Mat / Oppskrift.

KLADDKAKE

25. august 2016

P1015347P1015339

Ingredienser:

Kladdkake:
100 g smør
2 store egg
3 dl sukker
1,5 dl hvetemel
2 ts vaniljesukker
5 ss kakao

Sjokoladefudgeglasur:
2 dl kremfløte
1 dl sukker
1 dl lys sirup
100 g kokesjokolade
100 g smør

Servering:
pisket krem eller vaniljeis

Fremgangsmåte:

Kladdkake:
Smelt smøret. Pisk sammen dei øvrige ingrediensane med ein stålvisp. Tilsett det smelta smøret og bland til ein jevn deig.

Ha deiga i ei rund form (24 cm i diameter) med bakepapir i bunnen.

Steik kaka midt i ovnen ved 175°C i 20 min. Avkjøl kaka i forma.

Sjokoladefudgeglasur:
Ha kremfløte, sukker og sirup til sjokoladefudgeglasuren i ei kjele og varm opp. Brekk opp sjokoladen og ha i.
Rør til sjokoladen smelter. La blandinga småkoke til den tjukner (det tar ca 15 min).
Ta så kjelen av plata og tilsett mjukt smør i klatter. Rør til ein glatt glasur.

Hell sjokoladefudgeglasuren over kaka i forma. Sett forma i kjøleskapet i minst 3 timar (og gjerne over natta).
Då vil glasuren ha stivna til ein tjukk krem.

Løsne kaka frå forma med ein kniv. Fjern kakeringen og dra bakepapiret av kaka frå under sida.
Sett kaka på eit passande fat.

La kaka stå i romtemperatur ei stund før servering,
slik at sjokoladefudgeglasuren får ein mjuk og kremete konsistens.

Server kaka med piska krem eller vaniljeis!
NYT!! ;)

P1015344

Oppskrifta er funnet hos Det Søte Liv!!

Eg har spist fleire stykker med is til, og nokre stykker bare som den er..  eller med bær til ;)
Den er knall god!!

8 Comments

  • Reply Ida 25. august 2016 at 21:47

    Nam! Viktig å kunne kose seg et øyeblikk innimellom også, og den kaka så utrolig deilig ut! Hvilket kamera tar du alle de fine bildene dine med, Regine?

    • Reply Regine 26. august 2016 at 18:06

      Ja, den var kjempe god!!

      Eg bruker olympus pen :)
      Har ikkje den nyeste modellen, men det tar likevel veldig gode bilder..
      kjøpte nytt objektiv i fjor, det er 25mm f/1.8 , fast objektiv. Veldig fornøyd med det :)

  • Reply Marita 14. juni 2017 at 20:07

    Hei! Eg har laga kaka di fleire gongar, og den er alltid like god. På fredag skal eg ha den med på sommarfest med jobben, og då trenger eg litt meir kake. Vil det gå bra og doble oppskrifta å ha den i ei lita langpanne? Må eg i så fall auke koketida på glasuren?

    Takk for at du deler sånne gode oppskrifter :)

    • Reply Regine 14. juni 2017 at 20:35

      Hei, så kjekt å høre!! Ja, den er knallgod :)
      Eg har aldri prøvd å lage den i langpanne før, men om det er ei lita langpanne ville eg dobla den ja –
      eg trur ikkje du må doble tida på koketida, men om du merker at den ikkje er som den skal være, så kan du la den stå litt lenger.
      Kanskje du må øke til 30 min i steiketid også? Du må rett og slett bare følge med,
      håper virkelig at det blir bra!!! :) Viss ikkje, så ville eg kanskje bare laga to runde former, men det er jo litt meir styr så klart.

      • Reply Marita 15. juni 2017 at 19:04

        Takk for kjapt svar! :)
        Eg har berre ei rund kakeform (verdas minste kjøkken), så eg tek sjansen på å doble. Legger igjen ein kommentar etterpå om korleis det går :)

        • Reply Regine 15. juni 2017 at 23:32

          Lykke til!! Hehe, tipper kjøkkenet ditt er bedre enn det eg har for tida :P
          Så bra, er spent på korleis det går :)
          .. og kos deg på sommerfest!!

          • Marita 17. juni 2017 at 14:13

            Sommarfesten var suksess og det vart kaka og. Eg steikte kaka i 25 minutt, då vart den perfekt. Glasuren vart kokt i 22 minutt i ei middels stor panne, den kunne eg ha kokt i nokre minutt til utan at den hadde blitt for hard, men resultatet var absolutt innafor likevel.

            Håper du og Lucy har ei fin helg, og takk igjen for hjelpa :)

  • Reply Regine 17. juni 2017 at 19:17

    Å, så kjekt å høre at både festen og kaka blei bra!! :)
    Takk, det har vi!!

  • Leave a Reply