Hud, Hår og Skjønnhet. Sjukdom

EG SKAL UNDER KNIVEN

16. mars 2016

429015
..bildet er funnet på google.

Eg hadde eigentleg ikkje tenkt å dele dette med dykk.

Eg vegrar meg for å seie det til andre, og eg skjemst..
Når eg føler det slik, så tenkjer eg at då MÅ eg dele dette med ALLE.

Eg har alltid hatt kompleks for brysta mine.
Dei er ikkje like.
Det er stor forskjellpå størrelsane frå venstre til høgre bryst.

Eg tenkte lenge at eg kom til å vekse det av meg, altso at eg ikkje ville
bry meg om det når eg blei eldre. I tillegg har det jo feila meg so mykje anna
so det har ikkje vært mi viktigaste prioritering akkurat.

Men i forfjor nemnde eg det til fastlegen min.
Det var godt då han var einig i at det var ein betydeleg
forskjell, og eg blei henvist til Plastikkirurgisk avd. på Haukeland.

Eg var på konsultasjon i fjor vår, og eg blei satt på venteliste.

Endeleg, eit år seinare fekk eg brevet –
og eg skal operere grytidleg på morgonen den 30.mai!

Valet mitt er ikkje å gjere det minste
brystet større, men heller å ta frå det største.
Eg vil ikkje ha silikon.

Eg er absolutt ikkje oppteken av å få store bryst,
eg vil berre at dei skal bli meir like i størrelse.
At dei skal passe i ein bh.

Det er nemleg eit dagleg problem.

Kompleksa er jo ein ting, men det som er mest
vanskeleg er å finne ein bh som passar.
Det går jo ikkje!! Det hjelper ikkje med innlegg i bhen,
og figurnære overdelar er ikkje noko kjekt å bruke.
Det å skulle kjøpe undertøy er berre frustrerande og slitsamt.

Det er jo vanleg at ein har forskjellige bryst, det er svært sjeldan at
dei er heilt like. Eg las at 44% av kvinner har eit bryst som er større og eit bryst
som er mindre. Når ein i tillegg tar med at størrelsane på brystvortene varierar,
og at forma på kvart bryst kan være ulik, då har 88% av kvinner to
forskjellige bryst.

Det skulle nesten gått an å kjøpe bh med ulik cup-størrelse!!
Men for dei som har ein halv eller ein liten størrelse forskjell, so går det an å
ordne med eit innlegg på eine sida og det er til å leve med, det vil som oftast ikkje
være nok til å få dekka ein operasjon.
Men skulle du ha stor forskjell som faktisk er merkbar og synleg,
då kan du gå til fastlegen din og sjå om du blir henvist vidare..

Eg meiner ikkje at ein bør gjere det om ein har stor forskjell,
om du har det og du syns det går heilt fint so er jo det kjempebra!
Men det er greit å vite for dei som har kompleks og som aldri
finn undertøy/bikini som sitter.. at det faktisk er hjelp å få.

Det er ikkje noko eg synst er kjekt å dele,
eller har lyst at alle skal vite.. men eg tenkjer at det er desto
meir viktig å dele av den grunn. Det burde ikkje være noko eg
skulle skamme meg over. Det er berre slik eg er skapt.

Eg veit at eg vil få fleire arr,
men det er ikkje så viktig..

2x1mwXnH1002483443-11-1316116539755

Eg gledar meg til å kunne kjøpe undertøy i framtida
som passar, og til å kunne gå  i sommarklede / badetøy
utan å måtte tenkje på dette.

Og det blir digg å ha på seg ein bh som støtter opp og
held begge brysta på plass!! ;)

——————————————————————————-

Etter operasjonen må eg gå med sports-bh dag/natt i 1 månad,
deretter på dagtid i 2 månedar til – og stripse i 3 månedar til saman.
Ikkje kan eg løfte tungt eller anstrenge meg so mykje heller i
ca. 6-8 veker etter inngrepet.

Eg er litt uroleg for at eg skal få mykje anfall etter operasjonen.
Eg spenner jo alle musklar og skyter rygg,
og strekker kroppen alt eg har i alle retningar,
faller og skadar meg ++

Etter forrige operasjon då eg operete inn ei brikke i
brystkassa so blødde det meir etter anfall, fordi eg strakk meg/rykka sånn.
Eller at eg slo knyttneven inn i såret om att og om att under anfallet.
Det er mykje å tenkje på..

I tillegg har eg jo Lucy som eg skal ta meg av, men å gå tur er jo berre
fint å gjere – eg må berre passe på å ikkje styre for masse.
Lettare sagt enn gjort! ;)

Det står i papira at ein må ha pårørande med seg i starten som
passar på deg dei første døgna, og ser an formen din –
og som hjelper med husarbeid/diverse ting ei stund framover.
Mamma og Øyvind stiller alltid opp,  og det er godt å vite! ♥

10 Comments

  • Reply Mari 16. mars 2016 at 19:21

    Flott at du deler! Ingenting å skamme seg over og flott at det fins hjelp å få!
    Du er superinspirerende,husk det!!

    • Reply Regine 17. mars 2016 at 15:37

      Tusen takk Mari, så kjekt å høre at du syns det!! <3

  • Reply Irene 16. mars 2016 at 20:48

    Så flott du tar opp noe så viktig som sikkert få tør snakke om du e så modig? Dette kommer t å gå bra så lenge du har familie og øyvind t å hjelpe deg ittepå.

    • Reply Regine 17. mars 2016 at 15:38

      Tusen takk for så fin tilbakemelding Irene <3

  • Reply Luisa Fernanda del Mar 17. mars 2016 at 07:01

    Jeg syns du er modig som deler ? Og jeg tipper at alt kommer til å gå fint med de fine folka du har rundt deg.

    • Reply Regine 17. mars 2016 at 15:38

      Takk fine Luisa <3

  • Reply Maria 17. mars 2016 at 15:23

    Så bra at du får fiksa det da :-) Absolutt ingenting å skamme seg over. Og så fint at man kan få hjelp til sånne ting :-) Lykke til – godt du har gode hjelpere som stiller opp for deg :-)

    • Reply Regine 17. mars 2016 at 15:38

      Tusen takk,
      ja er veldig letta for at eg kan få det dekka :)

  • Reply Henriette 22. mars 2016 at 23:54

    Du skal gå gjennom samme operasjon som jeg hadde i januar. Jeg valgte og fjerne fra det ene brystet, 200 gram. Det er en helt ny verden nå, bikini, bh og topper er en glede å handle. Det så og si smertefritt for meg, noe jeg har lest mange sier. Det føles mer ut som gangsperr, og jeg brukte kun smertestillende den første dagen. Har selv ME så var veldig skeptisk på hvordan tiden etter skulle bli, og hvordan kroppen skulle reagere. Men alt gikk helt fantastisk. Håper du får samme opplevelse, ønsker deg lykke til! :)

    • Reply Regine 26. mars 2016 at 13:40

      Å, så kjekt å høre fra ei som har gjort inngrepet!! Og så bra å høre at du er fornøyd :)
      Gleder meg til å handle undertøy/badetøy ja!! :)

      Håper eg har like lite smerter/ubehag som deg etter operasjonen, krysser fingrene!

    Legg igjen en kommentar til Regine Cancel Reply