Mat / Oppskrift.

KLADDKAKE

25. august 2016

P1015347P1015339

Ingredienser:

Kladdkake:
100 g smør
2 store egg
3 dl sukker
1,5 dl hvetemel
2 ts vaniljesukker
5 ss kakao

Sjokoladefudgeglasur:
2 dl kremfløte
1 dl sukker
1 dl lys sirup
100 g kokesjokolade
100 g smør

Servering:
pisket krem eller vaniljeis

Fremgangsmåte:

Kladdkake:
Smelt smøret. Pisk sammen dei øvrige ingrediensane med ein stålvisp. Tilsett det smelta smøret og bland til ein jevn deig.

Ha deiga i ei rund form (24 cm i diameter) med bakepapir i bunnen.

Steik kaka midt i ovnen ved 175°C i 20 min. Avkjøl kaka i forma.

Sjokoladefudgeglasur:
Ha kremfløte, sukker og sirup til sjokoladefudgeglasuren i ei kjele og varm opp. Brekk opp sjokoladen og ha i.
Rør til sjokoladen smelter. La blandinga småkoke til den tjukner (det tar ca 15 min).
Ta så kjelen av plata og tilsett mjukt smør i klatter. Rør til ein glatt glasur.

Hell sjokoladefudgeglasuren over kaka i forma. Sett forma i kjøleskapet i minst 3 timar (og gjerne over natta).
Då vil glasuren ha stivna til ein tjukk krem.

Løsne kaka frå forma med ein kniv. Fjern kakeringen og dra bakepapiret av kaka frå under sida.
Sett kaka på eit passande fat.

La kaka stå i romtemperatur ei stund før servering,
slik at sjokoladefudgeglasuren får ein mjuk og kremete konsistens.

Server kaka med piska krem eller vaniljeis!
NYT!! ;)

P1015344

Oppskrifta er funnet hos Det Søte Liv!!

Eg har spist fleire stykker med is til, og nokre stykker bare som den er..  eller med bær til ;)
Den er knall god!!

2 Comments

  • Reply Ida 25. august 2016 at 21:47

    Nam! Viktig å kunne kose seg et øyeblikk innimellom også, og den kaka så utrolig deilig ut! Hvilket kamera tar du alle de fine bildene dine med, Regine?

    • Reply Regine 26. august 2016 at 18:06

      Ja, den var kjempe god!!

      Eg bruker olympus pen :)
      Har ikkje den nyeste modellen, men det tar likevel veldig gode bilder..
      kjøpte nytt objektiv i fjor, det er 25mm f/1.8 , fast objektiv. Veldig fornøyd med det :)

    Leave a Reply