Kjærleik Livet

EG TRENG MEIR TID

7. juli 2016

sunset-401541_1280-1024x682

Det er eitt år sida i dag,
at eg blei aleine.

Det har vært eit tøft år.

Til alle som sa at det ville bli betre om nokre månedar;
det er ikkje betre. Det er like vondt.

Det er eigentleg
verre.

No veit eg i tillegg kor tomt og trasig det er utan han.
Saknet som er der heile tida.
Kor meiningslaust alt er..

Om ein elskar nokon so går det ikkje berre over,
då må ein først slutte å elske.
Eg kan ikkje berre skru av ein knapp, sjølv om eg ofte
skulle ynskje at det gjekk an.

Ti år er lenge, og det vil ta den tida det treng..
La meg få lov å sørge, la meg få ta den tida eg treng.

Eg saknar kvardagen med han.
Og det at eg ikkje har nokon her med meg lenger.
Eg saknar alle dei tinga som ein tek for gitt når ein er i eit forhald.
Eg har aldri nokon å sovne / vakne opp med, ligge og småprate med i senga i helgene..
Eg må ete alle måltida mine aleine.
Sjå alle filmar / tvprogram aleine, ingen å kommentere ting til når ein ser på noko..
Det er ingen som som reknar med meg i helgeplanene sine lengre, ingen å planlegge noko med..

Eg er jo mykje sjuk som gjer det vanskeleg for meg å vere sosial,
eg orkar ikkje farte, eller besøke folk hit og dit.
So det er veldig lange dagar. Eg er einsam.

(Å ha ein hund er kjempe koseleg og Lucy gir meg mykje glede,
men ein kan ikke prate med ein hund – og det er noko heilt anna..
Nemner det i tilfelle nokon skulle ta det opp i ein kommentar. )

Det er hardt å miste den ein elsker.
Det er ekstra hardt å miste han når ein ikkje er i jobb,
og ein er skikkelig sjuk og ein berre er heime. Han var sola som kom heim til meg kvar dag,
og som lagde struktur i livet mitt. Han gjorde kvardag til kvardag, og helg til helg
siden han var i jobb. Han fikk meg til å le, han trøysta meg og eg var der for han òg so klart..
Eg fikk litt andre ting å tenke på enn meg sjølv, hans liv og hans ting..

Han har gjort so mykje for meg, og vært heilt topp. Vi har mange gode minner.
Eg er takknemeleg for dei åra vi har hatt, og eg ser
sånn opp til han som person.

I mellomtida er eg glad for at eg har verdens beste venn,
som er samme mann. Han er stort sett den som har stilt opp for
meg bortsett frå familie, so kva eg skulle gjort utan han ironisk nok
veit eg ikkje, he-he..

Han har hjulpet meg med min daglege kamp med både sjukdom og depresjon
via telefonsamtaler, melding og ofte besøk, sjølv om han bur langt vekke.

Eg trur at eg etter kvart skal komme meg på beina att.
Det vil ta tid, men ein vakker dag so er eg der.
To år, fem år til, eg veit ikkje –
berre gi meg litt meir tid.

12 Comments

  • Reply Irene 7. juli 2016 at 20:48

    Åhhhh Regine d e så sant å miste noen slutter aldri å gjøre vondt, enten en mister de for alltid eller slik som du nå d er vondt helt jævlig vondt og d er bra du sier d som det er hvorfor legge skjul på d når det gjør vondt og til alle som sier det går over de kan ikke ha fått hjerte sitt knust av sin beste venn. E så glad han enda e i livet ditt men må være vanskelig å vite han ikke er der som før men jeg håper og tror som jeg gjorde sommeren 2015 at en dag finner dere tilbake, whats meant to be will find a way❤️

    • Reply Regine 10. juli 2016 at 16:03

      Takk for så gode ord fine Irene!! <3

      Ja, eg føler at denne type sorg med samlivsbrudd er ein stille sorg
      som ein skal bære aleine. Det er ei veldig tung sorg..
      Ved dødsfall, sjukdom og andre tilfeller så stiller andre folk meir opp - men
      med dette så skal ein bare takle det heilt aleine og bare komme over det just like that..

      Sender deg ein god klem!!

  • Reply Charlotte 7. juli 2016 at 22:23

    Det Irene siger ???

    • Reply Regine 10. juli 2016 at 16:04

      <3
      <3

  • Reply Luisa Fernanda del Mar 7. juli 2016 at 22:53

    Så sårt og ekte. Du har helt rett, det tar tid. Håper at du en dag får slippe kjærlighetssorgen, den er jo så inderlig vond ♡

    • Reply Regine 10. juli 2016 at 16:04

      Takk kjære deg <3

  • Reply Kjersti 8. juli 2016 at 09:36

    Så ekte, ærlig og åpent skrevet. DETTE er realiteten i livet – altfor ofte er sannheten pyntet. Stå på, vær sterk og lytt til deg selv! <3 <3 Du vet best når kroppen er klar for å gå videre! God helg, vakre Regine :) Kos deg med Lucy! <3

    • Reply Regine 10. juli 2016 at 16:07

      Tusen takk Kjersti!!
      Ja, det er ei type sorg som eg føler ein skal hysje rundt, ikkje snakke om og som ein berre skal komme over med eit knips..

      Takk,
      god helg til deg og :)

  • Reply Kari 8. juli 2016 at 19:33

    Så flink du er å sette ord på korleis du har det! Klem til deg <3

    • Reply Regine 10. juli 2016 at 16:07

      Tusen takk Kari, kjekt å høyre!!
      Klem tilbake!

  • Reply Eni 13. august 2016 at 03:20

    Kjærlighetssorg er liksom skammens sorg. En sorg man ikke skal vise, for da er man svak. Men du sørger over så mange ting knyttet til det, så mange andre tap i forlengelsen. Folk som ikke er i din situasjon forstår ikke dette. De kan gå videre på en helt annen måte. Jeg forstår, jeg har som deg vært syk i mange år, måtte slutte å jobbe. Falt utenfor lyver jevnaldrende lever. Ensomhet er vondt og det holder også liv i kjærlighetssorg og depresjon. Kan være du trenger lang tid, men om du klarer prøv å fokuser på ting du klarer og som gir deg glede. Vet det kan være og tungt. Er der er hagelag eller andre foreninger ol du kan delta i? Det er viktig at du møter folk, ettersom det er så lett å isolere seg når man er syk. I en liten bygd er folk kanskje flinkere til å støtte og akseptere. Håper det. Håper du en dag får det bedre. For meg tok sorgen alt for mange år. Skulle ønske den ikke hadde gjort det, for livet er så kort. Men det tar den tiden det må. Lykke til med ditt nye kapittel i livet. ❤️

    • Reply Regine 24. oktober 2016 at 23:53

      Takk for så vakre og gode ord – setter stor pris på det <3

      Det er sikkert lag eller foreninger eg kunne deltatt i , men eg er ikkje heilt typen til det..
      og har heller ikkje ork til noko som er til faste tider. Har meir enn nok med å komme meg
      igjennom dagene med å bare stelle meg sjølv og hunden, lage mat og gjøre husarbeid og den slags..
      men takk for at du tenker på meg <3

      Ja, det tar den tida det vil ta -
      leit å høre at det tok så mange år av ditt liv.
      Håper du har det bedre no,
      klem :)

    Legg igjen en kommentar til Kari Cancel Reply