Browsing Category

Hud, Hår og Skjønnhet.

Hud, Hår og Skjønnhet. Sponsor

MY MORNING ROUTINE

5. juli 2016

P1015013

Du kjem langt med eit smil,
og ei sunn og fin hud!

Eg er mykje dårlig, men eg prøver å ha ei god rutine på å ta
vare på huda mi kvar morgon og kveld.

Eg er i bedre humør når eg har ei fin hud rett og slett!
Det har mykje å sei for meg at eg føler meg vel, også utan sminke.
Eg hadde ei periode med urein hud, og det gjorde meg ganske deprimert.
No er det pigmentflekkar eg kjempar i mot.

Det er godt det er so mange gode produkt der ute.
Eg skal også teste ut eit serum i dette merket mot pigmentflekkar,
eg har berre ikkje komt so langt endå. Men det har eg stor tru på!

 

P1014987

Alex Cosmetics finnes i over 50 land, eg fikk først høyre om det via mi veninne
Kristine, som er hudpleiar i Førde.Det er ein økologisk hudpleieserie til ansikt og kropp.

— Produkta er 100% organiske, reine, og bra både for huda og miljøet! —

Eg har brukt disse produkta ei stund no. Eg hadde egentlig ingen forventningar,
då eg testa disse då veninna mi anbefalte dei so varmt.

Eg er hudpleiar eg òg, og ofte skeptisk til det meste,
og eg skal innrømme at eg kanskje ikkje likte navnet so godt..

To sekund inn i første rensen so var navnet irrelevant og eg var solgt..
det er reine og gode produkt. Eg har prøvd mykje, og då meiner eg MYKJE.
Men dette likte eg so godt at eg kjem til å fortsette med det,
og kjøpe fleire produkt i serien.

Rensen fjerner sminken, urenheter og daglege rester raskt, effektivt og grundig.
Den er behagelig og mild.

Green tonic er ein mild ansiktstoner med verdifulle urter som er
forfriskende og god, eg elsker dufta. 

 

Peelingen er utan korn, og inneheld syre og enzymar,
eg likte denne veldig godt også.

Ein dagkrem er på veg i posten, kanskje den kjem i dag-
eg gler meg som ein unge til å prøve den!!

 

P1015016
Eg anbefaler Kristine om du bur i Førde-område, dyktig dame!

 Akkurat no har ho eit tilbud;
Kjøp 4stykk produkt og du får ei gratis hudpleiebehandling på ein verdi til 1200 kr.

klikk deg inn HER for meir informasjon.

Om du lurer på noko om dette merket så finn du meir informasjon
på 
alexcosmetic.no

Om du har lyst å prøva produkta, og ikkje har forhandler
i nærheten så kan du kjøpe på nettet HER.

Hud, Hår og Skjønnhet.

GOLDEN GLOW

21. mai 2016

P1014201 Eg har ei ganske god hud, og blir fort brun – og har aldri vært solbrent.
Eg har alltid vært veldig heldig sånn sett..

Etter eg begynte på hudpleien,
ja, eg er faktisk hud & kroppsterapeut..  (!)

Eg tok 3 år på 1 år på Beauty Hudpleiefagskule i Oslo i 2008 – 2009..
eg stod på alle tentamener med glans, og alle skriftlige eksamener.. men pga. mykje fravær fikk eg
ikkje ta den praktiske eksamenen, veldig kjedelig då eg kunne alt sammen. Det er jo den dårlige
helsa som gjorde til fraværet. Eg jobba jo veldig for å prøve å få til noko trass i at eg var så
dårlig, men det var ikkje så lett.

Eg blei ansatt på eit hotell-spa i august 2009,
dei testa meg i alt og såg at eg mestra alt..

Eg jobba ei lita stund, men pga. helsa så
måtte eg berre sei opp jobben desverre, og har ikkje jobba siden mars 2010.

Det var eit tappert forsøk.
Det at eg i det heile tatt blei hud og kroppsterapeut var eit slags eksperiment fordi eg prøvde å finne
eit yrke med kortest utdannelse som var mest mulig overkommeleg med tanke på helsa.

Drømmen min har jo alltid vært å bli lege..
Men eg skjønte jo at det var ganske så urealistisk med den helsa.
Det skal seies at eg trivdes veldig godt i yrket.. og eg savner det.

P1014211
Uansett,
eg fikk eit anna syn på det å sole seg,
og eg såg kor mykje skade sola gav på huda til folk.
Spesielt på huda til damer.

Før brukte eg nesten ikkje solkrem siden eg aldri blei solbrent,
men no bruker eg solfaktor 30 og 50. Både med tanke på hudkreft,
og for å ta vare på huda mi. Ein blir brun likevel!! Og fargen varer ofte lenger.

I fjor fikk eg pigmentflekker i ansiktet, og eg ser at eg ikkje kan sole meg
uten at dei popper fram og er ganske sjenerende. Eg går på mykje medisin med
hormoner i. Så det er nok pga. medisinen at dei kom hos meg.. og eg må nok
ta laserbehandling om eg skal bli kvitt dei.

I fjor brukte eg mykje solhatt for å verne ansiktet mitt.
Ein treng jo ikkje å være så brun i ansiktet/halsen.. det har ein sminke til –
eller fks. disse gode produkta som eg skal anbefale!!

P1014196Kjøp her –> Til kropp / Til Ansikt

Eg har aldri brukt sjølvbruningsprodukt fordi eg egentlig aldri har trengt det.
Eg har kunne tatt sol i 10 min og så har eg blitt brun, men no vil eg ikkje gjøre det
lenger pga. pigmentflekkene mine.

Eg skal i bryllup om nokre veker og har lyst å ha litt farge på kroppen,
så derfor investerte eg i disse produkta no.

Eg har lest mykje om slike produkter og prata med ei veninne som
jobber som hudpleier endå, og til slutt kom eg fram til disse produkta fra Clarins.
Det er ikkje sjølvbruning som gjør deg instant brun og som kan bli for intenst
eller voldsomt..

Om du har fulgt meg ei stund så veit du at eg liker det naturlige..

Disse produktene gir deg ein «golden glow» som produktet heiter.
Du blander bare nokre dråper med ansiktskremen din, eller bodylotionen din
alt etter som om det er dråpene til ansikt eller kropp du kjøper. Det står kor
mange dråper som er anbefalt.

Dei gir ein fin og naturlig glød,
du kan bruke det nokre dager på rad,
både morgen og kveld om du vil.

Du kan bruke det jevnlig nokre ganger i veka for å oppretteholde gløden,
eller bare ha på deg nokre dager på rad før spesielle anledninger –
kjekt å ha i skapet!

Eg er storfornøyd!!

Hud, Hår og Skjønnhet. Sjukdom

EG SKAL UNDER KNIVEN

16. mars 2016

429015
..bildet er funnet på google.

Eg hadde eigentleg ikkje tenkt å dele dette med dykk.

Eg vegrar meg for å seie det til andre, og eg skjemst..
Når eg føler det slik, så tenkjer eg at då MÅ eg dele dette med ALLE.

Eg har alltid hatt kompleks for brysta mine.
Dei er ikkje like.
Det er stor forskjellpå størrelsane frå venstre til høgre bryst.

Eg tenkte lenge at eg kom til å vekse det av meg, altso at eg ikkje ville
bry meg om det når eg blei eldre. I tillegg har det jo feila meg so mykje anna
so det har ikkje vært mi viktigaste prioritering akkurat.

Men i forfjor nemnde eg det til fastlegen min.
Det var godt då han var einig i at det var ein betydeleg
forskjell, og eg blei henvist til Plastikkirurgisk avd. på Haukeland.

Eg var på konsultasjon i fjor vår, og eg blei satt på venteliste.

Endeleg, eit år seinare fekk eg brevet –
og eg skal operere grytidleg på morgonen den 30.mai!

Valet mitt er ikkje å gjere det minste
brystet større, men heller å ta frå det største.
Eg vil ikkje ha silikon.

Eg er absolutt ikkje oppteken av å få store bryst,
eg vil berre at dei skal bli meir like i størrelse.
At dei skal passe i ein bh.

Det er nemleg eit dagleg problem.

Kompleksa er jo ein ting, men det som er mest
vanskeleg er å finne ein bh som passar.
Det går jo ikkje!! Det hjelper ikkje med innlegg i bhen,
og figurnære overdelar er ikkje noko kjekt å bruke.
Det å skulle kjøpe undertøy er berre frustrerande og slitsamt.

Det er jo vanleg at ein har forskjellige bryst, det er svært sjeldan at
dei er heilt like. Eg las at 44% av kvinner har eit bryst som er større og eit bryst
som er mindre. Når ein i tillegg tar med at størrelsane på brystvortene varierar,
og at forma på kvart bryst kan være ulik, då har 88% av kvinner to
forskjellige bryst.

Det skulle nesten gått an å kjøpe bh med ulik cup-størrelse!!
Men for dei som har ein halv eller ein liten størrelse forskjell, so går det an å
ordne med eit innlegg på eine sida og det er til å leve med, det vil som oftast ikkje
være nok til å få dekka ein operasjon.
Men skulle du ha stor forskjell som faktisk er merkbar og synleg,
då kan du gå til fastlegen din og sjå om du blir henvist vidare..

Eg meiner ikkje at ein bør gjere det om ein har stor forskjell,
om du har det og du syns det går heilt fint so er jo det kjempebra!
Men det er greit å vite for dei som har kompleks og som aldri
finn undertøy/bikini som sitter.. at det faktisk er hjelp å få.

Det er ikkje noko eg synst er kjekt å dele,
eller har lyst at alle skal vite.. men eg tenkjer at det er desto
meir viktig å dele av den grunn. Det burde ikkje være noko eg
skulle skamme meg over. Det er berre slik eg er skapt.

Eg veit at eg vil få fleire arr,
men det er ikkje så viktig..

2x1mwXnH1002483443-11-1316116539755

Eg gledar meg til å kunne kjøpe undertøy i framtida
som passar, og til å kunne gå  i sommarklede / badetøy
utan å måtte tenkje på dette.

Og det blir digg å ha på seg ein bh som støtter opp og
held begge brysta på plass!! ;)

——————————————————————————-

Etter operasjonen må eg gå med sports-bh dag/natt i 1 månad,
deretter på dagtid i 2 månedar til – og stripse i 3 månedar til saman.
Ikkje kan eg løfte tungt eller anstrenge meg so mykje heller i
ca. 6-8 veker etter inngrepet.

Eg er litt uroleg for at eg skal få mykje anfall etter operasjonen.
Eg spenner jo alle musklar og skyter rygg,
og strekker kroppen alt eg har i alle retningar,
faller og skadar meg ++

Etter forrige operasjon då eg operete inn ei brikke i
brystkassa so blødde det meir etter anfall, fordi eg strakk meg/rykka sånn.
Eller at eg slo knyttneven inn i såret om att og om att under anfallet.
Det er mykje å tenkje på..

I tillegg har eg jo Lucy som eg skal ta meg av, men å gå tur er jo berre
fint å gjere – eg må berre passe på å ikkje styre for masse.
Lettare sagt enn gjort! ;)

Det står i papira at ein må ha pårørande med seg i starten som
passar på deg dei første døgna, og ser an formen din –
og som hjelper med husarbeid/diverse ting ei stund framover.
Mamma og Øyvind stiller alltid opp,  og det er godt å vite! ♥

Hud, Hår og Skjønnhet. Shopping, inspirasjon ++

KNIT & PREP PRIME FIX

10. mars 2016

P1012043 P1012045
Nydelig genser fra By Malene Birger – du finner den her //

Den ser beige ut i nettbutikken, men den er meir rosabeige –
veldig fin og vårlig farge, gleder meg til å bruke den!♥

Den var på salg ei stund, men eg ser at prisene er satt opp igjen desverre –
følg med og kanskje det skjer igjen? ;)

P1012050
MAC sin Prep + Prime Fix er dagens abefaling om du skal kjøpe deg eit nytt produkt!!

Eg sprayer den over ansiktet når eg har sminka meg ferdig,
og den fjerner den pudderaktige finishen som ein ofte får..
– og etter ein dusj ser eg mindre sminka ut, og den gir meg glød!!

Les i kommentarfeltet på Kicks sin nettbutikk, det overbeviste meg, hehe..
og eg er glad eg kjøpte den. Elsker den, og den dufter såå godt ;)

Dette er ikkje reklame altså,
om det er det så skal det stå Annonse, Adlink eller Sponsor.

Hud, Hår og Skjønnhet.

TIPS

24. november 2015

PB100140

TO NYE FAVORITTER PÅ BADET

Tromborg sin «multi vitamin facial mask»
og kremrougen «creamy lip/cheek/eye powder» ♥♥

Eg har prøvd maska tre ganger no, og den er fantastisk.
Ei deilig maske som gjenoppbygger og fukter huda, og som gir deg glød.
Den dufter så friskt og godt.

Det står ofte på masker at du kun skal ha den på i nokre minutt, eg hadde den på i ein time.
Hugs å alltid rense og skrubbe huda før du påfører maska.
Det gjør underverker for tørr vinterhud!

Kremrougen har vakre Emilie fleire ganger tipsa om,
og endelig har eg fått testa den. Utruleg fin farge,
eg har fargen «peachpuff». Det ser så mykje meir naturlig ut,
og det gir meir glød enn vanlig pudderouge som eg har brukt før.

Det fungerer best med kremrouge om du har flytende foundation på deg,
eg bruker denne fra Lancome. Den har concealer i lokket som er
eit stor pluss!

PB100138

Hud, Hår og Skjønnhet. Shopping, inspirasjon ++

MERAKI

18. november 2015

PB080100 PB080105 PB080108 PB080110
Produkter, Meraki (vakrerom.no)

Dei lekreste produkta – eg elsker det enkle designet.
Eg var redd duftene skulle være for sterke, men dei var så milde og gode!!

Eg skulle ønske at alt dette var til meg, men det er det ikkje, he-he..
Eg slo til når dei hadde tilbud i nettbutikken og kjøpte litt julegaver.
Men eg skal beholde noko sjølv, må bare bestemme meg for kva først.. har nemlig lyst på alt!

Ønsker meg produkta sjølv, både oppvaskmiddel og dusjsåpa lukta himmelsk!
Anbefales om du vil unne deg noko ekstra, eller skal kjøpe ein gave til nokon.

Har du prøvd dette merket?

Hud, Hår og Skjønnhet.

HAIRCARE

11. november 2015

PB100115
God morgen!
Eg har fått så mange spørsmål i det siste om kva hårprodukt eg bruker.

Eg har prøvd mykje oppigjennom åra , men dette er produkta eg sverger til no –
og som eg kjøper om og om igjen.

Stylingprodukta eg bruker er Paul Mitchel smoothie «gloss drops» og «super skinny serum».
Gloss drops er litt seig, og den bruker eg til å få ned småhår, tar bare en dråpe som eg  smører i hendene
og klapper lett på toppen av hodet, og litt ned langs sida der det stikker småhår fram..

I tuppene bruker eg super skinny serumet, det gir glans og gjør håret mjukt.
Alle produkta har god lukt, men denne dufter fantastisk, min favoritt!

PB100132
«Ultimate color repair shampoo» er for farga hår, men det finnes for alle hårtyper så klart.
Balsamen «Super strong daily conditioner» bytter eg innimellom med grønn skrift,
denne rosa har fukt og den med grønn skrift har protein. Lurt å veksle litt på det!

Hårkur er eg tom for, men denne er fks. god! (holder med en gang i uka!)

Eg får veldig flokete hår, har alltid hatt det..
Eg fikk anbefalt kombinasjonen av sprayen og børsten. Eg var veldig skeptisk
og trudde det var eit salgstriks, men det funker fantatisk på mitt hår.

Sprayen heiter «Super strong liquid treatment».  Den styrker og reparerer.
Spray i fuktig hår der du har floker, og børst med børsten «Nordic, hair contrast brush».
Børsten kosta ca.169kr der eg kjøpte den.

PB100117Toalettveske, Lulu’s  //  Duftlys, Crisp Champagne fra Voluspa  //

Eg kjøper som regel kun et produkt av gangen då det koster litt.
Det er dryge produkt og ein treng ikkje å overdrive bruken,
det skal ikkje så mykje til! :)

– Kva produkt bruker du til håret ditt?
Har du prøvd nokre av disse?

Hud, Hår og Skjønnhet. Interiør

KVELDSBAD

9. november 2015

PB050024PB050021PB050017
Eg elsker badekaret, det kjem eg virkelig til å savne når eg må flytte..

Det er så herlig med eit varmt bad, men mest av alt så tar eg bad fordi eg har
så mykje smerter i kroppen, og er så stiv i muskler og leddd.
Eg fyller i så varmt vann at det er heilt forferdelig å sette seg ned med ein gang,
men så blir ein fort vandt til varmen. Det lindrer mot muskel- og leddsmertene mine, og mjuker opp.

Ofte har eg ein laptop stående på ein krakk ved siden av badekaret og ein film som står og ruller,
eg syns nemlig at det er litt kjedelig å bare skulle ligge og nyte det..

Eit godt tips er å rense og skrubbe huden før badet og ha på ansiktsmaske
imens du sitter der! Du kan også ta ein rask dusj før badet og ha i ein god hårkur.
Kjekt med alt som kan gjøres i samme slengen. Det er lurt å ha ein fast dag i veka
til å pleie både hud og hår!

God mandagskveld til alle sammen!♦

Hud, Hår og Skjønnhet. Shopping, inspirasjon ++

LACE & SKINCARE

12. oktober 2015

P1019726P1019725P1019720
BH, H&M  //  Smykke, Kate Spade  // Serum, Kiehls  //

Her er to nye innkjøp som eg er veldig fornøyd med!!

Det er er egentlig ikkje meir å sei om undertøyet enn at det er nydelig, og at eg elsker fargen.
Perfekt til å ha under strikk på høsten ;)

Serumet hadde eg både lest og hørt mykje bra om fra før av, så eg var veldig spent då eg fikk det i postkassa.
Eg har normal hud, men både feit og tørr hud i t-sona som er fortvilende..
MEN dette serumet gjorde susen!
For dåke som trur at ein skal unngå all olje om ein har feit hud, så er det feil.
Då vil nemlig huden produsere endå meir olje om den får alt for lite av det..

Eg sverger ellers til Clinique, og eg bruker fortsatt fuktighetskrem, augekrem, rens,
skrubb og maske i dette merket. Eg bruker rens for kombinert hud, og krem for normal hud.

Eg tar kun eit par dråper av serumet fra Kiehls under nattkremen.
Det tilfører mykje fuktighet. Serumet har nattlysolje, omega-6 fettsyrer og essensielle oljer.
Anbefales!

Eg fikk nokre prøver med (desverre, hehe) , så no står det ein
augekrem med avocado på ønskelista!!
Denne her..

Hud, Hår og Skjønnhet. Shopping, inspirasjon ++

SHOPPING

3. juli 2015

P6279076
Kjole, Bik Bok  //  Sko, H&M (skoa er ikkje nye, det er gamle favoritter!!)

P6268905
Eg var ein liten tur innom Illums Bolighus. Nokre kjøkkenhåndduker fra Design Letters blei med meg heim..
Har i svart/kvit fra før av – no kjøpte eg i turkis og rosa

P6268910Foundation, Lancome   //  Leppestift, Chanel  //  Transparent pudder, Guerlain Meteorites  //

Foundationen har også ein concealer i toppen (lokket) – genialt!
Denne har eg brukt fast i nokre år no, og er veldig fornøyd. Pudderet er nytt, men so far so good.
Den dufter så godt, og jevner ut sminken og skal få sminken til å sitte lenger. Den er jo så fin også!!

P6279066 Shorts, Bik Bok

P6268911
Leppestiften heiter Candeur (nr 68)
Den er lys, og nydelig!

P6279068Eg er så glad i Michael Kors veska eg fikk av Øyvind – den er perfekt til både reise og shopping! <3