Mat / Oppskrift.

PLOMMER

23. september 2017

Siden eg har to plommetrær i hagen så føler eg at eg må bruke dei
og prøve meg på litt nye oppskrifter.

Eg har egentlig aldri vært så begeistra for plommer,
eg syns det er kjedelig etter å ha spist eit par stykk.

Men eg syns det er kjempe kjekt å lage noko ut av det,
og blande det med andre smaker.

Så her får du oppskrift på
plommesyltetøy med eple & kanel
«vanlig» plommesyltetøy 

 plomme- og chili chutney
og så kjem det snart oppskrift på plommepai.

Eg deler ikkje oppskrift på paien endå –
fordi eg ikkje var fornøyd med den.
Paideigen smakte godt, og det var også veldig godt med vaniljekrem inni.

Plommene derimot var litt sure,
eg burde nok behandla dei først med litt sukker, og ikkje bare sukker på toppen.
Så eg skal prøve meg ein gang til, og så får vi se om den blir bra,
og då kjem det oppskrift ;)

PLOMME & CHILI CHUTNEY

1 kg plommer
2 stykk grønne epler, i små terninger
1 rød løk, finhakka
1 fedd kvitløk, finhakka
1 rød chili, finhakka (eg tok med frø)
100 g rosiner
400 g brunt sukker
0,5 ts malt ingefær
1 toppa ts malt kanel
1 ts malt koriander
0,5 ts salt
1,5 dl kvitvinseddik

FRAMGANGSMÅTE

Lag eit kryss med ein skarp kniv i kver plomme. Kok opp vann og ha plommene i vannet.
La dei ligge der i 30 sekunder før dei løftes over i isvann(kaldt vann).
Dra av skinnet og fjern steinene.

(Tips: Bruk engangshansker,
eg blei heilt missfarga på hendene, så neste gang blir det hansker!)

Skrell eplene.

Del plommene og epla i passe små terninger/biter og ha dei over i ei gryte.
Tilsett hakka løk og kvitløk, rosiner, sukker og krydder.
Hell til slutt over eddiken.

Kok opp under omrøring.

Senk varmen slik at chutneyen kan stå og putre på egenhånd til den tjukner (uten lokk).

Rør om innimellom.
Min stod i eit par timer.

Når plommechutneyen har fått tjukkere konsistens så kan du
enten stoppe der og ha det over i glass,
eller du kan ta den til side og ha oppi ein pakke med Jam
som gir den endå litt meir tjukkelse/fasthet.
(Eg gjorde dette, Jam med konserveringsmiddel.)

Når den er klar helles den over på reine varme glass.
(Ha glass og lokk i steikeovnen på ei rist på ca 100 grader imens syltetøyet står og putrer.)

Oppbevares mørkt og tørt til glasset åpnes –
oppbevar så i kjøleskapet.

Perfekt til ost & kjekt.


PLOMMESYLTETØY

Eg har laga to forskjellige syltetøy,
eit med bare plommer, litt vann og sukker –
og eit syltetøy med plommer, eple, kanel og lime.

PLOMMESYLTETØY MED EPLE & KANEL

1 kg plommer
1/2 dl vann
400g sukker (smak til)
1 grønt eple
2 kanelstenger
3 ss limesaft (eller sitron, eg hadde bare lime)

FRAMGANGSMÅTE

Skrell eplet og del opp i biter.
Ha heile plommer, vann, sukker, eple og limesaft i ei gryte.
Kok opp og la det småkoke, mos gjerne litt i sammen med ei sleiv.

Når det har begynt å bli flytende kan du legge i kanelstengene,
og fiske ut plommesteinene etter kvert som det løsner.
Eg fisker også ut det aller meste av plommeskallet.

La det småputre i eit par timer.

Fisk ut kanelstengene og kjør syltetøyet med ein stavmikser,
eller du kan la det være som det er. Eg brukte stavmikser.

Ha i ein halv pose med jam syltepulver.

Fyll på reine, varme glass og skru på lokket med det samme.
Sett det gjerne opp-ned og la det stå til det har kjølt seg ned,
oppbevar syltetøyet mørkt og kjøleg.


Det lyse syltetøyet er det med eple&kanel, det som er mørkere er reint plommesyltetøy. 
Begge er kjempegode!

 

PLOMMESYLTETØY NR.2

1 kg plommer
1/2 dl vann
mellom 450 – 500g sukker (smak til)

FRAMGANGSMÅTE

Del plommene i to og fjern steinene.
Ha plommer og vann i ei gryte, kok opp.
La plommene koke til dei er mjuke (tid kan variere med plommesort)
(bruk ein pinsett og fisk opp skall som har løsna)

Rør inn sukkeret til det er oppløst.
Kok opp, senk temperaturen og la det koke til det tjukner.

Eg hadde i ein halv pose med jam,
men du kan og bare ha det slik.
Eg gjekk så vidt over med stavmikser her òg for å få det
glattere, då eg ikkje er så glad i klumper.

Hell syltetøyet på varme, reine og tørre glass,
skru på lokk med ein gang.

Syltetøyet er holdbart i minst 6mndr.

2 Comments

  • Reply Luisa - La Mar 26. september 2017 at 00:06

    Gosh, dette så innmari digg ut! Svigermor pleier å lage, men har så lyst til å prøve selv :)

    • Reply Regine 26. september 2017 at 10:19

      Takk :)
      Ja, du klarer det fint sjølv , kjekt å ha fks laga både brødet og syltetøyet sjølv ;)

    Legg igjen en kommentar til Luisa - La Mar Cancel Reply