Browsing Category

Diverse

Diverse Kjærleik

PLANFADDER

6. desember 2016


destiny_med_logo_forside_5
Eg såg første episode av «Heia jentene» i går,
serien går på tv3. Eg såg den på viaplay, men den ligger også gratis på nett som fks HER.

Kjønnsdiskriminering har djupe røtter i rwandisk kultur, og det fører ofte til vold mot jenter og kvinner.
Det er trist å tenke på at det skal være ein så stor bakdel å være jente i mange andre land,
eg kan ikkje forestille meg korleis det må være å leve der. Men ein får litt innblikk i tv-serien.

I serien følger vi Ina Wroldsen, Camilla Pihl og Hallvard Holmen som skal bu på landsbygda i Rwanda.

Etter første person Ina Wroldsen møtte, ei jente som tok vare på to yngre søsken siden mora
hadde reist fra dei, så var eg eg klar til å bli planfadder!
Dei åt berre ein gang om dagen, kjøtt hadde dei ikkje spist siden mora dro for lenge sida.
Jenta som tok seg av søskena måtte jobbe hardt, og gå langt for å få tak i vatn.
Dei var så små, og budde aleine – ingen voksne som tok seg av dei eller gav dei kjærlighet.
Det var så sterkt,  og så vondt å se.

Eg gjekk inn på nettet i går kveld, og søkte på ‘Plan Norge‘, og der kryssa eg av for
kva verdensdel, land , kjønn og aldersgruppe. Du krysser også av for kva pris du vil gi.

Det var så raskt og enkelt å gjøre,
og så avgjørende for dei som får hjelpa.

Vil du bli fadder? TRYKK HER

838548-12-1332022919505

 

 

 

 

 

I dag fikk eg e-post om at det låg bilde og informasjon om fadderbarnet mitt på
‘Min side’ på Plan Norge, og eg følte ein sånn kjærlighet for ho med ein gang eg såg ho ♥

Det er ei skjønn jente fra Rwanda på 6år som bur med mora si i eit lite hus laga av stokker,
med jordgulv inni.  Det tar en time å gå til en plass der det er reint vatn.
Meir kan eg ikkje dele då ein ikkje skal dele navn, bilde og private opplysninger på nettet.

Men eg vil oppfordre dåke til å hjelpe,
eg har støtta fleire ganger med engangssummer, og gir ofte på innsamlinger –
men no var det på tide at eg fikk meg eit fadderbarn.

Pengane går ikkje direkte til fadderbarnet ditt, men til lokalsamfunnet der fadderbarnet
ditt bur. Det ville vært veldig urettferdig for dei barna som ikkje har fått fadder om det berre skulle
gått til fadderbarna. Det blir planlagt og gjennomført prosjekt i samråd med lokalbefolkninga.
Det grunleggande prinsippet til Plan er at hjelpa alltid må rettest til lokalsamfunnet,
og då får jo denne lille jenta det bedre og.
Eg håper at når ho er gammel nok at ho får mulighet til å gå på skulen.

Eg vil understreke at eg skriver dette av fri vilje, og at det ikkje er noko samarbeid.

I disse tider når vi bruker så masse penger på julepynt, gaver og slikt –
så er det fint å bruke litt penger på dei som faktisk treng noko.

————————————————————————————————-

PS. Eg vil også minne på den posten eg skreiv i fjor om Fattighuset i Oslo,
det er desverre mange som ikkje har det godt her til lands også – og det er veldig trist å tenke på.
Spesielt no i jula, og eg håper at alle barn og ungdom her i landet ihvertfall får ei julegave kver.

Lever gaver direkte til dei på kontoret i Oslo, eller send i posten, adressa er i bloggposten HER.
(hugs å ikkje pakke det inn, les gjerne heile bloggposten for tips og informasjon↑)

Diverse Mat / Oppskrift.

IN BED WITH OLIVIA

6. oktober 2015

P9129467
Nystekt croissant, og ein kopp te er alt ein treng!
..det er det som er så fint med croissanter – det er kjempegodt uten noko på også.

Eg elsker forsida på dette bladet, herlige fine farger, og så er jo Olivia Palermo bare så vakker!!

Men ellers skal eg innrømme at magasinet Elle ikkje er heilt mi greie, så dette blir nok siste gangen eg kjøper det.
Eg blei bare så tiltrukket av coveret, haha.. Det skal dei ha, eg har fleire ganger kjøpt bladet kun pga. coveret.

Bladene eg er mest glad i er boligpluss, stellamagasinet, tara mat og diverse andre interiør og matmagasiner.
Kva magasiner leser du?

God tirsdag til alle sammen!

Diverse Kjærleik

WEEKENDS

18. september 2015

weekendI used to love the weekends..

I dont have school, or a job because of my illness.. but it became weekend because of him,
and i always looked forward to it because it meant more time with him.. us.

Now…
i really dont care.

There are no difference between a monday or a saturday for me anymore..
– all days are the same.

Anyway, 
i miss the weekendfeeling.. and i made a collage of how wonderful it can be.
Hope you like it!!

Diverse Mat / Oppskrift.

SATURDAY

29. august 2015

P8229345P8229335

God morgen!!
I dag skal eg sminke meg, kle meg – og gå ut av huset.. !!

– Pause for reaction –

Mamma kjem på besøk, og vi skal prøve oss på ein liten tur i butikker og på kafè..
Det blir rart, men forhåpentligvis godt å komme seg litt ut i verden igjen.

————————————–

Eg hadde ikkje så mange anfall i går (6-7) , og eg håper det fortsetter sånn i dag – fingers crossed!!
Smerter (ledd- og muskelplager i heile kroppen), utmattelse, migrene, kaldsvetting, kvalme og alt
det andre er jo der så klart..og ikkje minst depresjonen, og sorga.

Diverse Interiør

Min påske!

6. april 2015

2015-03-28 15.04.22-1
Håper at alle har hatt ei kjempe fin påske så langt!! 

  • Vi har kosa oss masse med god mat og Dexter på skjermen, hehe.. no er vi kommet til 7 sesong.
  • Eg har klart å trene tre ganger i veka som var, og skal prøve å ta meg ei lita økt på stuegulvet i dag også!
  • Eg har spist alt for mykje snop, wooops. Vi har ihvertfall virkelig kosa oss max ;) Sunne påskeegg er bare ikkje meg desverre, eg føler at det er greit å være ganske strikt i kverdagen – men når det er bursdag/høgtid og slikt så må det være lov å spise ein del tullemat.
  • Vi har vært eit par dager heime hos mamma, (då blei det endå meir snop) der lillebror hadde kommet heim for påska – kjempe koseleg!!
  • Drusar (bandet til Øyvind) spilte ein kveld her i Førde. Eg drog ned rett før dei entra scena og fikk med meg konserten, kjempe bra! Etterpå tok vi nokre øl backstage, kjempe kjekt å komme seg litt ut. Nattmat er alltid eit av høgdepunkta med å gå ut, hihi.. er jo stort sett ganske sunn når det kjem til mat, men når vi går ut kjøper vi oss alltid kebab/burger og sånt;)
  • Eg har så klart smerter, oppkast, migrene, anfall og alt det der innimellom – men alltid kjekkest å fokusere på dei positive tinga!!

2015-03-31 15.14.43Vakre tulipaner som Øyvind kom heim med til påske!!

autograf

Diverse Jul Shopping, inspirasjon ++

Xmas!

28. desember 2014

2014-12-28 14.51.32

Hei!!
Håper at alle har hatt ei kjempe fin jul så langt!!! Her er det masse snø, det er så koselig!! Bildet blei knipsa i hagen til mamma i dag :)

Vi har feira jul hos mamma og kosa oss masse!! Seine og late morninger, deilig mat & drikke, besøk av veninner og familie og masse kosedager i pysjen! ;) Min jul består jo også av mange dårlige dager med oppkast, smerter, og mange anfall/besvimelser – men eg klarer å kose meg likevel.

Vi er tilbake i leiligheta i Førde – her går det i pysj, film, toast og eit glass vin ;)

autograf

Diverse Instagram Interiør

Fredagskos!

8. august 2014

10598344_268374616687160_1013742823_n
Fjøl, HkLiving (vakrerom.no) // Telysglass, TineK  //  Eggeglass, HouseDoctor (vakrerom) //  Kopp/fat, Kremmerhuset //

Makroner står alltid på lista når eg er innom Oslo!! Makronene til Sebastien Bruno på Eger Karl Johan er bare dei BESTE eg får!! Anbefales om du ikkje har prøvd dei før.. såå ferske og mjuke, mmm-m!! ;)

Vi var på Øya på onsdag, og det var knallbra!! Det var den dagen vi var mest interessert i , fikk sett Queens of the stone age, Rival sons, Spidergawd++  Vi lå ei natt på hotell, og tok ein deilig lunsj neste dag før vi kjørte heim igjen.

Øyvind har spillejobb i mårra i Ålesund – så for dei som er der så må dåke få med dåke Drusar!!

I dag blir det tacofredag og film!! Fin kveld til alle sammen :)

autograf

Diverse Hud, Hår og Skjønnhet.

This Is Me.

17. juli 2014

_61A0658_61A0642
Meg med, og uten sminke. Det er viktig for meg og understreke at bildet uten sminke ikkje er redigert i det heile tatt, noko lillebror blei imponert over då han veit kor vanskelig eg syns det er. På bildet med sminke så har eg på meg litt foundation, rouge i kinna, mascara på dei øvre vippene og lypsyl. 

Eg fyller 30år om eit par måneder, men likevel så kjenner eg på presset om å heile tida skulle prøve å se så bra ut, og ikkje minst med å stadig prøve å se bedre og bedre ut.

Sjølv om eg veit at jenter eg ser på film, tv-reklame eller på bilder i eit magasin ofte er retusjert, har på seg mykje sminke, at dei har frisør, makeupartist, stylist og heile pakka som sørger for at dei skal se så bra ut-  så er det nettopp dei eg sammenligner meg med når eg ser meg sjølv i speilet. Og det eg ser, det er eg ikkje fornøyd med.

Eg er ikkje i mot sminke. Men eg tenker at det er begynt å bli litt kokko når ein ikkje kan føle seg vel uten. Greier ikkje å slappe heilt av uten. Eg kan for eksempel ta meg sjølv i at eg har sminka meg i tilfelle nokon skulle ringe på døra. Litt farge i kinna, dekke til urenheter og mørke ringer under augene + litt gloss på leppene.. sjølv om eg er heilt aleine i huset. Bare i tilfelle. Etter at eg virkelig tenkte over dette for nokre veker siden, har eg ikkje sminka meg når eg er aleine.

For kva hadde skjedd om eg hadde åpna døra uten noko sminke? Sjansen er desverre stor for at eg hadde fått eit slikt spørsmål: «Å, er du skikkelig dårlig i dag?»  Det er ofte det ein tenker når ein ser nokon uten sminke. At dei er sjuk, at dei er svært trøtt eller at dei er i dårlig humør. Eg har hørt det før når folk har sett meg uten sminke. «Ja, eg ser at du er veldig dårlig i dag»  – og einaste forskjellen fra dagen før er at eg hadde sminke på meg då.

Eg går jo ofte uten sminke her heime. Eg er ofte veldig dårlig og har null energi til å ordne meg. Eg er likevel veldig obs på korleis eg ser ut til ei kver tid, og det plager meg. Eg syns ikkje at det er særlig kjekt å sitte i sofaen med fett hår, ingen sminke .. og så er det den eine perfekte dama etter den andre på tv-skjermen. Då snakker eg tynn og veltrent (men med kurver på dei riktige stedene så klart), lange augevipper og glansfult hår, ei kvit perlerad av tenner, glatt og nydelig hud, kjempefine klær og ei fantastisk personlighet på toppen av alt.. Eg veit det er mykje falskt, men eg suger det til meg-  og eg tenker dårligere om meg sjølv. Og eg har fleire ganger tenkt at eg skulle ønske eg hadde sminke på meg og at eg ikkje satt der og såg heilt drit ut. Eg trur nemlig at eg ser drit ut når eg ikkje har sminke på meg, og at eg ser heilt ok ut når eg har sminka meg. Aldri fin. Det tenkjer eg aldri om meg sjølv.

Det handler også mykje om korleis ein har det inni seg. Det påvirker ihvertfall meg. Det er klart at når eg er så sjuk og møter så mykje motgang så blir eg deprimert. Det er tunge og lange dager som er prega av sjukdom. Når eg er deprimert så blir eg jo med ein gang meir negativ til alt, som fks. utseendet mitt. Eg tar med alt det negative om meg sjølv i det eg ser meg i speilet. Då tar eg med alt i fra at eg har tjukk mage, ettervekst, sprengte blodkar på beina, til at eg ikkje er i jobb med i vurderinga når eg bare ser ansiktet mitt i speilet. Alt det negative er med i vurderinga – og eg summerer med S T Y G G.  Temmelig fucked up ja. Eg er ikkje heilt klok, hehe..

Eg skulle ønske at eg kunne sei at eg er fornøyd med meg sjølv, og at alle burde være glad i den kroppen dei har – men eg er ikkje det, og eg har dermed full forståelse for at andre tenker sånn også. Men det er virkelig målet mitt er å kunne like meg sjølv. Ikkje bare ansiktet, men heile kroppen. 

Skal eg få til det, å like meg sjølv så veit eg kva eg må gjere. Eg må ta meir vare på kroppen min. Då tenker eg på eit bedre kosthold, og meir fysisk aktivitet. Det er ikkje alltid så enkelt når ein er sjuk, men det er det eg prøver på om dagene. Då meiner eg ikkje hardtrening eller sulting, men med ei fornuftig holdning til det. Eg meiner at ein skal være glad i kroppen sin, men det er ikkje å være glad i seg sjølv om ein eser ut og legger voldsomt på seg. Det er hverken bra for kropp eller sjel. Ein er jo utsatt for mykje meir sjukdom om ein er overvektig, og det er ikkje sunt  – i likhet med at det ikkje er sunt å være opptatt av å skulle være for tynn eller overtrent. Alt med måte er vel stikkordet.

Eg veit kva som skal til for at eg føler meg bedre – og eg er i gang med å jobbe med dei småtinga som eg kan endre på som fks. magen min som eg er så missfornøyd med. Den kan bli bedre med trening. Andre ting eg jobber med er å godta korleis eg ser ut som fks. ansiktet mitt, og å lære å like det. Eg har oppfordra min kjære til å gi meg meir kompliment, fordi eg virkelig trenger det. Han seier jo at han syns eg er nydelig uten sminke, men han må bare fortsette å seie det til eg får det inn i knollen – eg har desverre store problem med å tru på det. I tillegg har eg/vi sett mindre og mindre på filmer eller ting som eg veit kan gjøre meg meir deprimert og missfornøyd med meg sjølv. Eg har åpna døra til postmannen, og det gjekk heilt fint, sjølv om eg tenkte på etterpå at han sikkert tenkte at ho var stygg. Eg jobber med det, og eg skal klare det – fordi eg trur det må være mykje lettere i kverdagen når ein faktisk liker seg sjølv.

Eg håper jo at når sjølvtilliten er bedre og eg har jobba med det ei stund – at eg til slutt kan sjå ei sexy dame og tenke at wow ho var fin, men det er eg og!

—————————————

Nydelig sang og video, med eit viktig budskap.
Om du ikkje har sett musikkvideoen så anbefaler eg den, lytt til teksten og se personene i filmen med og uten sminke. Den heiter Try, av Colbie Caillat.

«Wait a second,
Why, should you care, what they think of you
When you’re all alone, by yourself, do you like you?
Do you like you?

Take your make-up off
Let your hair down
Take a breath
Look into the mirror, at yourself

Don’t you like you?
Cause I like you «

autograf

Dagens Antrekk Diverse Mat / Oppskrift.

Cosy Saturday

14. desember 2013

PC146523PC146491PC146488PC146533PC146503PC146496PC146505PC146499PC146510PC146528PC146490PC146512PC146530PC146500PC146508PC146534PC146520

Det er fleire som har etterlyst bilder fra Pforzheim! Eg har ikkje ork i vekedagene til nokonting anna enn behandling, og så mat i mellom øktene.. det er typisk at det har vært så fint vær og sol dei andre dagene, og idag då eg tok med meg kamera så var det regn og grått! Men vi kosa oss likevel ;)

Her er eit lite bildedryss fra dagens trasking i julegata og middelaldergata her i Pforzheim. Det er utruleg koseleg og gjennomført. I julegata er det masse boder der ein kan kjøpe seg middag som pølser i alle varianter/pizza i steinovn/grilla baguetter, crepes/pannekaker med nutella, masse kaker og godteri, sukkerspinn og smågodt, masse frukt som er dyppa i sjokolade (veldig pop med bananer med sjokolade her!), sjokolade og masse digg.. og så er det boder som selger alt fra smykker, pepperkakeformer, klær, julepynt, lys, kurver/vesker og diverse. Det er julemusikk, skøytebane som både store og små kan være med på, karuseller, masse masse folk og ei kjempe fin julestemning!

I gata over julegata, så ligger middelaldergata. Her er det masse bålpanner som knitrer og brenner, folk som er utkledd i gammaldagse klær, nokon står og smir sverd, andre selger masse rare klær (litt sånn ridderaktige kostymer), mat som er grilla over åpen ild, gryteretter, lefser.. boder med honning og oljer i fine flasker, musikkinstrument, kjøkkenutstyr i tre ++
Her står det alltid nokon og underholder også, enten det er ein merkelig dans, sjonglering eller noko rart. På kvelden er det ekstra koselig med masse fakler og bål, og ei fantastisk stemning!

Fikk du eit lite inntrykk no? Det er ein veldig koselig by! Alt er så voldsomt gjennomført til jul med pynting over alt.. og på kjøpesenteret er det ein nisse i ein kjempestor stol som tar imot ønsker og slikt fra barna, kver dag.. og rundt på kjøpesenteret går ein Willy Wonka(kliss lik by the way) som har ein magisk sjokoladevogn som ungene kan få sjokolade fra, så gøy for ungene!

Eg blir egentlig ganske imponert, eg har jo budd i Oslo eit år.. og eg fant ingenting i nærheten av dette der i jula – og dette er jo bare ein liten by her i Tyskland, men likevel så mykje meir julestemning enn eg nokonsinne har opplevd.. til og med meir enn i London då eg var der i 2011, på shopping før jul med ei veninne. Dette overgår det meste. Veldig imponert.

Vi har kosa oss og spist deilig middag, og eg har ikkje vært kvalm i dag (endå, bank i bordet..)   – så eg slo til med ein dessert!! Vi har drukket deilig peppermynte-te fleire ganger, som dåke ser at Øyvind har på bildet. Det skal vi fortsette med heime, kjempe godt og ikkje minst sunt! Du trenger kun peppermynteblader og kokt vann! Ellers har eg kjøpt meg litt godis, og eit par pepperkakeformer på julemarkedet – dagen har vært den beste hittil i oppholdet når det kjem til helse og humør, hurra!

No er det kun 5 dager igjen til heimreise – vi GLEDER oss!
Eg skal lage ein egen post med oppdatering på helsa om nokre dager. God lørdag alle sammen :)

P.S. Tuusen hjertelig takk for alle dei fine gratulasjonene på posten under! ♥♥

autograf