem ikkje til å ta debatten vidare i kommentarfeltet.

Hund

NEDTELLING

16. november 2015

Lucyhøst
Det er kun fem dager igjen til eg skal hente ho.

Se så søt ho er!! #CutenessOverload
For dei som trur eg bare har funnet bilder av samme rase på nettet, så har eg ikkje det,
det er Lucy på alle bildene eg viser som eg får tilsendt av dei flinke oppdretterene! :)

Alt av nødvendig utstyr er i boks,
og eg føler meg veldig klar til å få Lucy i hus!♥

Bøkene er ferdiglest! Eg har lært SÅ masse, og eg kan virkelig anbefale begge to!
«100% Positiv Hverdagslydighet» av Arne Aarestad & Siri Linnerud.
«Valpen flytter hjemmefra» av Linn Palm.

Dagene mine er lange og kjedelige, og endelig blir det masse å gjøre med denne «babyen» i hus!
Det blir travelt i kvalpetida, men det skal gå fint :)

Det var ei som skreiv på bloggen min at syke mennesker skaffer seg ikke hund til trøst – men kjære deg,
fleirtalet har jo selskap som grunn til å skaffe seg hund, enten dei er friske eller sjuke. Det er ikkje til trøst,
men selskap som er grunnen til at eg har kjøpt Lucy. Til å ha en i livet mitt som eg kan være glad i, og ta meg av.
Nokre bruker hunder til jakt, vakt osv.. men selskap er jo det mest vanlige, det er menneskets beste venn.

Eg ser fram til å få ein ny bestevenn,
og eg skal gjøre alt for at ho skal få det heilt fantastisk her med meg!

P.S. Det er mange som har spurt meg om eg kan lage ein post med hundeutstyr eg har kjøpt,
det skal eg få gjort iløpet av veka – og så kan eg linke til alt! :) 

P.S.2. Håper at dåke uten hund holder ut alle disse postene!!

P.S.3. Er det noko spesielt dåke savner her eller har lyst at eg skal blogge om?