Mat / Oppskrift.

GRANOLABARS

5. mai 2016

P1013976
Eg prøver å tenke litt på kva eg putter i meg,
og eg vil helst lage det meste fra grunnen av – slik at eg veit kva eg får i meg.
(Colaen har eg gitt opp på å kutte, den må eg bare ha kvar dag.. nokre laster må ein vel ha,
eg drikk ikkje kaffe, men cola er eg avhengig av. )

Eg har konstant lyst på noko godt (desverre),
og eg trengte noko eg kunne ete som ikkje er stappa i sukker når søtsuget kjem.
Eg må nemleg alltid ha noko «godt» etter eg har ete både frukost,
lunsj, middag og kveldsmat.. må ha ein form for dessert.

Dette er eit god alternativ,
men dei er veldig mettande – so eg anbefalar å lage dei både
mindre i breidde og høgde.

Andre gode alternativ er en frisk smoothie,
fruktsalat, eller vaniljekesam med bær..

P1013861
Granolabar med mørk sjokolade:
5 dl havregryn
4dl eplejuice
2dl gresskarkjernar
2dl solsikkekjernar
2dl hakka mandlar
2dl hakka cashewnøtter
2dl hakka tranebær
5ss akasiehonning
1ts kanel

Gjer slik:
Bland alle ingrediensane i ein stor bolle til det blir ei klissete masse.
Ha det over i ein liten bakepapirkledd ildfast form.
Smør massen utover med slikkepott.

Steik på 170 grader i ca. 45 minutt.
Når det har gått 30 minutt tar du ut formen og skjærer ruter,
gjerne litt mindre enn det eg gjorde. Steik så videre i ca 15 min
til dei er gylne på toppen. Pass på undervegs, alle ovner er litt
forskjellige, kanskje du berre treng 10 min til..
Avkjøl på rist.

Når dei er heilt kalde, smelt 70% mørk sjokolade (eller 86% om du har)
i vannbad. Dypp baren i sjokoladen og pynt med til dømes litt nøtter og
meir tranebær.

Nyt!

P1013980

P1013978
Det fungerer perfekt som eit lite måltid,
veldig mykje mat i disse – og metter lenge.

Om du berre skal ha dei som snacks, so kan det vere lurt å dele dei opp i små
firkanta ruter og dyppe i sjokolade. Det skal eg gjere med nokre av dei andre
eg har liggande. Dei er nemleg veldig mektige!!

P1013865P1013979
Fikk du lyst å prøve??

 

4 Comments

  • Reply Fru-brodahl 5. mai 2016 at 19:17

    Ja disse skal jeg prøve ! Nydelig bilde, som alltid : ) Så glad når du deler oppskrifter, har laga mange av de allerede ! Ha en fortsatt fin søndag <3

    • Reply Regine 5. mai 2016 at 22:31

      Håper dei faller i smak om du lager dei :)
      Takk :)

  • Reply Monika 5. mai 2016 at 22:27

    Du vet det kanskje fra før, men søtsuget blir sterkt når man drikker light brus. Man lurer kroppen med å tro den får sukker, noe som fører til at du får et sug etter mer. Altså søtsug dagen lang. Klarer man å venne av seg sukkerfri brus, er man på god vei til å venne av kroppen søtsuget. Meeen dette sliter jeg meg selv, så jeg skal ikke komme med pekefingeren! Bare et tips hvis du ikke skjønner hvorfor du har søtsug ;)

    • Reply Regine 5. mai 2016 at 22:32

      Veit at ein kan få det ja,
      men eg har vært sånn heile livet. Født med søtsug, haha..
      Aldri spist/drukket ting som er light før like før jul faktisk… vært avhengig av cola i ganske mange år,
      men like før jul skifta eg over til cola zero fordi eg tenkte eg skulle få ned kaloriene.. men har ikkje merka noko forskjell
      på søtsuget av den grunn faktisk.. einaste lightproduktet eg bruker, er egentlig ikkje så veldig for light-greier.. :)
      Merka derimot at eg gjekk ned fleire kilo pga. kaloriene!!

    Leave a Reply