Mat / Oppskrift.

SOAKED CHOCOLATE CAKE

14. juni 2017

Alle bør ha ei god oppskrift på ei platekake som ein kan hive sammen i ein fei,
og som ein veit alltid vil være ein slager!!

Den inneholder jo ein del sukker, eg har fleire ganger bytta ut halvparten med
sukrin, og det funker like fint. Det ein bør tenke på er jo at ein (mest sannsynlig)
ikkje skal spise heile kaka sjølv, men berre nokre stykker.

Dette er kaka eg har laga i årevis,
ofte er det enkle det beste.

Den er saftig, farlig god og
sjølv om eg laga ei heil langpanne –
så var dette altså det siste kakestykket som var igjen..
..og no er det borte-vekk ;)

Oppskrift, stor langpanne:

400 gram smør
4,5 dl vatn
6 ss kakao
9 dl sukker
1 beger rømme (3 dl)
4 egg
2 ts natron
9 dl kveitemjøl

GLASUR
100 gram smør
6 ss melk
5 ss kakao
2 ts vaniljesukker
350 gram melis

Sett ovnen på 200 grader. Ha smør, vatn og kakao i ei stor kjele og varm det opp til smøret er heilt smelta. Rør til ei jevn masse. Rør inn sukkeret og pisk inn rømma. Pisk inn ett og ett egg om gangen, rør inn mjøl og natron og rør alt til ei fin deig.

Ha deiga i ei stor papirkledd langpanne og steik den i ca. 30 minutt.

Ta kaka ut av ovnen og prikk den STRAKS med ein gaffel over heile kaka so du får masse små hull overalt. Hell over den VARME glasuren (den lages ved å smelte smøret og blande inn det andre og røre alt godt sammen til ein glatt glasur) og bre den godt utover. Den vil renne nedi hulla og gjøre kaka bløt. Avkjøl på disken.

Den er perfekt å fryse, eller oppbevare i boks i kjøleskapet.
Ofte er den best om ein lar den stå ei stund på kjøkkenbenken så den ikkje er for kald/stiv.

Nyt den som den er – eller ha is / bær til.

Håper det smaker! ♥

4 Comments

  • Reply Marte 26. juni 2017 at 16:22

    Å herlighet, denne så fristende ut! Ingenting er bedre en fersk sjokoladekake! Tror jeg må prøve denne oppskriften :) Har prøvd den sjokoladekaken du har lagt ut før, og den er helt nydelig!

    • Reply Regine 27. juni 2017 at 11:17

      Den er knallgod,
      eg lagde den igjen i går kveld, hehe..
      Så bra du likte den, ja den er også veldig god!

  • Reply Anette 16. juli 2017 at 02:35

    Den skal jeg prøve😍
    Elsker kaker med rømme,de blir så saftige 😁

    • Reply Regine 20. juli 2017 at 00:20

      Håper det smaker!
      Eg syns den er knallgod, og lager den (alt for) ofte!! ;)

    Leave a Reply